Side 1b
Register:

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

- 1 b -

Vikestølsmøtet - 100 år -

~~~ Forord ~~~

Sidan det i år er 100 år sidan det første møte vart halde på Vikestølen i året 1900 kjem me her med eit jubileumshefte, og vonar at det vert lese og oppbevart for framtida, og at lesarane vil få eit innblikk i møteverksemda og Vikestølen. Her er tatt med nokre skriv frå tidlegare, og i tillegg nokre skriv frå dette året. Møteboka vår er frå 1950, så me har dessverre ikkje noko skriftleg frå før den tid.

Første gongen eg fekk sjå Vikestølen var sommaren 1931. Me var nokre slektningar som ein søndag la ut på ein fjelltur til Bukkanibba. Derfrå hadde me god utsikt mot Vikestølen. Den dagen var me ikkje klar over at det var møte der. Ennå ser eg for meg stølen som den gongen syntes langt større enn nå for tida, sidan skogen ikkje hadde trekt seg innover vollen.

Tross størrelsen kan eg minnast at over alt sat der personar. Dei hadde for det meste kvite skjorter og kvinnene i kvite blusar, og ut frå det var det eit vakkert syn. Nokre år seinare, etter konfirmasjonen, var eg der igjen. Når det skulle vera møte på Vikestølen gjekk me alltid opp frå Viland, forbi Hestahilderen, Sjonarehaug, over Storli, og opp mot Klubbhaug, Ragnliahaug, Vidaskar og ned Kleivane, og ned i Vikedalen i nærleiken av der stølen til Vilandsgarden hadde vore, og så over dalbotnen til Vikestølen.

Desse fjellstiane vekte tankane, -for i eldre tid var desse stiane daglege ferdselsårer, avdi budeia gjekk opp frå Vilandsgarden om kvelden, og heimover om morgonen og bar med seg mjølkeholken. Nå er det i dag som å gå på gjenngrodde stiar. Av den grunn må me køyra til Eikås, og fara derfrå på ein god gangsti, og etter ein times gange er me på Vikestølen.

Med dette er ikkje det same som for oss frå Viland. Me som minnast reksteren av folk som for oppover fjellsida. For oss såg det ut som kolonne, sidan dei gjekk i rad, og var gode å sjå der dei fleste ferdast med kvite skjorter. Dei hadde ikkje stor fart, det var som dei let tankane krinsa om dei som i fortida hadde gått same stien mot målet for å tala Guds ord, og lata salmesongen lyda utover Vikestølen.

Karl J. Granberg

~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~