Side 26, del 3
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  26, del 3

Framhald av:  Stykke til 100-års jubiléet
Av Magnus Sørhus. (Desember. 99)


Stemne i gamald tid.  År og personar ikkje kjent.  Veit du det ?

Vitnemålet på stølen

Eg for min del minnest så vel der etter eit møte i min ungdom: Det var eit songkor frå Vikebygd som song. Minnest Johannes Bertin Dommersnes, som seinare år var medlem i styret for Vikestølsmøtene, og som eg vart ilag med i militæret på Ulven i 1934. Dei song: "Jeg råde vil alle, i ungdommens dage at de uti tiden må tenke seg om, - - -" Dette vitnemålet fylgde meg heimatt, og har fylgt meg sidan.

5 brød og 2 små fiskar.

Eit anna minne eg har frå eit Vikestølsmøte: Teksten for dagen var om mettinga av dei mange i Øydemarka med dei 5 byggbrøda og dei 2 småfiskane som småguten hadde med seg. Jesus fekk velsigna desse slik at det vart nok til fleire tusen, og så vart det samla opp mange korger etterpå av det som var att.

- Eg fekk liksom for meg å ha med heimatt noko av dette som var att som åndeleg niste frå øydestaden Vikestølen (-liksom den gongen før i Øydemarka). – Det er noko underleg for meg med Vikestølen. Eg har alltid hatt så lett for å halda plassen der samanlikna med Bergpreika Jesus heldt på fjellet. Det eg fekk med meg heimatt den gongen har fylgt meg sidan. Det var Nils Skrunes som hadde talen for dagen då.

Ole Eikesdal

Ole (Stølen) Eikesdal var med frå fyrst av med desse Vikestølsmøta. I eit intervju med Andreas Lundegård fortalde Andreas, som vel nå er eldstemann i Øvre Vats og tidlegare true Vikestølsmann, om Ole at han nytta hesteryggen som skyss til Vikestølen. Om det var siste gongen han var der, veit eg ikkje, men han ville ikkje vera med på siste møtet der på stølen, sa Andreas. Før han sette seg på hesteryggen heimatt så stilte han seg opp ved den store steinen det på stølen og song ei kjend salme. Og nytta songstemma si gjorde han óg.

Eg har eit levande songminne etter han Ola Stølen, og trur eg vil ta det med her: Etter det i trettiåra blei bygd bedehus i Blikrabygda så vart det sagt at det var ein samlingskrins i Øvre Vats, og me gjekk saman på dagsamlingane som då var. Me opp til Øvre Vats og dei ned hertil, så lenge dei gamle var samlingsleiarar.

Så var det ein sundag at Ole var med far heim til oss etter møtet. Det var vanleg det at dei var med heimom til eit kaffimåltid og ei drøsestund, før dei gjekk heimatt. Ole sat i gyngestolen heime i stova etter kaffien. Kva det då var samtalen kom inn på, veit eg ikkje, men Ole må visst ikkje ha tykt noko om det. Han sat der i gyngestolen, gynga noko litt, og byrja å nynna på ein kjend tone. Snart byrja han å syngja litt, og dei andre stemde i med songen.

Ole lærte meg noko med dette som eg har hugsa sidan. Det har så lett for, når ein er ilag slik, å gjerne gli noko ut med samtaleemnet. Om ein då i den rette stunda kan passa på å venda samtaleemnet over på noko meir verdifullt så kan ein gjerne ha vunne mykje med det. Slik som Ole gjorde den gongen då han nytta songtalenten sin til signing for stunda heime i gamle stova vår. Eit gildt minne etter gamle Ole.

Framhald side 26-4  (klikk her)