Side 5
Register
:
Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

- 5 -

Prolog til 100-års-jubiléet i versestev.

Av Magnus Sørhus.

Når Vikestølsmøta dei hundre år nå har runda 
me vil i ærbødighet då minnast
dei trauste menn og kvinner som dette påskunda
og einast om der på stølen å finnast -

Ein hjartetrong sikkert me trur det var
å få møtast med medkristne systrer og brør
som same Himmellengselen i seg bar -
frå dei ulike soknar aust - vest - nord og sør.

Det var då denne stølen dei gamle einast om
som midtpunkt for sokna kringom her - 
Det var då og mest sjølvsagt - liksom
den ligg då så passande lagleg til der.

Ein sekel på eit hundre år nå er gått,
og slekt etter slekt har dei samla seg her.
Av Gudsord har det vore rikeleg sått  
til åndeleg nista på vegen for kvar især.

Gildt om noko frå først av me kunne funne
nedskrive og bevart ifrå tida då.
Men heller ikkje er der historiar på folkemunne 
noko som me kan byggja vidare på.

Ved Vikestølshytta  stod Paul Granberg møte 97
og las frå boka si "Tegn og Tid,"
om Vikestølen 75 - 80 årsminne og intervju -
med vakre ord i vers og stev med fotografi.

Så er dei alle desse me kallar veteranar vekk -
Også Paul Granberg er nå ein av dei.
Før neste Vikestølsmøte også han sitt reisebud fekk
Så snart kan vera endt vår livsveg.

Med hunden på vegen han luftetur gjekk
i einsemd ein mørk haustkveld så roleg.
På sykkel ein person uforvarande og til skrekk
for Paul som fall og var død, -men til det fortruleg.

I ærbødighet me vårt blikk slår ned så stille -
for desse som har lagt sin vandringsstav ned.
Det var Himmelvegen dei så gjerne syna ville,
deira minne så sterkt talar til oss om det.

Så er det då me som lever her i dag
som skal denne arven vidare bera.
Syna i gjerning og ord, og vitna i våre lag
at Jesus også nå er lyset og einaste håpet for verda.

Må Vikestølsmøta framleis få bidra til
årlege samlingar om ordet også i komande år.
At nyare krefter også her samla seg vil
med det trur - vonar - og vil ynskja lukka til.