Side 14
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  14 -
Del 1

Stemnestad for Kristne Venemøte Sommarsdag.
Av Lars Dommersnes (skreve 1979)


Samla til Vikestølsstemne ved den gamle hytta.
 

Vikestølen ligg om lag 4,25 km frå gardane i Vikevikjå. Stølen ligg svært fint til i landskapet med utsyn sør– og nordover langs Vikedalen, Moldbrekka, Søre Vasshøgdene og Trollafjellet, austover til Vilandsstølane, Ølensfjellet og Bukkanibbå. Området kring Vikestølen er det gardbrukarane i Nedre og Øvre Vik som eig. Folki som budde på desse eigedomane før, hadde buskapane sine på Vikestølen i sommarmånadane. Like til åri etter den første verdskrigen, hadde skipsreiar Johan Thorsen, som åtte ein gard i Nedrevik, buskapen sin på stølen. I seinare tid gjekk stølsfolket opp til støls nonstider, stelte buskapen om kvelden, låg natta over der oppe og gjekk til bygdars om morgonen og bar mjølki med seg heim.

Sommaren 1900 samlast folk frå bygdene Skjold, Vats, Ølen, Bjoa og Vikebygd til det første Vikestølsmøtet. Sidan har det vore tradisjon med desse kristne stemnemøti på Vikestølen den første søndagen i juli månad. Dersom veret ikkje har vore laglegt den dagen, så har møtet vorte utsett til søndagen etter. For nokre år sidan flytta idrottslaget på Bjoa eit gamalt skulehus frå Utbjoa opp til Vikestølen. Dette huset får ein nytta til møtene no dersom det ikkje er uteverandes ver den fastsette møtedagen.

Neste år er det altså 80 år sidan desse stemnemøtene tok til. Og etter det ein kjenner til er det ikkje mange gonger at Vikestølsmøtet ikkje har vore halde. Det er alltid eit festleg syn å sjå folket koma frå mange kantar langs fjellstigane til stemnestaden. 

  

No er folket ikkje lenger så flinke til å gå til fots når dei skal til møtene på Vikestølen. Etter at vegen frå Bjoa til fjellgardane Eikås og Rotvoll var opparbeidd til brukbar bilveg, er det bilen som vert nytta når ein skal til fjellmøtet. Dei køyrer til Rotvold, og så er det litt motbakke sørover til Høgeråtten, og vidare er det flat gongsti til Vikestølen.

Like etter den første verdskrigen vart det sett i gong arbeid for å få reist eiminnestøtta om det første Vikestølsmøtet i 1900. Det var bonde Lars J. Dommersnes som sette arbeidet i gong. Han sytte også for innsamling av pengemidlar som trongst til arbeidet. Minnestøtta vart transportert av dugnadsfolk frå hovudvegen i Vik og opp til Vikestølen. Det var ein heller tung og vanskeleg transport, for støtta var nokså tung og fjellstien var berre ein vanleg gongsti og køyrande somme stader. Lange stykke laut dei bera støtta på båra. Og difor laut dei vera mange karar i dugnadsgjengen. I første taket nådde transporten med støtta så langt som til Brurasteinen som ligg midtvegs av Longavatnet på sørsida av det. Somme stykke køyrde dei støtta på vedasle og kom andre stader laut dei bera. Støtta vart liggjande til våren kom og snøen vart borte. Frå Brurasteinen transporterte dei støtta i båt til den inste enden av Longavatnet. Derifrå måtte dugnadsfolket bera støtta op den bratte ”Feiensbrekkå” og vidare til Vikestølen.

Framhald neste side - klikk her (s. 14-2)