Side 13-1
Register
:
Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  13 -
Del 1

Vikestølen møtestad i 100 år
Av Endre Heggen


I vørdnad for dei som gjekk føre.  Norleif Fjeldheim frå Skjold ved minnetavle
som  blei reist i 1914.   I år (2000) er det 100 år sidan det første Vikestølsstemnet.
 

Sundag den 2. juli (i jubileumsåret 2000) vart den årlege Vikestølsstemna skipa til. Og dette året har stemna jubileum. Det er nemleg hundre år sidan det første møtet vart halde, "daa Vennerne fra 5 Sogne Samledes til det første Oppbyggelige Stevnemøde paa Vikestølen."

Ja slik står det skrive på minnetavla som vart sett opp der i 1914. Men det står noko meir skrive på tavla, som desse såkalla "Vennerne samledes om," nemleg ord frå skrifta: "Komer hit til Mig Alle I som Arbeide og er Besværede, og Jeg vil gi Eder hvile " (Matt. 11,26).

Om dette var meir tilfeldig vald eller om det skulle stå som eit motto for Vennerne, ja, så veit me ikkje det for visst. Me må vel tru at det var valt som motto.

Ja, tenk det. I hundre år har desse "Vennerne" frå dei fem soknene Ølen, Bjoa, Vikebygd, Skjold og Vats samlast der inne i grenseland mellom Bjoa og Vikebygd, først og fremst til oppbyggjeleg samvær. Og kvart år seinare har dei samlast den første sundagen i Juli månad - eller ein dato nære - ein trufast flokk, for å vera saman om Guds ord i Guds frie natur. Det var gildt å møtast, for dei fleste var truleg ikkje så vidfarne dei første åra på 1900 talet. Dei kunne såleis ha behov for å møtast - dei hadde mangt å snakkast om med slekt, vener og kjende, og kanskje førre gongen var nettopp Vikestølsmøtet. Men dette møtet var den tid truleg ikkje meint berre for folk frå dei fem soknene, skal ein tru ei annonse som stod i Haugesunds Avis i 1915:

   "Førstkommende Søndag avholdes Vennestevnet paa Vikestølen. Dampskib avgaar fra Haugesund lørdag kl 2 efterm. til Førde, hvorfra marsjeres på god vei til Røgenes og baatskyds over til Vikevik. Fra Førde søndagsaften til Haugesund i 12-tiden."

To dagar for å koma til Vikestølen kunne vel tyda på at dette møtet var av stor interesse for folk også i Haugesunds-området. Den gongen, i 1900, var det dårleg med veg på Bjoa. Hovudvegen mellom Ølensvåg og Vikevik var under bygging, og frå Innbjoa var det fleire kilometer å gå på kjerreveg til Rotvold. Derifrå gjekk dei på skogsstien inn til Vikestølen. I alt var det nok ein to timars tur eine vegen. Frå Ølensvåg gjekk truleg folk over Dueland og over til Tongjen/Eikås/Rotvold, og kom seg inn på skogstien derfrå. Eller somme kanskje valde å gå over Viland og Vilandsskaret og inn Vikedalen til Stølen. Frå Vikevik var det tungt å koma seg opp kleiva den første vegen inn til Longavatnet. Somme valde kanskje å bruka båten over vatnet - og då var resten av vegen kort inn til støls.

Frå Eikesdal i Øvra Vats gjekk vel folk derifrå og over Vikedalen til stemneplassen. Men det var i alle høve ikkje så lett å koma til Vikestølsmøtet då som no. I dag bilar mange til Eikås og har derifrå lett veg inn gjennom skogen. Og frå Vikevik kan ein i dag hjelpa dei eldste som har vanskar med å gå. Traktor eller firhjulstrukken bil kjem seg fram på god traktorveg.

Fortsettelse neste side - klikk her (s. 13-2)