Side 24, del 1
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  24 -
Del  1

Vikestølen - Vikestølsmøtet

av Paul Granberg


Møtet var mynta på å gå for ein felles ”preikesundag” for nemnde fem sokn. I dei seinare årtider har ein gått bort frå dette, men har hatt som praksis å ikkje lysa til møte på Vikestølen på sundagar der det skal vera preik i Vik, dette ved at storparten av dei som går på møtet er frå Vikebygd.

Møteboka går ikkje lenger attende enn til året 1951. Men fremst i boka er det festa eit utklipp frå Haugesunds Avis - kor møtet i året 1950 er referert. Eg siterte litt frå dette: ”Hans K. Dommersnes som har leia møta i 25 år, helsa alle vel møtt. Han fortalde så om pionerane frå møtet. Det var trongen etter venesamfunn som dreiv desse åndsbrør til å koma på Vikefjellet, til song, bøn, og vitnemål.

Då eg her skal fortelja litt om Vikestølsmøtet, lyt eg fyrst nemna litt om Vikestølen, eller vert det hengjande i lause lufta.

Vikestølen ligg på solsida opp i Vikedalen, høgt til fjells – eit senter mellom Ølen, Vikebygd, Bjoa, Skjold og Vats. I farne tider var Vikedalen meir aktuell enn no, ikkje minst ved at gardsbruk i Ølensvåg og Vik hadde stølsdrift der. På motsett side av dalen, i Nedre Kleivane, ligg Vilandsstølen. Den var og i si tid mykje nytta i sommarhalvåret.

Elva der oppe er grenseskil mellom Vik og Ølensvåg. Før råkast folk ofte på fjellet, og eg er viss på at ikkje sjeldan var folk frå desse to stølane i prat... Det kunne vera budeier, og elles gardsfolka frå båe sider, når det høvde. Innimellom gjekk óg folk over fjellet på kyrkjeveg til nabosokna og då kryssa dei Vikedalen. Kyrkja og kyrkjebakken var óg meir av det ein kallar vennesamfunn, og ein kan halda det rimeleg at det var under slike samkomer dei truande vart samde om å få i stand det såkalla Vikestølsmøtet i slutten av det førre århundre. Det fyrste møtet vart halde sumaren 1900. – Og for mange er det framleis Vikestølsmøtet som kastar glans over Vikedalen.

Det var brørne frå Espeland i Ølen: Osmund, Lars, Sjur og Torbjørn, Lars Eikås – Bjoa, Lars Strand – Skjold, Ivar Bjordal og Vierstad og Dommersnes frå Vik, Per Landa frå Vats og fleire. Dei skal no ha takk og æra for dei tok til med møta året 1900.” Den Dommersnes referenten nemnde, var nok Hans P Dommersnes eller Lars J Dommersnes. (Kan andre seia meir om dette?)

Møteboka går ikkje lenger attende enn til året 1951. Men fremst i boka er det festa eit utklipp frå Haugesunds Avis - kor møtet i året 1950 er referert. Eg siterte litt frå dette: ”Hans K. Dommersnes som har leia møta i 25 år, helsa alle vel møtt. Han fortalde så om pionerane frå møtet. Det var trongen etter venesamfunn som dreiv desse åndsbrør til å koma på Vikefjellet, til song, bøn, og vitnemål. Det var brørne frå Espeland i Ølen: Osmund, Lars, Sjur og Torbjørn, Lars Eikås – Bjoa, Lars Strand – Skjold, Ivar Bjordal og Vierstad og Dommersnes frå Vik, Per Landa frå Vats og fleire. Dei skal no ha takk og æra for dei tok til med møta året 1900.” Den Dommersnes referenten nemnde, var nok Hans P Dommersnes eller Lars J Dommersnes. (Kan andre seia meir om dette?)

Frå andre kjelder har eg namn på fleire veteranar, kor ein del av dei nok var mellom skiparane av møtet. Sjå foto av desse – som er tatt med her. Ein av dei eg manglar bilete av er Lars J Dommersnes frå Vik. Eg har fått opplyst at han var med då stemne-stytta vart reist. Jarntavla er sett fast i steinfundament og har fylgjande tekst:

Framhald side  24 - 2 (Klikk her)