Side 23
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  23 -

Songen og verdet han har.

Av Paul Granberg.


Frå jorda vart grunnlagd, vi høyrer om song.
Gud Fader han såg kva folket hans trong.
Han laga vår tunge, og stemde dei band
slik at vi kan syngja om folk og land.

Dei fyrste som song på vår nyskapte jord
var englar frå himlen, - dei jubla i kor.
Dei hylla sin Herre med song til hans pris,
med heilage tonar - på englevis.

Og sidan har songen fylgt folk etter folk,
med venare toneslag bolk etter bolk.
Frå soga vi høyrer om Øyvind som kvad
i medan kong Håkon varde sin stad.

Budeia som einsam på sætervoll bur
ho syng så det ljomar i mark og i ur.
Og kring ho sit fuglane glade på grein
og kved med si songrøyst så frisk og så rein.

I kyrkja, når salmane vakkert og fritt
når inn i mitt hjarta, då tenkjer eg tidt:
Her har vi Guds rike, og her er hans folk,
og songen er Gud den Allmektiges tolk.

Når korsongen lyder så frisk og så varm,
han grip meg og festar seg inn i min barm.
Ja, songen han lyfter oss opp frå det grå,
og lærer oss livet sitt verd å sjå.

I songen ligg visdom frå tider som kvarv,
ein visdom som fedrane gav oss i arv.
I takksemd til dei vi tek hatten vår av,
og heidrar dei no der dei ligg i grav.

I heimane kringom i by og i grend
er alle med songen og songboka kjend.
Og synest dei dagen fell keisam og tung,
så syng dei, og hugen vert ny og ung.

Eg seier som Sivle, og andre med han
som dikta og skreiv i vårt fedreneland,
at songen, den fyrste eg høyrde på jord,
han lydde så kjærleg ifrå ho mor.

~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~

Paul Granberg var trufast Vikestølsmann, og sat fleire år i styret for Vikestølen. Diverre er han borte nå, som så mange andre som har vandra vegen til Vikestølen. Men minna sit igjen om Paul og dei andre som var med og kalla inn til møte på stølen år etter år. Paul kan vi også minnast gjennom dei mange dikt som han skreiv. Difor har vi teke med litt av det Paul har skreve i dette heftet.