Side 24, del 2
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  24 -
Del  2

Framhald av: Vikestølen - Vikestølsmøtet  av Paul Granberg


”Aar 1900 samledes vennerne fra 5 sogne
til det første opbyggelige
stevnemøte på Vikestølen.
Kommer hit til mig
alle I som arbeide
og ere besværede!
og jeg vil give eder Hvile.”

Matt. 11,28.

I møteboka er av og til oppført kor mange som møtte og det kan nemnast at på møtet i 1965 var der 150 i alt, Dette varierte jo med veret. Eg har sjølv rett ofte vore på møta, heilt frå gutedagane, og var veret godt, var det mange tilstades - ikkje sjeldan 2-300 vil eg tru.

Den gamle seterbua var intakt då, og der fekk ein kjøpa brus og diverse, som var henta opp frå Vikebygd. Og før mi tid – då folk framleis støla der, var det jamvel, "fløytekodla"” å få kjøpt møtedagen, er fortalt meg.

Som alt nemnt var eg tidleg med på møta. Eg budde i Ølensvåg då. Bror min og eg var raske på foten - og tok ikkje heimanfrå før andre var komne langt opp i liene – opp frå Viland.

Eg tykkjer endå å sjå for meg karane skjorteberarma og damene, også gjerne i ljose klede – i sumarvarmen. Ein kunne sjå dei på lang avstand. Eg kan nemna nokre namn som : Sigve Espeland, Sigve Viland (Småje), Osmund Espeland (Nese), Kasper Espeland, systrene Ragnhild og Valgjerd Viland, Alv Viland m.fl.

For oss borna var gjerne ikkje sjølve møtet det mest sentrale, men turen, nistematen og drøsen mellom dei vaksne – rundt kaffikopen.

Eg tykkjer ennå å sjå for meg den kolute kaffikjelen til Sigve Viland, der den hang over varmen ved steinura. Og støtt vanka det turrsild attåt mat og kaffi. Den syrgde Paul J. Og Sigve Viland for. Seinare har det vore Karl Granberg som har hatt turrsild med.

Møtekulturen på Vikestølen har vore fin; stille og lyttande har unge og eldre sete. Og støtt har ein vore heldige og fått tak på gode møtetalarar. For ein del år attende var korsong eitt av innslaga, og det trekte folk til møta.

Det kan nemnast at dei som har stått lengst som formann i styret er Hans K. Dommersnes frå Vik og Karl Granberg frå Ølensvåg.

Ein set stor pris på idrettslaget sitt initiativ med å få oppsett ei fjellstove ved stølen, som fritt kan brukast under møta dersom det er regn.

Folk frå Ølen, Skjold og Vats har no i årevis reist opp frå Innbjoa over Rotvoll, og då tek det vel berr litt under timen til dei er oppe på Vikestølen. Og ved siste møtet gledde det oss at det var komen ny parkeringsplass i skiftet Eikås/Rotvoll. Takk For det!

Tanken som låg bak stiftinga av Vikestølsmøtet, var å vinna sjeler for himlen – og det var ein stor tanke. Dette er og vårt mål som står for møta no. Og det er å vona at det av Guds ord som har blitt bore fra der, har falle i god jord – og ikkje på steingrunn.

Eg vil avslutta utgreiinga med å gjengje prologen eg skreiv og las opp ved 80-årsjubileet for Vikestølsmøtet, kor her óg er med eit foto frå møtet den dagen. Dei som står bak stytta og syng er Sigurd Steinsland og underskrivne. Knut Skårland (talaren) sit med ryggen til. Karl Granberg heiser flagget, og borna der er Ole Marthon, Torhild og Erica Granberg. Øvrige møtelyd kom ikkje med på biletet.

Attende til side  24 - 1 (Klikk her)