Side 26, del 2
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  26, del 2

Framhald av:  Stykke til 100-års jubiléet
Av Magnus Sørhus. (Desember. 99)


Litt av møtelyden ca. år 1990
Frå venstre: Sigrun Alne, Nils Olav Østrem, Sven Årvik, Inger Alne, Knut Østrem, Paul Granberg, 2 ukjente (bak støtta), Bjarne Alne, Steinar Skartland, Valgjerd Steinsland, Kristin-Elfi Flåto, Marta Marie Aasbø, Hans Asbjørn Aasbø, Karl Johan Granberg, ukjent, Magnus Sørhus.   

Kara glørne saman

Med tanken på desse Vikestølsmøta som dei gamle drog i gong, så var det nok ein trong etter samhald med sokna ikring, og trong etter å koma saman. For å oppmuntra einannan og setja nytt mot i kvarandre i det vidare løpet på Himmelvegen. "Ved å kara glørne saman," som der er eit ordtak etter Per (Myrå) Sjurseike, ”Rokkaper” som han vart heitande avdi han var vidgjeten for rokkane han arbeidde. - Slik at desse glørne kunne varma einannan så det kunne bli varmare mellom kristenflokkane ikring. Noko me og har mykje bruk for i dag også, likeså vel som før i tida. Då ein har så lett for å sløvast og liksom "stivna til i formene."

Noko anna som sikkert også var med og drog dei gamle saman var nok å treffast og få utveksla tankar, spørja nytt frå kristenfronten i grannebygdene og bli meir kjende med kvarandre. Det var ikkje slik då med aviser og tidsskrifter som ein fekk informasjon gjennom. Heller ikkje gjennom telefonen, slik som i dag. Det vanlege var telefonstasjonen i bygda som ein måtte gå til, eller bli budsendt ifrå. Telefonabonnentar var det mest ikkje på landsbygda. For ikkje å tenkja på noko som Radio og Fjernsyn. Folk viste mest ikkje kva det var eingong. Noko som vel helst ikkje har vore til så stor velsigning på kristenfronten, slik det dessverre har utvikla seg. Så det var såleis på folkemunne ein meir fylgde med på det som føregjekk bygdene i mellom.

Eit ordstev i Vatssongen er i grunnen nokså slåande: "Med Forfedrane stundom det gjekk nokså smått, - dog levde dei roleg og godt." - Ikkje rastlaust og opprivande med tida då som i dag.

Møta før som nå.

Men tilbake til samlingane på Vikestølen. Det var nok møte før og etter matøkta då som nå. Og så hadde dei med seg kaffikjelen (ikkje varmeflaska då nei. Den var vel ikkje oppfunnen den heller.) Dei fyrte under kjelen både her og der. Og det rauk frå eldstadane der kjende hadde samla seg. Og praten gjekk livleg og triveleg medan dei venta på dampen frå kjeletuten. Og sikkert ikkje mindre gjekk drøsen rundt kaffikoppane.

Ein talar hadde teksten for dagen for seg den gongen også. Så var det då høve til å utveksla tankar om det som var sagt i høve til teksten, - og utfylla det med gamle kjende bedehussongar som såleis smelta Vikestølsgangarane i saman.

Underleg dette å treffast med brødre og systre frå dei forskjellige kyrkjesokna. - Spørja nytt frå kristenfronten o.a. i dei ulike sokna. Difor var det nok med store forhåpningar dei gjekk til Vikestølen for å treffa gamle kjende. - Og gjekk så heimatt berika med nytt mot i barmen.

Framhald side 26-3  (klikk her)