Side 3
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

Side 3

VIKESTØLSMØTE
Birgit Veastad Helland

No er det Vikestølsmøte att.
Me fylgjer stigen så tung og bratt,
Men er me komne på ”Kleiva” opp
Me óg kan stiga på høgre topp.

Langs Longavatnet det går så lett,
Der er ’kje bakkar, nei det er slett.
Me pustar ut til me atter stig
Der Fegjensbrekka fram for oss ligg.

Gå sakte her, kjære vandringsmann,
For elles lett du deg ”sprengja” kan.
Stig opp på høgda og kvil deg litt.
Sjå, framfor deg ligg eit landskap blidt.

Så går du inn langs den vesle tjønn.
Og hjarta fyllest av takk og bøn.
Legg møte fram for den Herre Krist,
Så vert det møte med Han forvisst.

Så er du framme ved Steinen då.
Og der eit skriftord du no kan sjå.
Lat ordet trengja inn i di sjel,
Då finn du kvild, og då vert du sæl.

I flokkar folket kjem langvegs frå,
Til sommarstemna dei no skal gå.
Og bjølleklangen frå beitefé
No ringjer inn, og me set oss ned.

Det vide utsyn frå Vikestøl
Så fagert er, du lyt sjå det sjølv.
Den gamle stølsbua enn her står,
Og elva nedanfor renn så klår.

Og skogen angar så helgefin,
Og kallar oss til si stilla inn.
No kan me sitja og kvila ut.
No eig me ikkje den minste sut.

Så lyder ordet og salmesong.
Så får me høyra det enn ein gong:
HAN er på fjellet med oss ilag,
Og vert forklåra for oss i dag.

Så vert det høgtid for kvar og ein
Som sit der stilt på ein ”benk” av stein.
Og Ordet skaper ”alt nytt” og så
Du kan med frimod til dalen gå.

Fred med dei gamle som gjekk her før
I deira fotefar her me trør.
No deira ”vandringsstav” er lagt ned.
Og desse trufaste saknar me.