Side 15, del 2
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  15 -
Del 2

Framhald frå side 15-1:                    Seterliv på Vikestølen kring 1910
Av Helga Nagel Alne

Frå venstre: Ragnhild Mikkelsen, Gurine Veastad, Signe Tindeland (Vik), 
Elisabeth Vik (Lisa Tre), Bendik Veastad, Valborg Mikkelsen, Osmund Framnes, 
Hans Nagel Alne, Gurine Mikkelsen (Veastad).
Etter kvila bar det nedover til Rabbane i Vik der Thorsen budde. Her leverte ho mjølk og smør, for så å ta fatt på siste kneiken opp Alnaliå, til Akslå.

Det var enno ei tid til middagsleite då ho var heime. Mora hadde så smått teke til å koka middag. Ho var mykje åleine, då faren, Anders Tjerandsen Alne, var i det militære. Syskena hennar, Hans, Soffi, Anna og Salomon var utreiste, anten gifte eller ute i arbeid. Difor kom det vel med at ho kunne hjelpa til på garden midt i dagen. Men når det leid til nons var det å ta ut på ny tur til støls.

I dag var det laurdag, så no trong ho ikkje nedatt før måndagsmorgonen. Og i morgon var det helg, då kom det oftast folk opp til Vikestølen, der dei fekk flatbrød og fløytekolla.

Då vart det triveleg med leik og moro på setervollen.

Når det var gjort, tok ho strompen på ryggen og gav seg på heimveg. Då ho kom ut til Røytetjødnå, letta det ein heilo frå stille vatn, den sende ut sine klagande tonar som gav ekko i Trodlafjellet. Nøkkrosa hadde laga seg til med mange knoppar som stakk opp av vassflata, her vert det endå finare når dei blømer.

Då bar det ned Feiingsbrekkå mot Långavatnet, der eka låg i strandkanten frå kvelden før. Som oftast rodde ho frå Långavatnet, så slapp ho bera strompen. Hadde ho god tid, prøvde ho og å få ein aure ut av Brurasteinen.

Turen utover vatnet gjekk lett, det var tyngre innatt, mot straumen.

Når ho hadde drege eka opp i stranda, var det å ta strompen på ryggen att. Ved Halvardshauglibekkjen sette ho børa frå seg, for å drikka, det var så godt vatn her.

No bar det nedover mot Kleivane, her måtte ho alltid stansa, utsynet over bygda og fjorden var like fint kvar gong. Såg heim gjorde ho og, kva dei gjorde på, ho måtte nok heim og ta del i arbeidet midt i dagen men no ville ho kvila seg litt. Ho sette seg på kvilesteinen, som er forma som eit sete. Segna seier at den er forma slik fordi den har vore brukt i så lang tid at det er merke etter enden.

Så sveiv tankane hennar om alt ikring. Skal tru bjørkelauvet vert godt å farga av? Vert det fin mose til same bruken? Vert det mykje skogsbær tru? Det kunne vera godt med ein munnfull bær når dei vart mogne. Seinare på sumaren kunne ho henta både til sylting og til sal åt byfolk.

  

Bror åt Lena, Salomon H. Nagel-Alne, var ein ivrig fotograf. Han var og på Vikestølen og tok bilete. Filmane den gongen var glasplater. Framkallinga gjekk føre seg heime i kjellaren på Akslå.

Lena var farsyster mi. Ho levde mest alle sine dagar i bygda, og døydde for vel 20 år sidan. Alle bygdefolk over 40 år minnest nok henne. Ho var flink med allslags husflidarbeid, som veving, strikking og farging av garn. Mest heile bygda gjekk til henne når dei skulle ha noko slikt gjort. Skarp i blikket og kvass i tunga var ho, men elles eit godsleg menneske.

Ho var glad i born, og hadde oftast litt å stikka til dei når dei kom med strikkearbeid til henne. Elles var det blomar som var Lena si store interesse, og enno står det mange stader blomar frametter som er komne frå hennar hage.

Eg trur det var avdi dei levde så nær naturen at folk var så flinke med form og fargar den tida.

Soga om Vikestølen er elles ikkje eg den rette til å fortelja.

Helge Nagel Alne

 


Attende til forrige side - klikk her (s. 15-1)