Side 1a
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn 
    gjennom tidene
  5. Prolog til 
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til 
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900 
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl 
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

- 1 a -

 

Vikestølsmøtet - 100 år -

2. Juli 2000

Styret for Vikestølsmøtet i dette jubileumsåret har samla ein del skriftleg materiale frå desse hundre åra – som vi presenterer her i dette heftet. Vi vonar du har glede av å kunna lesa om stølen, folka og møta, og også minnast dei som gjennom tidene har stått i bresjen for å samle bygdene til oppbyggjelege møte på Vikestølen.

Redaksjonskommitéen for jubiléumsheftet har vore:
Steinar Skartland, Endre Heggen, Karl J. Granberg


Styret for Vikestølsmøtet ynskjer med dette skriftet å ta vare på, og formidla vidare til  alle trufaste Vikestøls- vandrarar, nokre av dei minnene som ligg igjen etter eit århundre med sommarstemner og forkynning av Guds Ord på Vikestølen. Vi ynskjer også å takka dei mange som trufast har teke turen til fjells i all slags ver for å ta del i møta. Vi har særskilt teke med det vi har funne av historiar og klypp frå ymse aviser, sogeblad m.m., og som minner oss om dei som starta opp møta og stod i bresjen for dette.

Vi vonar minnet om dei kan verta bore vidare, og at du som les dette heftet finn det interessant og inspirerande til å vera med i nye år med møter på stølen. Men mellom alle desse namn og bilete av dei gamle – skal vi ikkje gløyma: Det var for Jesu namn skuld dei møttest – og for å ropa ut bodskapen om Jesu frelsesverk. Det vil vi og vera med på.

Steinar Skartland

Leiar i styret for Vikestølsmøtet