Side 9
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  9 -

 

Helsing til Vikestølstemnet sitt 100-årsjubileum.
Sokneprest Johannes Nedrelid

Gode tradisjonar er viktige å ta vare på, og ein av desse er Vikestølstemnet som vi har kvart år på Vikestølen. Når det no feirar 100 år så talar det noko om slitestyrke i vår tid, der alt skiftar så fort. Alt går i lysglimt i dag og skiftar frå det eine til det andre. Men mitt i dette så har vi nokre trauste ting som står fast, og ein av desse tinga er dette stemnet som har vore kvar sommar i 100 år.

Etter det som eg har fått opplyst, så starta det opp med eit stemne for dei 5 kyrkjesokna som soknar naturleg til Vikestølen. I praksis vil det seie Ølen og Skjold prestegjeld. Stemnet blei til i ei tid då det ikkje var alle dei store kristne samlingane for heile landet, slik vi har det om sommaren i dag. Men dei samlast i sine heimeområder her. Det har også vore lekfolket som har bore fram og har vore drivkrafta i dette stemnet. Eg trur det er fint og positivt å ha denne samlinga som sommaren, då det er pause i mange av dei andre kristne aktivitetane.

Opplegget som vi har i år med friluftsgudsteneste først og møte seinare , synest eg er ei fin ordning. Det har også vore snakka om å innarbeide dette stemnet i gudstenesteplanane for sommaren slik vi har gjort det i år.  Eg vonar at det kan bli årviss, der vi kan dele på oppgåvene mellom Ølen og Skjold prestegjeld.

Det er også eit fint samarbeid der kyrkje og organisasjonar kan gå hand i hand. Eg vonar at Vikestølstemnet kan finne sin plass hos oss i mange år framover.

Ølen 15.06.2000

Johannes Nedrelid
Sokneprest.