Side 26, del 4
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  26, del 4

Framhald av:  Stykke til 100-års jubiléet
Av Magnus Sørhus. (Desember. 99)


Den gamle trongen.

Det var liksom ein annan trong som låg i folket før, trur eg. Det var jamt over tronge tider økonomisk då. Vanskeleg for mange å få endane til å møtast, som dei sa. Vanskeleg å skaffa nok utkoma til det som skulle til. Sikkert nok var det mang ein gong at ein måtte beda om at det laga seg slik at ein kunne få nok til å betala renter i banken o.a. Og så blei det gjerne ei hjelp så ein kunne bu rolegare til neste forfall. Og då fekk ein så mykje å takka for at det hadde laga seg den gongen også.

I dag er det gjerne slik at ein jamt over klarar seg betre økonomisk, og føler seg såleis meir sjølvhjelpte, og ikkje då treng å beda om det nødvendige, slik som før. - Men då vert det ikkje så mykje å takka for heller. - Ein klarar seg liksom sjølve.

Mon ikkje desse tidene slik også verkar inn på det åndelege livet vårt. Ein føler ein har det godt her - blir lett opptekne av verda –blir så lett dregen med i dette evindelege jaget om å vera på høgd med naboen og helst noko betre både ute og inne. - Men skal tru om det ikkje enno ligg noko på hjartedjupet som ikkje kan tilfredsstillast med dette. - Og i stille nattetimar lengtar etter noko meir fullkome. - Eg vil i alle fall vona det. Og me som kristenfolket - Vikestølsfolk - har ei stor oppgåve i ikkje å gå trøytte på bønevegen for folk og land.

Stigen om Årlia.

Mor mi fortalde at dei i ungdomen hadde gått frå Nedre Vats (ho var derifrå, fødd 1882) og til Vikestølen. På heimvegen var dei innom i Årlia og kjøpte fløytekolla. - Og det er fortalt av ein dotterson til Laurits Årlia (han bur i Førdesfjorden) at Laurits, bestefaren, slo ein skåre til veg for Vikestølsfolka gjennom bøen sin.

Ein gong eg gjekk denne vegen til Vikestølen hadde eg dei 2 gutane våre med meg, Kolbein og Tor. - Kom då ilag med Johannes Velde, som hadde sonen Olav med seg. Andreas Lundegård traff me også den gongen. Eit bilete av dei to gutane våre, er teke ved støtta på Vikestølen. Dei var då vel i 7-8-9 års alderen. Dei 2 jentene våre, Helga og Turid, har óg vore med meg på Vikestølen. Me er alle glade i denne stølen og møta der.

På hesteleiting.

I samtalen med Andreas Lundegård så fortalde han noko om ein Vikestølstur som eg vil ta med her som ei lita skildring om korleis dei hadde det før:

Nabojenta til Andreas, Josefine Birkeland, var butikkjente hjå Lars Landa. Lars hadde hest som han mellom anna nytta til å køyra til Skjoldavik etter brød med nokre dagar i veka. Han hadde beite for hesten oppe på Eikedalsfjellet for å spara på heimebeitet.

Utpå dagen ein dag kom Josefine og ville ha Andreas med seg opp for å henta hesten. Komne opp på høgda der såg dei mange hestar langt nord mot Vikestølen. Dei hadde flokka seg saman der, hestane frå dei ymse gardane ikring. Dei måtte soleis gå heilt til Vikestølen for å henta hesten sin. Komne til stølen var det ein eldre mann der dei traff, som kjende far til Josefine, Andreas Birkeland. (dei eldre kring fjelldraget kjende einannan). Dei blei bedne inn og fekk ei mugge mjølk å styrkja seg på. Det blei middagstider før dei sette seg på hesteryggen for heimturen. Josefine skulle heim med hesten som Lars skulle ha om morgonen til Skjold etter brød.

Årlimannen sin frukost.

Eit anna minne har eg høyrt fortalt om Årlimannen, husmanne der. Han hadde fått fatt i noko korn, og ein morgon tidleg tok han ut med kornsekken på ryggen over fjellet, i tresko til mølla i Trovågen. Komen fram dertil og byrja å mala, så heldt han handa under kverna når den mol, og det var morgonmaten hans, er det fortalt. Så det daglege brødet var det gjerne snautt med i dei dagar.

Framhald side 26-5  (klikk her)