Ein tidleg junidagsmorgon
kring 1910, steig det blå, fin røyk opp frå Vikestølsbua.
Det var seterliv der oppe
den gongen.
Budeia, Talette Helene Alne,
Lena Akslå som ho vart kalla i dagleg tale, hadde teke på
seg å støla for skipsredar Thorsen denne sumaren.
Det var ho som var stått
opp for å koka seg kaffi, før ho byrja på ein ny lang dag,
som teikna til å verta fin.
Røyken steig rett til ver, og det tydde
gleda. Den første såerla fekk ho sjå ut på steinhella i
dag, frå sida, og det tydde og gleda. Men dersom ho hadde
sett erla framanfrå, i bringa, varsla det sorg i året som
kom. Heldigvis, tenkte ho, at det var frå sida. Gauken gol
så vent sør i Plommeliå, og dette var teikn på eit godt
kornår. Høyrde du gauken i nord for første gong om våren,
var det någauk, som varsla død. Gol den derimot i vest, var
det viljargauk, ein fekk viljen sin. Austgauk var giljargauk,
då fekk ein det gildt. |

Frå venstre: Karoline Alne,
Salomon Alne, Lena Alne, Simon Simonsen (Træ),
Torvald Alne (Vedlene) og Ola Veastad.
(Biletet er teke av Salomon Alne. Original utlånt av
Helge Nagel Alne, Vikebygd.)
|