Næringsliv    -      Vik Skule og Barnehage   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er ca 550 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare kor det også er treningsstudio!  - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.
Lokale websider
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
  BYGDA VÅR
Lag og foreiningar
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Bedrifter i Vikebygd
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd
Kultur - Historie
Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Vikestølen gjennom 100 år

Historiske kjelder
Historisk arkiv IKA-H
Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift
Årvisse arrangement
Vikeputten  
Arrangert 24. april 20
10

Fotballturnering som samla i 2010 heile 69 lag (59 i 2009) og hundrevis av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
Vikesprinten  
Neste arrang. 1. mai 20
10
Orienteringsløp for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
Reportasje/resultat 2010: HER. Reportasje/resultat 2009: HER. Foto frå Vikesprinten 2009: HER
17. mai festen
Flaggheising på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen. Vikebuen er på beina frå morgon til kveld. 
Les her om 17. mai 2010
Nasjonaldagen 2009
Bilete frå 17.mai 2008.
Vikestølsmøtet
Sist arrangert 4.7.2010
Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.  Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2010
Les heftet om Vikestølen her.
 
Vikebygd Festivalen
Neste arr.: 24. juli 2010
Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2010 HER 
Festivalbilete frå 2009 HER   
Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009
Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen.  Her kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.  På stølen er det matsal, konkurransar og utlodning til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen september 2009
Kvamsåsen Rundt
sist arrangert: 7. nov. 2009
Slutt for tradisjonsløpet?
Les meir HER.
Vestlandet sitt hardaste løp i terreng og på veg. 11 km løype, men også løyper for born og familiar:  Halvkvamsen og mini-Kvamsen. 
Bildearkiv 2009 HER.  
TIDLEGARE Løp/Rekordar HER.  
Leksikon
Caplex.no

Søk i 
CAPLEX:

LEKSIKON: Caplex 
LEKSIKON: Wikipedia  
Historiske skrift

VIKEBYGDSONGEN 
Dikta av Birgit Veastad Helland. 
 
Ho levde og skreiv sine dikt og songar i Vikebygd. Etter hennar død tok soknerådet initi-ativet til å gje ut eit utval av dikta og songane i ei bok, kalla "Under kirkens hvelv." Boka kom ut i 2001. Diktet om Vikestølen.

Kontakt soknerådet eller Steinar Skartland om du vil kjøpa boka


I Vindafjord er det to aktive utgjevarar av sogeblad.  Vindetreet vert gjeve ut i samarbeid mellom "Sandeid, Vikedal og Imsland sogelag", "Skjold og Vats sogelag" og "Vikebygd sogelag."  Her kan ein lese korleis det var i gamle dagar i bygdene våre.  Sogeskriftet kan ein få kjøpt  på Vikebygd Landhandel.

Bjoa, Ølensvåg og Ølen sogelag har sitt eige blad, kalla Segn og Soge.


Vikebygd nytt:
DET SKJEDDE I ÅRET 2010:
Her er meldingar som har vore lagde ut på vikebygd.org i år 2010

31. desember, år 2010
Stormfull nyttårsfeiring i Vikebygd
(1.1.2011 Steinar)
Mange i Vikebygd starte oppskyting av fyrverkeri tidleg.  Frå klokka 20 og utover var det jevnleg blink og smell frå rakettar.  Det var meldt auking til liten kuling mot midnatt, mens det var periodar med nokså stille vêr tidlegare.  Likevel, då klokka slo 12 slag midnatt var det eit flott skue over sentrum av bygda. 

Med mildvêr, regn og vind så forsvann fort det flotte skiføret vi har hatt i Vikebygd i romjula.  Les meir HER


Mildt gråvêr og lågt skydekke ved inngang til 2011
Fjella i Vikebygd, innhylla i skodde nyårsafta.(31.12.2010 SteinarS)  Som sagt.... Dersom isen på Skartlandsvatnet (eller Vasslivatnet..) ber hest og mann føre jul, så blir det mildvêr etter nyttår.  Ja, isen bar godt i adventstida, men nå er det + 3-5 grader og regn i lufta.  Fekk mest lyst tl å senda ut ein etterlysing.  Har nokon sett Alna-åsen i dag, eller vikefjella? Men til 1. nyårsdag er det meldt sol.


Tradisjonell julefeiring
Juletrefest på bedehuset

Kjersti fortel om det som hende i julaJuletrefest på bedehuset(29.12.2010 SteinarS)  Laurdagsklubben inviterte til ein tradisjonell juletrefest i romjula. 57 store og små møtte opp og fekk med seg julesongar, andakt, leiker, utlodning og sjølvsagt juletregang. Dette er einaste juletrefesten i år i Vikebygd, utanom skulefesten før jul.  Ein tradisjon vert halden i hevd, men for det store fleirtalet er juletrefest på bedehuset ikkje lengre ein del av juletradisjonen.  Så slutta festen av med store og små i to ringar rundt juletreet.  Her lydde både "Glade Jul" og "Enebærbusk."  Les meir HER


Saknar du noko frå 2010?
(31.12.2010 SteinarS)  På bedehuset ligg gode klede som er attgløymde i 2010. Saknar du noko av dette, så skund deg å kontakta Steinar eller nokon i styret for bedehuset.  Om ikkje eigar melder seg så vert desse kleda fjerna.  (Klikk for å få sjå eit større bilde). 

Attgløymd: Benny Borg Hettegenser Attglymd: Strikka genser, liten barnestorleik Attgløymd: Panneband, hanskar, to paraplyar Attgløymd: Jumper m/trykk: Legends of freedom
Bjørn Borg hettegenser,  Strikka barnegenser,   Pannband/hanskar,  Jumper (Legends)


Det kimar nå til Julefest.
(30.12.2010 SteinarS)  Julafta klokka 16 er det ein flott tradisjon i Vikebygd. I 2010 møtte 232 til denne familiegudstenesta. Den sluttar litt før klokka fem. Så er det ein kort pause før jula skal ringast inn klokka 17:00.  Medlemer av familien Tveit stod også i å for kiminga med klokkene for å markere at: Nå er det julehøgtid.

Trass i eit straumbrot i SØK sin transformator, vart ei flott gudsteneste gjennomført.  Her deltok korpset, Helge Veastad og Arne Tveit med musikk.  Les meir HER


John Magne Svendsbøe utfordrar igjen:
Lyst til å setja løyperekord opp til Vikestølen?
(28.12.2010  Klubben Online: Jon Magne Svendsbøe)  -Kanskje blir det eit motbakkeløp under Vikestølsmarsjen i 2011 frå kaien i Vik til Vikestølen, skriv Jon Magne Svendsbøe på Idrettslaget si web side, og kjem med utfordringa:. 
-Prøvespring og send tida du brukar frå ytterst på kaien til du tek i husveggen på Vikestølen på tlf. 48 18 84 30, så blir tida lagt ut på nettsida.
-Nå er utfordringa: Førstemann til Vikestølen!, skriv Jon Magne, og presenterer sin eigen løyperekord: 52 min i 25 cm snø andre juledag 2010.   Les heile saka...


Kald romjul med skiføre i Vikebygd
(27.12.2010 SteinarS)  Temperatur frå 10 til 15 kuldegrader.  Det knakar i snøen under skorne når vi går ute.  Blå himmel og solskin, det er romjulsveret i Vikebygd. Det fristar med ein tur ut. Men dagen er kort og sola lågt på himmelen. 

Skartland.  Klikk for større bilde
Les og sjå fleire romjulsbilder HER


Julefeiring 24.desember 2010
Straumbrot hindra ikkje gudstenesta i Vikebygd
Helge Veastad og Arne Tveit i vakker samspel under preludiet.  Klikk for større bilde.Vidar Hjelmeland frå SØK trykke ut for å ordna straumen. Klikk for større bilde(24.12.2010)  Ei flott juleguds-teneste sjølv om straumen delvis vart borte i denne delen av bygda. Både elektrikar og SØK rykka ut for å ordna opp.

Dei 232 festkledde som var samla i kyrkjerommet vart møtt med preludium av Helge Veastad (gitar) og Arne Tveit (kyrkjeorgel) i samspel.  Eit straumbrot ute i nettet førte til at dei ikkje fekk fullføra den vakre musikken. Korpset tok over etter preludiet og soknepresten gjennomførte resten av gudstenesta utan høgtalarar. Elektrikar og servicemann frå SØK kom raskt til. Flott at dei stilte villig opp då han vart purra på sjølvaste julekvelden.  Les meir her


Ljosmessa i Vikebygd søndag 19.12.  klokka 19.00

Tradisjonsrik ljosmesse i kyrkja der Speidarane og konfirmantane deltok.


Dyrelivet i Vikebygd
Songsvanene er tilbake i Lisstjørn
12. desember ved Lisstjørn(16.12.2010)  Songsvanene er igjen observert i Lisstjørn i midten av desember. Ikkje mange, men på jakt etter beite i sivet. På det meste var det ein koloni på 60-80 songsvaner som overvintra i Vikebygd. Dei pendla mellom Tindelandstjørna, Bruarvatnet, Lisstjørn, Vasslivatnet og andre vatn lokalt.  Dei flaug i plog med halsen strekt langt framover medan dei ropte med sine typiske svaneskrik. 

Etter at kulden kom tilbake i adventstida, forsvann Svanene på ny. Nyårsafta vart dei observerte i Naustvika. Om nokon har andre interessante observasjonar, så send ei melding til vikebygd.org.  Tilbakemeldingar HER.          Les meir HER


Hanne Jorunn på plass i Skattekammerset med heimelaga produkt for sal.Nytt butikktilbod i bygda i adventstida:
"Skattekammerset" i ei brakke ved landhandelen

(04.12.2010)  Hanne Jorunn Helgeland og Britt Jorun Veastad sette opp ei brakke som nærmaste naboen til Vikebygd Landhandel. Her vart det ein liten butikk for julegåver  pynt.
Les meir HER


Advent og førjulskos
Korpsmusikk, fakkeltog og graut då juleljosa varet tende.
Korpset spelar på Gamlatunet under leiing av Andreas Ulveraker
Omlag 50 møtte fram for å høyra korpset og gå i fakkeltog til Gamlatunet
(26.11.2010 Steinar)  Fredag 26. november samla omlag 50 born og vaksne i tillegg til korpset med 11 musikarar ved butikken  Rolf tende ljosa på juletreet til musikk frå korpset. Etterpå var det fakkeltog til Gamlatunet der det var meir korpsmusikk, sal av graut, kaffi og kaker.  Utanfor hadde to skuleungdomar stilt seg opp.  Amalie og Glenn selde kristtorn til inntekt for klassetur i 7. klasse til våren.  
Les meir HER.
   


Julemessa vart ein suksess
-Det var meir folk enn nokon gong og utstillarane var svært nøgde, kunne Solveig Hortmann oppsummere etter Vikebuen sitt årlege arrangement 20. november 2010. 


Joker Vikebygd og Rolf Alne kåra til Joker sin Servicebutikk i kjeda sitt internmagasin. 
I ein presentasjon over fleire sider vert butikken rosa for service innstilling.  Her får du det du treng - og trening på toppen av det heile. 
Vikebygd Landhandel
Butikken midt i Vikebygd.
Tenning av lys på juletreet.


Fullt hus på flott kyrkjekonsert i Vikebygd
230 var innom kyrkjedørene og fekk oppleve ein flott konsert.
Klikk bildet og hør Bytunet på konserten(14.11.2010 SS)  Om lag 230 store og små frå eit vidt distrikt fekk gle seg over variert musikk og song, kome i stand som initiativ for å skaffa pengar til oppussing av kyrkja. Høgdepunktet for mange var Bytunets Antikvariske Jazzensemble, som verkeleg fekk det til å svinga i kyrkjebenkene.  Kyrkjejazzen med røter i New Orleans er noko som får liv i folk. Men før desse fekk sleppa til var ei rekkje lokale og dyktige artistar på scenen som var bygd opp framme i kyrkja.  
Les meir her, eller sjå i Fotoalbummet .


Leidningsbrot ved Vikebygd Vassverk,  LES HER  
Klikk her for å gå til Vassverket si heimeside-I den tida S.Ø.K har halde på med prosjektet med nedgravning av Høgspent, har vi hatt 8 leidningsbrot ifm avgraving av hovudleidningar og stikkleidninger, fortel styreleiar i Vikebygd Vassverk, Gudvin Skogen.

Les viktige meldingar til abonnentar ved Vikebygd Vassverk,  LES HER 


Hjelp til Aust-Europa
Innsamlinga av klede til Ukraina - fullt vogntog på veg.
Glade og aktive innsamlarar av klede.(27.10.2010 SS)  Tre damer i Vindafjord var sentrale med å samla inn brukt tøy til hjelp for fattige i Ukraina. I Vikebygd var det Brita Laugaland som stod i bresjen med god hjelp av fleire andre, m.a. Bjarne Lunde og Bjarne Alne.  Dei tok i mot 253 fulle sekker på bedehuset.  Om kvelden 28. oktober kom eit 18 meter langt vogntog, saman med Hallvard Hasseløy og 5 menn frå Ukraina. Saman stua dei inn alle sekkene i skaphengaren.
Frå høgre i bildet:  Bjarne Lunde, Bjarne Alne, Brita Laugaland,
Hallvard Hasseløy, Sasha og dei 4 andre hjelparane frå Ukraina.             
Les meir her.


Stein og Grus
Store berg blir til flat landbruksjord
Grus og pukk på Skartland
(10.10.10 SteinarS)  Ståle Jordal knuser ned det eine berget etter det andre.  Det er ikkje små mengder med grus og pukk som blir transportert frå Skartland til byggjeprosjekt og vegar i distriktet.

Tidlegare vart 'Smalahaugen' flata ut.  Nå er også 'Stølshaugen' borte.  Eller skal vi heller seie at den er omgjort til haugar med grus? 
Haust i Vikebygd


Soknemøte, Vikebygd Kyrkje
Ope møte i kyrkja søndag 17. okt.
(12.10.10 SteinarS) Biskopen i Stavanger Bispedømme har utarbeida framlegg til ny gudsteneste-forordning. Dette med-fører ein reduksjon på 300 gudstenester årleg i Rogaland.  I Vikebygd er framlegget om reduksjon på 1 gudsteneste. Høyringsbrevet kan alle få lasta ned og lesa her.

Soknerådet har utarbeida høyringssvar som vart lagt fram i soknemøte.  Dei ynskjer at Vikebygd skal ha to gudstenester om sommaren og gudsteneste fast 1. påskedag.  Dermed ei ordning som gjev Vikebygd same gudstenestetal som i dag.  Men for bygda er dette berre eit høyringssvar.  Biskopen avgjer.  Dei siste åra er gudstenestetalet redusert frå 21 til 15 1/2 pr år.  Nye Gudsteneste former vert prøvd ut.  3. oktober fekk 125 store og små i Vikebygd vera med på "Sprell Levande Gudsteneste" i kyrkja vår.  Dette ga ein smak på kva andre former for samvær ein kan få til.  I Skjold kyrkje vert arrangert ei annan spanande gudstenesteform:  G17-gudsteneste.  Med band, kor, og mange spanande tiltak.


Haust
Ein regnfull dag i vest
Bakkafossen under brua(6.10.10 SteinarS)  Haust igjen.  Rekord nedbør onsdag 6.10, sa fleire.  Vanleg haustdag på vestlandet seier nå eg som ennå er utstyrt med langtidsminne.  Vi  skreiv til og med stilar om regn og storm om hausten, då vi gjekk i skulen. 

Den skulen som snart skal rivast, eller seljast?  Kanskje nokon vil ha ein velbrukt skule heime i hagen?  I eldre tid selde dei heile hus. Desse vart tekne ned og flytta.  Ei skulestove frå Bjoa vart hytta på Vikestølen.  I Vikebygd er er fleire eldre hus kjøpt, selde og flytta på den måten. Men då var dei tømra og solide. Brannvesenet tar visst kr 8.000,- for å ha brannøving på eldre hus.
Men "Bakkafossen" -den var det fart i, ja.  
Les meir om her.


Kateket, Laurdagsklubb og sokneråd laga:
Sprell levande gudsteneste,
Søndag 3. oktober kl. 11:00 i kyrkja

Kvinna frå Serepta møter profeten Jeremia125 store og små møtte til ei flott gudsteneste som tok til med at borna toga inn etter krossen, som vart boren av ein konfirmant. Borna bar inn litt av hausten si grøda og pynta framme i kyrkje. Eit kor av borna i Laurdagsklubben song så flott. Teksten vart framført med skodespel, her var kyrkjevandring med bønestasjonar og fireåringane fekk barnebibelen. Til slutt var det kyrkjekaffi for alle.
Les meir HER


Idrettsbygda Vikebygd
Familie-idrettsdag
(2.10.10 SteinarS)  Dei møtte i alle aldrar for å delta på familieidrettsdagen i Vikebygd.  Ikkje så mange som i Kvamsåsen rundt, men det skuldast vel også fleire andre arrangement same dagen.  M.a. hadde Meieriet opningsarrangement for den nye driftsbygningen til Karl Larsen på Ulvebne og det var loppemarked i Skjold.  Men omlag 100 - 150 frammøtte i alle aldrar, deltok på orientering, fotballdribling, kulestøt. lengdehopp, stylteløp, 60 meter og 400 meters løp.
Les meir HER


Vakre haustfargar i fjellet
(Roald Årvik 26.9.10) Denne vakre naturperla fann Roald Årvik i Vikefjella søndag 26. september. Han tok ei rad flotte bilete frå turen til Morgonsvatnet saman med gutane. Klikk for større bilete frå Morgonsvatnet

- Eg kan jo elles nemna at om det var litt trekk ned i bygda denne søndagen, så var det "røysekatt-stidla" på fjellet, fortel Roald. "Røyskatt-stidla" er jo som alle Vikebuar veit, når det er så stilt at ein røyskatt kan padla over Ålfjorden i ei tørka kumokka.  Les meir Her.


Kyrkjebladet Hyrdingen på nett!

(30.9.2010 Steinar)  Etter at Ølen og Vindafjord kommunar vart til ein kommune, har også kyrkjene her hatt eit tett samarbeid og same Fellesråd.  Noko som også resulterte i felles kyrkjeblad for dei 8 sokna. Nå har redaksjonen i kyrkjebladet registrert domenet (internett-adressa):  hyrdingen.no



Verdsomspennande spel på web:
Nettspel på Nynorsk
Håvard B. Øvregård  Foto: Kjartan Helleve- og på 60 andre språk.
(30.9.2010 Steinar)  Tysdag 28. september kom internettspelet, Hattrick, på Nynorsk! Spelet har kring 850.000 deltakarar over heile verda. Det er omsett til over 60 ulike språk. Over 11.000 brukarar har lag her i Noreg.  Fotball er best på nynorsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Det er veldig artig og gledeleg at nynorsken kan takast i bruk i eit slikt fotballspel på Internett. For nynorsken er det viktigast å vere eit synleg bruksspråk for alle. Då må språket også brukast til slike viktige aktivitetar som fotball.


Vindafjord Kommune (30.9.2010):
Kommunale vegar vert private.

Vindafjord kommune har lagt ned 11 kommunale vegar siste året.
Desse vegane vart private frå 1. januar 2010 eller når dei var opprusta med nødvendig grøfterensk, lapping av hol, kontroll av stikkrenner og liknande. Oppgradering av standard er ikkje gjort.

Vik Kraft
Kraftstasjonen veks

(22.9.2010 Steinar) Betongdemninga veks fram i terrenget.  Ennå er det ope, men på nyåret skal den stengja for vatnet.  Det skal inn i røyr og gje frå seg energien sin til straum.  

Betongveggen 1050 meter ovanfor djupavad.
 


Vindafjord Tomteselskap AS:
Tomter til sals i Vindafjord

. . . . men ikkje i Vikebygd, ratt ennå.  I Vikebygd er nye felt under planlegging i sentrum. Det skal bli liv laga også her etter kvart, noko både Grendautval og rådmann var samde om på fellesmøtet i vår. Folk treng hus og hus treng folk, særleg når bygda veks slik som Vikebygd gjer.
 
Vindafjord Tomteselskap si web side.


Prostidag i Vikedal:
Sokneråda møtte biskopen
Biskop Erling Johan Pettersen i ein inspirerande tale til sokneråda.(21.9.10 SteinarS)  Alle sokneråda i Nordre Ryfylke prosti møttest i Vikedal for å snakka om Gudstenesta som stad for fellesskap og fornying.

Fire soknerådsmedlemar frå Vikebygd deltok på møtet og fekk høyra ein inspirerande og gripande tale av Biskop Erling J. Pettersen som oppfordra til å tenkja visjonært:  - Når ein drøymer, blir det berre ein draum.  Når to eller tre drøymer saman blir draumen til verkelegheitLes meir HER.


Trafikkulykke i Vikebygd:
Utforkøyring på Skartland
(21.9.10 SteinarS)  Eit ektepar i 70-åra frå Haugesund vart sendt til sjukehus etter ei utforkøyring ved 15.45-tida like nord for Skartland. 

Dei var på veg frå Haugesund til Utbjoa og køyrde utfor vegen like nord for Skartland.  Her er ein bratt vegskråning utan rekkverk, langs den smale og svingete vegen.  Det kom raskt tilstades fleire lokale personar som varsla naudtelefonen 113 og fekk støtta opp om bilen då det var fare for at den kunne kvelva vidare nedover skråninga.  Dei måtte ha hjelp utanfrå for å få opp dørene og til å få dei to skadde ut av bilen.  To sjukebilar, brannvesen og legehelikopter vart tilkalla. Kvinna, som køyrde bilen, vart frakta med ambulanse til Haugesund sjukehus medan ektemannen vart teken med helikopter til Stavanger Universitets-sjukehus.  I flg. Haugesunds Avis  står det relativt bra til med begge to og det dreier seg ikkje om alvorlege personskader.

Les meir på NrK.no H-avis.no, Grannar.no


Kyrkja meir tilgjengeleg for handikappa.
(19.9.2010 Steinar S.)  Soknerådet kunne i gudstenesta den 19. september ta i bruk Klikk herein ny skrå platting som gjer det mogeleg å koma heilt opp til altarringen, også for rullestolbrukarar.  Det er Arne Tveit og Berge Thomas Velde som har teke jobben med å byggja denne, og Jens Tveit som har blanda maling for å få den så nær dei opphavlege fargane i kyrkja som mogeleg.

Soknerådsleiar Britt Nelly Ness Tveit takka under gudstenesta dei som hadde gjort dugnad og informerte om kyrkja sine oppussingsplanar før jubileet i 2012. 
- I tillegg til midlar frå kommunen vil det nok vera trong både for dugnad og innsamling av midlar, sa ho.

Les meir HER


50 års jubileum for konfirmasjonen
50 års jubilantane for konfirmasjonen var også inviterte til kyrkja for å markera jubileet. Av desse kunne berre 3 møta av ei gruppe som opphavlege talde 12. Heile fire var gått bort av denne gruppa. Rett etter gudstenesta vart alle inviterte på kyrkjekaffi bak i kyrkja.  Trass i flott sol ute så valde dei fleste å stansa igjen til ein kopp kaffi og gode kaker.  Etterpå samlast jubilantane til middag heime hos Anne Lise.
Klikk her og sjå bilete av jubilantane med ektefelle, utanfor kyrkja.
Johannes Nedrelid intervjuar jubilantane:

Anne Lise (Erdal) Auestad; Else Karin (Egge) Amundsen og Sigrid Helene (Svendsbøe) Leifsen.

Les meir HER


Konfirmantar og jubilantar.
(19.9.10 Steinar)  Søndag 19. september var det familiegudsteneste i Vikebygd, der konfirmantane våren 2011 vart presenterte for kyrkjelyden. 

Britt Nelly Ness Tveit og Johannes Nedrelid under seremonien med utdeling av konfirmantbibelen til 6 av dei 7 som skal konfirmerast våren 2011.     Les meir HER
 


Søk etter slekt i Vikebygd
Med avstamming frå Dommersnes og Alne

Klikk her for å laste ned bildet i stort format(8.9.2010 Steinar)   David M. Shiffer, frå Chicago, Illinois, USA er barnebarn av John Andrew Knudtson, fødd 1865 på Dommersnes. Han var son av Knut Paulsen f.1816 og Britha Hermannsdatter f.1829. David, som også er av Alne slekt, sende eit bilete frå Dommarsnes i 1906.  Fleire i Vikebygd har dette biletet.     
Les meir
om dette og namna på personane på biletet HER.
Med aner på Dommersnes og Alna

- For slektssøk i Vikebygd, sjå her. -


Auke i Turorienteringa.
(18.9.10 Arne Tveit)  Månadens post har hatt ein markert auke, frå 168 stk i fjor til 268 i år. Det er og kjekt å registrera at det er ein del nye namn i boka.
Vinnar av sitjeunderlag.

Dei som er trekt ut blant deltakarane og som får eit sitjeunderlag i reinsdyrskinn er:
  April: Kjersti Bjerga
  Mai: Jonas Sjo Bjerga
  Juni: Inger Bjordal
  Juli: Aasta Hjellestad
  August: Andreas Nesse
O-gruppa takkar for innsatsen og ønskjer velkommen til nye turar til neste år!   Les meir her
 
Roald Årvik
Fjordalangs med båt

(5.9.2010 RoaldÅ) Dei fleste i bygda for vel til fjells denne fine søndagen, andre tok turen andre vegen og ut på fjorden.  Roald Årvik tok nokre bilete frå sjøsida av Vikebygd frå Tonjen til Vikevik.

Du kan sjå bileta her


Einar Marius og Per Øyvind kretsmeistrar i langdistanse-orientering
(5.9.2010 Jon Magne)  På OK Ålgård sitt nye kart Resafjell ved Nedrebø på Jæren blei det edle medaljar til juniorane Einar Marius H. Martinsen og Per Øyvind Valen i solskinet i helga. Einar Martinsen fekk sølv i H40 og var berre 18 sekundar frå gull.
 
Les heile saka på Klubben Online...

Diplom teikna av Ingrid EspelandVikestølsmarsjen 2010
Mykje folk i alle aldrar tok turen til fjells

Mange gjekk til fjells i finaveret(5.9.2010 Steinar) Truleg var det mellom 150 og 200 som la turen til Vikestølen og deltok i marsjen frå Eikås på Bjoa eller frå Vikebygd. Omlag 100 betalte kontingent og fekk ein diplom som i år var ein teikning laga av Ingrid Espeland. Ein skuleklasse fekk i oppgåve å laga teikningar, og Ingrid vann med si teikning.  Les meir HER


GamlatunetGamlatunet:
Biblioteket har opna igjen på gamlatunet.
Frå 1. sept. blir det ope kvar onsdag
kl 17 - 19, med sal
av kaffi og kaker.

15. september, Klokka 17:00 - 19:00 blir Irene Bjørnevik med og viser klede frå "Greenhouse."  
 


KjempepoteterHausten er her
Kjempepoteter

(3.9.2010 Steinar) September og tid til å grava fram poteter frå kjøkkenhagen. Komlepoteter sa dei før.  Men her var det enormt.  Poteter som er 15 cm lange er ikkje daglegdags, og her var det fullt under kvar stilk.  Plassen vart for liten og potetene pressa kvarandre opp av jorda.


Nytt tilbod:
Bok i butikk

(1.9.2010 Steinar)  Joker Vikebygd er ein av fire i kommunen som innfører ' ' 'Bok i Butikk'. - Nå kan du bestilla Bøker, Lydbøker, CD og DVD via internett og få desse utlevert hos Joker Vikebygd, fortel butikksjef Rolf Alne som har fått ein eigen innleveringskasse på Drøsestova. For å få lånekort må du fylla ut eit enkelt skjema som du kan lasta ned HER Brosjyre. Send det til biblioteket eller ved å putta det i ein av innleveringskassane.   Les meir om dette på kommunen si heimeside. ...eller last ned ei brosjyre Brosjyre som fortel om ordninga.


Innsamling til Open Heart Ukraina, v/Hallvard HasseløyHjelp til Aust-Europa
Innsamling av klede til Ukraina
(16.8.2010 SS)  Brita Laugaland vil også denne hausten hjelpa organisasjonen 'Open Heart Ukraina' med å samla inn klede til dei vanskelegstilte i eit fattig land aust for oss.  27. og 28. oktober vert det innsamling av sekker med gode brukte klede på bedehuset. 

Halvard Hasseløy organiserer transport og utdeling.  Så skal du rydda i skåpet i haust, så fyll sekker og set klar. 



O-gruppa:
Rekordforsøk
(28.8.2010 SS) 
Dei første løparane har registrert inn tidene på "Trådlanibbå opp". Både damer og menn har kasta seg med i rekordforsøket, men det krevst likevel ei formidabel treningsøkt for å slå rekordhaldaren, Jon magne Svendsbøe som har tida 28.44.  Han utfordrar alle i bygda til å prøva å slå denne rekorden.   Les meir her (V.I.L. web)


Heidra for lang tenestetid
Sigrund fekk Kongen sitt sølv.

(22.8.2010 Steinar) Indremisjonssamskipna-den sitt Stormøte på Brandøy (Bjoa) søndag 22. august, vart eit av dei største gjennom tidene, med omlag 400 deltakarar i alle aldrar. Under Stormøtet vart Sigrund Thormodsæther heidra for teneste i 40 år som husmor på Brandøy Ungdomsheim.  Les meir HER.


Tangokurs og oppvisning
Vellukka seinsommartango i Vikebygd

Kirsti Johannesen lever seg inn i tangoens mysterium(23.8.2010 Steinar/Birgitte)  Arrangørar og deltakarar var svært nøgde med tangokurset 20.-22. august. Dei 55 deltakarane kom frå eit stort distrikt, men berre ein frå Vikebygd utanom kommiteen.
- Deltakarane var strålande nøgde med alle lokala, kursinnhald, instruktørane og ikkje minst den herlege maten me fekk servert, oppsummerer Birgitte Torbjørnsen då helga er over.   Les meir HER


Anleggsarbeid i Vikebygd
Kabelgrøfter ved kyrkja
(16.8.2010 Steinar)   Langs kyrkja i Vikebygd er det stor aktivitet. Skånevikstrand Maskinstasjon AS har jobb med fleire gravemaskiner med å laga grøfter for ny høgspentkabel.  Ved kyrkja svingar grøfta oppover 15 meter før ho held fram nordover.  Dette for å gå utanom området som er avsett til utviding av kyrkjegarden, omlag 15 meter breidd.

Line Hausberg Bjerga og Tobias Steinsvik ligg i teten i kampen om sprint- og klatretrøya i Nærløpskarusellen!

Ved starten på andre halvdel av sesongen ligg Line på tredelt 1. plass og Tobias på 2. plass i samandraget i kampen om årets sprint- og klatrekonge/dronning i nærløpskarusellen for Haugalandet. 


Per Øyvind fossar mot mål i NM for ungdom i Trondheim.18. og 24. plass i NM til Per Øyvind Valen
Per Øyvind Valen sprang NM for ungdom (14-16 år) i Trondheim i august. I 16-årsklassen fossa han inn til 18. plass på sprinten og 24. plass på langdistansen blant heile 103 konkurrentar!

I langdistansen som gjekk i skogane rundt Jervskogen skiarena ved Hommelvik, låg han etter 3/4 av løpet an til ein 11. plass, men fekk litt bom på slutten. VM-løparane sprang kvalifisering Langdistanse og Mellomdistanse på same kartet. Bra prestasjonar, Per Øyvind!   
Les heile saka på Klubben Online (O-gruppa).

Den lovande orienterings-løparen Per Øyvind Valen melder frå og med haustsessongen 2010 overgang til H.I.L. Les meir her (V.I.L. web)


Klikk på bildet for å gå til artikkelenNorway Cup Oslo, 1.-7. august 2010
Skjoldar/Vats/Vikebygd J14
på Norway Cup 2010

(12.8.10 Svein Å.Hjorteland)  J14 laget med spelarar frå Skjoldar/Vats/Vikebygd deltok på Norway Cup på Ekeberg 1.-7.august 2010. Skjold IL hadde sikra seg totalt 100 plassar på Ekeberg Canping. Her budde dei i lag med mange lokale lag: Skjold IL, Falkeid, Djerv 1919, Vindafjord, Stegaberg og Skjoldar/Vats/Vikebygd. Her er laget i kamp mot Bring Children, frå Uganda 
Les meir HER, eller sjå bileta i Fotoalbummet


Sommartradisjon fredag 13.august
Basar på bedehuset
Vikebygd har ein aktiv kvinneforening for sjømannsmisjonen, eller Norsk kyrkje i Utlandet, som det heiter.  Dei møtest regelmessig på kjøkkenet på bedehuset. 
Her er nytt frå sjømannsmisjonen sitt arbeid og andakt.  Så held dei sjølvsagt
oppe tradisjonen med handarbeid. 

Kvar sommar vert det basar.  Så også i år på fredag den 13. 
Andakt var ved Einar Andreassen, og song ved Sarons Damene


Vikebygd festivalen 24. juli.
Arrangert for 9. gong

Flott ver, omlag 1500 deltok. 
268 var med i fiskekonkurransen.
Festivalsjef Øyvind Valen lovar endå større arrangement neste år då det vert 10 år sjubileum. 
Les meir HERvikebygd.org. eller på h-avis.no


Fekk du ikkje sjå TV-Haugaland frå Vikebygd?  Klikk her!TV-Haugaland med program frå Vikebygd 20. juli
Sommar på Haugalandet - Vikebygd.

Sjå TV-Haugaland sitt TV-program
frå Vikebygd - HER

 



Speidarane i Vikebygd på landsleiren:
Link til fotoalbumGrønn Action på Lista 3. - 10. juli.

Bilete frå leiren ligg på fotoalbumet:
speidarleir.vikebygd.org

Bilete:  Fredag - Måndag 
Tysdag-Onsdag 
Sjå også speidarsida

Vik Kraft reiser seg over Djupavad. 
Bilete frå BG Suldal AS sitt arbeidDemningen 1100 meter ovanfor Djupavad(6.7.2010 SS) Det er ennå langt igjen før det renn vatn gjennom den 1050 meter lange røyrgata som får eit fall på 153 meter frå demning til turbin.  Dimensjonen på røyra er 800 mm og fallet vil gje eit trykk på 15 bar ved innløpet til kraftstasjonen.
Bilete frå bygginga kan ein sjå HER
.
Eit kraftverk reiser seg
Meir om Kraftverket på Djupavad: mars  april 

Mange ville til Vikestølen på friluftsmøte
(4.7.2010 SS)  Det tradisjonsrike stemnet på Vikestølen samla 60 deltakarar søndag 4. juli. Sola vermde så godt at det første møtet vart ute.  Likevel auka vinden så på at ettermiddagsmøtet vart flytta innandørs med litt færre deltakarar enn første møtet. 
Les meir om: Det 110. stemnet på Vikestølen
 


Stor dugnadsinnsats fornyar Vikestølen
Ola Harald, Einsleg svale med malarkosten på hytteveggen.(3.7.2010 SS)  Styret for Vikestølshytta hatt fleire dugnadsøkter opp i fjellet i vår.  Nå er ny bordkledning komen på plass på nordveggen og på inngangspartiet. 
 
-Kledningen i Nord var heilt roten, fortel Jarle Sandsgård som sit i styret frå Bjoa.  Hyttestyret er likt fordelt mellom Vikebygd og Bjoa med utgangspunkt i idrettslaga. 

Dei andre veggene er måla tidlegare, men her i nord måtte ny kledning på plass først.  I tillegg har dei arbeida med å så sett opp ny flaggstong.  Den gamle jernstonga var sterkt angrepen av rust.  På Vikestølsmøtet søndag 4. juli var den nye stonga for første gongen i bruk.  
Les meir om
Dugnad på Vikestølen


Ei bygd i sterk vekst!
(29.5.2010 Steinar)   Det har vore jamn tilflytting til Vikebygd dei siste åra.   Grendautval og kommunen er opptekne av å få på plass fleire byggjeklare tomter. Eit nytt byggjefelt / utviding av Liofeltet i sentrum er på gong med kort veg til skule, barnehage, kyrkje, bedehus, bygdahus, serveringsstader, trimstudio og butikk.   Balløkke vert laga mellom Lio 1 og 2. Med ein fiskerik fjord og båthamner like nedanfor er det ikkje til å undrast over at folk strøymer til denne vakre bygda.
- Her skulle eg gjerne bu og la borna veksa opp, tenkjer stadig fleire. 
Les meir her.  


Ei bygd i sterk vekst!
100 elevar og barnehagebarn
- Den 31.mai 2010 vart det til saman 100 born på Vik skule og barnehage.
- Me blir 64 elevar på skulen og 36 barn i barnehagen.
- Elevtalet på skulen har auka med 50% frå 2006 og til nå, Skriv ein jublande rektor på framsida av utgåve nr 4 av " Kontakten" (Kontaktorganset for Vik Skule).

Les meir her.


Steinar Skartland med armane fulle av lopper.Loppemarked i Vikebygd.
(26.6.2010 Steinar)  Fullt hus, både av lopper og kundar, var det som møtte dei som kom innom gamleskulen i Vikebygd 26. juni.  Mange fann nyttige og fine ting i hyllene. For mange var det ei rein skattejakt å ta turen til loppemarkedet som laget "Vikebuen" stod for. Pengane nyttar dei til ulike gode tiltak i bygda.

Les meir HER.


Folk koste seg på Bryggjebakken i Vikebygd
(23.6.2010 Steinar)  Laget 'Vikebuen' inviterte til feiring av St.Hans på Bryggjebakken, nede ved båthamna.  Omlag 150 møtte fram og kunne kosa seg i kveldssola og med gode vener.
Les meir her:
St.Hans på Bryggjebakken


Vikebygd Idrettslag har i styremøte 1.6.2010
vedteke å leggja ned Kvamsåsen Rundt.

VIL vil i staden satsa på å utvida fjorårets nyvinning: Barnas Idrettsdag til
Familiens Idrettsdag,
med allsidige aktivitetar ein gong i haust.  Eller kva med nytt løp ”i takt med tida”, motbakkeløpet ”Trådlanibbå Opp”.
 
Les meir herSlutt for Kvamsen?


Ny leiar i Vikebygd Idrettslag
(21.6.10 Steinar)   Ved årsmøtet i idrettslaget vart Åge Holsbrekken vald til ny leiar.  Laget har stor aktivitet i høve til folketalet.  Etter 28. år med Kvamsåsen Rundt ser det ut til at det kan gå mot slutten for dette løpet dersom ikkje nye vil ta over og dra dette vidare, skriv styret i ei pressemelding. VIL vil i staden satsa på å utvida fjorårets nyvinning: Barnas Idrettsdag, til Familiens Idrettsdag, med allsidige aktivitetar ein gong i haust.  Eller kva med nytt løp ”i takt med tida”, motbakkeløpet ”Trådlanibbå Opp” same dagen?   Les meir herNy leiar i Idrettslaget


Speidarsamarbeid rundt jorda - Besøk frå Madagaskar
(20.6.10 Steinar)   Ei gruppe speidarar frå venskapskommunen til Vindafjord, Ihosy på Madagaskar, var på besøk fram til 10. juli og deltok i ulike aktivitetar i kommunen. 
Fredag 25, juni var dei med på speidarmøte i Vikebygd.


Næringsprisen til Kjell Erik Gangstø
(15.6.10 Steinar)   Kjell Gangstø i Gangstø Transport vart tildelt næringsprisen frå kommunen for sitt arbeid med å byggje opp ei verksemd innan transport og gjenvinning.


Klikk her for å sjå film frå Jokerbutikken i VikebygdNoreg Rundt frå Vikebygd

Fekk du med deg Vikebygd Fitness Club på NrK Norge Rundt 11.juni?
 Klikk biletet for å gå til NrK
og sjå innslaget igjen her på internett.


Grannar:
Butikken i Vikebygd svindla

(10.6.2010 Grannar)  Rolf Alne i Joker Vikebygd er blant dei mange butikkane som er svindla av ein haugesundar, skriv avisa Grannar. Han synest det er litt flaut, men meiner samstundes at bedrageriet var utspekulert.
 
Les meir i GRANNAR her .


Stadnamn i Vikebygd
Kva namna fortel om staden
(11.6.2010 Steinar)   Rune Birkeland, som sender sine beste helsingar frå Korea, har engasjert seg i spørsmålet om kva stadnamna i Vikebygd tyder, og viser til flg. link til professor Oluf Rygh sitt bokverk: Norske Gaardnavne. Desse er lagt ut på internett, og universitetet i Oslo har laga ein søkemotor kor ein kan søkja opp namn og tydingar. Prøv denne HER. Interessant lesing som ofte viser oss andre tydingar enn dei som ligg nærast tanken vår. 

Les meir her Kva namna fortel


Turstiar i Vikefjella
Ruta mellom Trollafjell og Trollanibbå er no merka
Line og Else ryddar stien til Trollanibbå
(30.5.2010 Øyvind V)  Ruta mellom Trollafjell og Trollanibbå er no merka. På initiativ frå speidargruppa var det laurdag 29.mai dugnads-arbeid på fjellrutene i bygda. Seks mann frå speidargruppe og idrettslag deltok.

Les meir her


Konsert i kyrkja i Vikebygd 30. mai.
(29.5.2010 Steinar)   Takk og Song - Salmar til alle tider, var tittelen som Sjømannsmisjonen hadde sett på arrangementet dei inviterte til. Gjennom songar og tekstlesing, musikk og trusvandring fekk dei 95 frammøtte vera med på ein time til meditasjon og ettertanke. 

Etter kvart som folk kom til kyrkja og gjekk inn til meditativ musikk av Palmer Vistnes, vart dei møtt av Brit Nelly Tveit som ga kvar og ein ein liten stein.  Den skulle vera eit symbol på børene som vi ber på.  Seinare i konserten vart desse steinane samla inn i ei korg og boren fram til krossen ved alteret til forbønshandling. Les meir HER 


Vassverket satsar på internett og digital kommunikasjon
(29.5.2010 Steinar)   Årsmøtet i styret for det lokale vassverket valde Gudvin Skogen til ny leiar. Han ynskjer å ta ei aktiv rolle og vil i større grad enn før bruka internett til kommunikasjon med abonnentane og bygdefolket.  Nå har han teke initiativ til å få laga ei ny informasjons-side der styret legg ut viktig informasjon for brukarane med jamne mellomrom.
Vikebygd Vassverk AL si web adresse er: 
www.vikebygdvassverk.no

Ei bygd i vekst
(29.5.2010 Steinar)   Det har vore ei jamn tilflytting til Vikebygd dei siste åra.   Grendautval og kommunen har vore opptekne av å få på plass fleire byggjeklare tomter. Eit nytt byggjefelt / utviding av Liofeltet i sentrum er på gong med kort veg til skule, barnehage, kyrkje, bedehus, bygdahus, serveringsstader, trimstudio og butikk.   Det pågår arbeid med å laga ny balløkke mellom Lio 1 og 2.
Les meir her.   


Vassrenna ga kraft til sagaTurstiar i Vikebygd
Bjordal og Långåsdalen
(24.5.2010 Steinar)   Ein av dei mest brukte turstiane i bygda går frå Bjordal og innover til Långåsdalen.  Søndag 23. mai var det stor valfarting her av folk i alle aldrar.  Nokre tok seg kanhende også ein tur bortom den restaurerte saga i Bjordal.  Ikkje lengre i bruk til skjering av tømmer, men eit lite museum som syner korleis ein greidde seg i eldre tid før straumen kom til bygda.  I dag er Bjordal sjølvforsynt med straum frå eige kraftverk i elva.  Den gong vart vasskrafta nytta direkte til drifta av saga. 

Les meir HER 


Feiring i Vikebygd 17. mai
-slik Vikebuen plar gjera det
 
(17.5.2010 Steinar)   Det vart ein flott dag i Vikebygd.  Frå Roald Årvik & Co heiste flagget på Trodlanibba, og vidare med flaggheising i parken ved speidarane og korpset; gudsteneste i kyrkja med over 160 deltakarar; folketog med flaggborg, korpsmusikk, skuleborn og barnehage russ og blide fjes.  Så heldt det fram med leiker og kafé for store og små på bygdahuset.  Og om kvelden - sjølvsagt folkefest med lokal underhaldning og talar. 
Les meir og sjå bileta,
her


Fjellturen Kristi Himmelfartsdag
Nutatur til Ulserhaug
God og ny oppmerking av stigen til Ulserhaug(13.5.2010 Steinar)   Det var ein del som nytta dagen til å gå innom nutane i Vikefjella. Om veret var litt grått og våren ennå er i sin tidlege fase, så var var det fint å vandra innover mot den 631 meter høge Ulserhaug. Fleire stader i nordvendt terreng låg det ennå snøfenner. Hjorteavføring viste at det ikkje berre er menneske som nyttar fjellet.

Les meir om Fjelltur til Ulserhaug her

 


Dugnadsbygda Vikebygd
Finpuss av kyrkje og park
Arne Tveit og Rolf Alne i ferd med å beskjera gamle tre i parken
(11.5.2010  Steinar)  Ein flott dugnadsgjeng møtte ved kyrkja 11.mai for å la uteområda få vårpussen.  Singelgangar og blomebed vart reinska for ugras og mose før leiaren, Brit Nelly Ness Tveit, planta nye fine blomar. Kolbein Sund og GeirKlikk her for stort bilde av Kolbein og Geir i aksjon med fliskuttaren Vårvik gjorde dei siste restane av det nedbrekte treet om til flis før andre lødde opp igjen noko av muren som var rasa ned. Treet skada nokre gravminne som ein vonar kan reparerast. Sjølve treet har fleire delt på å fjerna, og skal nok varma eit par heimar til vinteren. 

Les meir om Dugnad ved kyrkja, her


Jokeren i Vikebygd inviterer inn på si nye heimeside  Klikk deg rett inn på Rolf si heimeside

(9.5.2010 Steinar)  "Alt for kunden" er motto for Rolf'en, som både kan invitere inn til ein kaffikopp på Drøsestova og til trim og fysisk fostring i kjellaren.  Der er han på plass med Joker Vikebygd Fitness Club. På butikken hans får du det meste...
Les meir om Joker Vikebygd HER  


Speidartroppen på tur
Utemøte ved Bakkafossen
(7.5.2010 Else V & Eli N)  5. mai var hadde speidarane sitt tradisjonelle utemøte ved Bakkafossen.  Les meir og sjå bileta som Eli og Else tok, HER


Bumiljø
Ny leikeplass på Liofeltet
(6.5.2010 Ragnar Vikshåland) Vindafjord kommune anlegg ny lekeplass/ balløkke på Liofeltet (mellom Lio 1 og Lio2). Entreprenør A. Alne har fått jobben med å opparbeida:
  • 40m ny gang og sykkelveg
  • 11m oppgradering av gang og sykkelveg
  • 270m2 grusa leikeplass/balløkke
  • 66m 160mm drensgrøft
  • 85m sti.
Arbeidet vil starte før 17 mai.
 

Båthamna
(2. mai 2010)  Bygda har ei flott hamn som er veleigna for turistar som kjem sjøvegen. 
Les meir på linkane nedanfor:

Båthamna   
BAAT.NO   
Havna.com   
Motorbåtforeningen   
Gjestehamner 
Vikebygd Motorbåtforening   

Gjestebrygge til 10 båtar med toalett, dusj, strøm, vann, diesel, slipp, sjøsettingsrampe, søppel- konteinar. Kort veg til Plassabakeriet og Vikebygd sentrum.  Djupne: 2,0 m.  Fortøying: Kai
Totalt har Vikebygd 40 gjeste plassar fordelt på Plassabakeriet og båthamna. 


Ingri Peikli, best av damenePM Vikesprinten 1. mai
O-løp i sentrum av Vikebygd

(1.5.2010 Steinar)  150 deltakarar møttest til Vikesprinten som O-laget i Vikebygd arrangerte for 16. gong på 1. mai.  Dei minste hadde eit eige opplegg med småtroll, og 25 fekk eit tidleg møte med O-sporten gjennom dette.
Les meir her
Resultatliste   
Strekktider         
Resultatliste pr. klasse 


Internett
Vassverket satsar på internett og digital kommunikasjon

(30.4.2010)  Årsmøtet valde Gudvin Skogen til ny leiar i styret for det lokale vass-verket.  Han ynskjer å ta ei aktiv rolle som styreleiar og bruka internett til kommunikasjon med abonnentane og bygdefolket.  Han har teke initiativ til å få laga ei ny informasjonsside:
www.vikebygdvassverk.no
der han som leiar i styret legg ut viktig informasjon for brukarane med jamne mellomrom.

Som første melding her er lagt ut oppfordring til eksisterande abonnentar om å registrera inn si personlege epost-adresse og dermed melda seg på løpande informasjon frå vassverket.


VIKEPUTTEN 2010
Rekordoppslutning i jubel og glede

Klikk her(24.4.2010)  Aldri har det vore så mange fotballag på turnering i Vikebygd.  69 lag var påmeld.  700 born deltok.  100 vaksne var på dugnad og dersom det var 2 familiemedlemar med kvar deltakar så var over 25000 store og små på beina i jubel og idrettsglede. Kanskje så mange som 2500.  Vikebygd Idrettslag vanka ros frå alle på eit fantastisk arrangement.
Les meir HER
 

Energi
Kraftproduksjon med
rein energi tar form

(18.4.2010 Steinar)  Kommunestyret handsama i april møtet Landbruksplan for Vindafjord 2009 - 2014, som m.a. utgreier ener-giproduksjon og Vasskraftverk. I Vikebygd er i drift eller plan 17,5 mill kWh.
Les meir her


Klikk herI opplag på Dommersnes
Gigantlekter til kai
(18.4.2010 Steinar)  Vindafjord kommune har leigd ut kaiplass på Dommersnes til to enorme lekterar.  Den første er på plass og er oppankra like utanfor helikopter-dekket/bustad-modulen som er plassert på kaien.   Lekterane gjev god inntekt til kommunen i form av avgifter.    
Les meir HER
 


Tur-orientering
Kjøp kart for turorientering på butikken
(12.4.10  Arne Tveit)  Nå er endeleg årets turorientering på plass og O-gruppa ynskjer Klikk hervelkommen til ny sesong.  I år er det ein fin tur på austsida av Malasetvatnet, og på Svendsbø. Vidare kan me anbefala ein tur som endar ute på Svendsbø-øynå. Det er og turar på austsida av Vikebygd sentrum.

Som før er månadens post på plass der du er med i trekning om gevinstar. Nytt av året er at nokre av postane er plassert ved kulturminne av ymse slag.

Kart får du kjøpt på butikken i VIKEBYGD,
eller på bensinstasjonen i Skjold.  God tur!


Grendautvalet
Rådmannen møtte grendautval og lokalpolitikarar
Klikk her(12.4.10)  Leiar i Grendautvalet, Rune Hetland, poengterte at her i Vikebygd har vi fokus på det positive.  Vi vil ikkje nytta møta i grendautvalet til å fokusera på negative forhold med berre å kjempa mot nedleggingar, men fokusera på kva vi kan få til her i bygda.  Gjennom denne fokus skaper ein tru på framtida og folk får lyst til å slå seg ned her. 

Rådmann Birkeland rosa bygdene i Vindafjord for å ta initiativ og få i gong ting sjølve.  dette er unikt med bygdene her.  Rådmannen fekk og fleire spørsmål om den fiskeoppdrett ved Buholmen. Les meir frå Møtet i Grendautvalet, HER

 


Konsert
Konsert med tre korps
(11.4.10 Steinar)  Skjold skulekorps saman med  Vikebygd Skule- og ungdomskorps gjekk i saman om å arrangere søndagskafé med konsert på Bygdahuset i Vikebygd, søndag 11. april kl. 15:00. I tillegg til desse to røynde korpsa så hadde dei fått med seg Karmsund Brass som tok dette som ei øving på musikkstykka dei skal framføra i Skien på korps festivalen: Grenland Brass. Totalt var det 85 musikarar.

Korpsa frå Skjold og Vikebygd spela og fleire stykke saman, og vi merka oss at det var musikkantar som gjekk igjen både i desse korpsa og i Karmsund Brass.

Les meir omKorpskonsert og kafé HER
Sjå fleire bilete HER. 


Fotball
Vikebygd sitt største idretts-arrangement er planlagt
(10.4.10)  Idrettslaget har igjen sendt ut invitasjon til
Vikeputten 24. april 2010
.

- Til saman 69 lag, 10 fleire enn i fjor har meldt seg på og blir med i år. Faktisk måtte me seia nei til fleire som kom etter fristen, seier Rune Hetland til Vikebygd.org.   -Eg håpar inderleg at dette blir ein triveleg turneringsdag! 

Last ned invitasjonen HER.   Sjå kampoppsett for Vikeputten HER.


O-løp
To manns stafett på Svendsbø Øyno.  Les meir her 

KM-natt sølv til Per Øyvind Valen!
(9.4.10 Vikebygd O-gr.)  Per Øyvind sesongdebuterte fredag natt med KM natt på Tittelsnes i Sveio. Han slo til med sølv bak Øystein Garsrudt Tvedt i H15-16 klassen. Orienteringsløp
Les resultatliste på Sveio OL web.


Klikk herVinterskader
Snøen vart for tung for trea Klikk her
(
1.4.2010 Steinar)  På tur i skogen ser vi tydeleg resultata av det kraftige snøfallet i desember. Tre, buskar og greiner har brotna av.  Dei sperrar stigen der eg går.  Må kanskje ha med øks på neste skogstur for å rydda veg?


Om påske feiringa
(2.4.2010 Steinar)  Kyrkjeklokkene ringjer.  ljomen breier seg ut over bygda.  Kallar inn til samling i kyrkja.  Dagane har namn som skal minna oss på kvifor vi feirar påske. Skjærtorsdag tyder renselse. På denne siste dagen i fastetida skulle Jødane reinsa seg før påskehøgtida. Skjærtorsdag betyr renselsestorsdagen, og viser for oss til Jesu fotvask av disiplane og innstifting av nattverden. Så kjem langfredag då Jesus vart dømd, krossfesta og døydde. Ikkje for si eiga skuld, men på alle menneska sine vegne. Så at kvar den som trur på Han, ikkje skal gå fortapt, men ha eit evig liv. På den tredje dagen sigra han over døden, stod opp og synte seg for menneska. Då feirar vi første påskedag. 


Tur til fjells?
Nutakassane er ute
(30.3.2010 Steinar)  Speidarane har også i år sett opp nutakassar på 6 fjelltoppar i Vikebygd. Det vert ståande fram til seinhaustes.  Her kan turgåarar skriva seg inn for å få nutamerke eller vera med i konkurransen om Nutastavane.

Les her om kor fjelltoppane er.


Inneklima i barnehagen
Radonalarm i barnehagen
(29.3.2010 Steinar)  Målingar av Radon-gass i Vikebygd barnehage syner verdiar langt over tiltaksgrensa.  Gj.sn.verdiar er målt heilt opp i 498 Bq/m³ luft. Tiltaksgrensa er 100 Bq. Når ventilasjonsanlegget er på går verdiane ned til akseptabelt nivå, men kommunen lyt setja i verk tiltak for å lufte ut grunnen under bygget.  Les heile saka her
Les Grannar sin reportasje

Les rapporten om Radonmålingar i Vikebygd.


Bedehuset
Fullt hus på årsmøte og basar
(26.3.2010 Steinar S)  Fredagskveld, rett før Palmesundag, har det vorte ein tradisjon at bedehusstyret innbyr til basar og årsmøte.  Mellom 50 og 60 møtte fram og benka seg rundt borda i salen. Rekord i loddsal på kr 17900,-.

Jens tveit leier vidare styret for eit aktivt bedehus som er nyoppussa, isolert og med god aktivitet.  Anna Marie Bjørnevik trer nå inn i styret og erstattar Torbjørg Skogen som går ut etter seks år.
Les heile saka.


Lakseoppdrett i Ålfjorden
Ureina kloakk tilsvarande ein småby rett ut i Ålfjorden

(25.3.2010 Steinar S)  Gjennom dei siste tiåra har det vore sett inn store ressursar for at fjordane våre skal vera reine. Kloakk skal ikkje gå rett i sjø og vassdrag. Alle byar etablerer reinseanlegg slik at berre det reinsa vatnet vert slept ut på djupt vatn.

Frå fiskeoppdrett i sjøen er det ingen reinsing. Det som kjem inn framme - må også der koma ut bak. Utslepp frå 1000 tonn laks tilsvarar kloakk frå 12 000 menneske, rekna i mengd av Nitrogen og Fosfor. Egersund by har 10.400 innbyggjarar. I Eigersund kommune omlag 13.000. Det nye oppdrettsanlegget i Ålfjorden er godkjent for opp til 1200 mtb. Det tilsvarar at kloakken frå Egersund by gjekk ureinsa ut i Ålfjorden. I tillegg kjem restar av fiskeforet, medisinering etc.
(Kjelde: Norges Miljøvernforbund).

Kommunen kjem ikkje til å gjera noko med saka.
Både ordførar og rådmann viser til at etableringa av lakseoppdrettet er lovleg og i tråd med føresetnadane staten har lagt i konsesjonen dei ga for 4 år sidan.  Sjølv om kommunen sa nei då saka var oppe og dei gjennom vedtak om å verta lagde under hardangerfjordforskrifta har lagt  føringar for reduksjon og avgrensing av oppdrett, så kan dei ikkje gå vidare med saka.
Les meir HER.


Oppdrettsanlegget ved Buholmen
Protestar frå bygdefolk, grendeutval og kommune
Samrøystes Kommunestyre er overkøyrd av staten.
(Siste endring 23.3.2010 Steinar S)  Tysvær Fiskarlag og Vikebygd Grendautval protesterte mot etableringa av Lakseoppdrett ved Buholmen i Ålfjorden, men toget er gått.  Statleg overstyring har gjeve lov til ei etablering som mange meiner vil vera til ulempe for fiske, friluft- og badeliv, men også for andre eksisterande oppdrett.  Utviding av mengda med fisk i oppdrett i fjorden er imot intensjonane i Hardangerfjordforskrifta, som kommunen har slutta seg til. Sjølv om kommunestyret samrøystes gjekk imot etableringa det søknaden var på høyring, ser Kommunen likevel ikkje at det vil vera mogeleg å få endra vedtaket.  Etableringa går sin gang. 
Les meir om denne saka HER 


Dei yngste premievinnarane i Grannekarusellen-09 (foto: Vikebygd IL)O-gruppa i Idrettslaget
Vikebygd IL aktive innan O-løp i 2010
Terminlista for løp i Grannekarusellen, Nærløpskarusellen og krinsløpa i Rogaland er klar.
- Start for Grannekarusell- og nærløpa er kl 18-19. Me køyrer frå bedehuset i Vik kl. 17, skriv Jon Magne Svendsbøe på laget si web-side, og held fram: - Før dei første løpa i april skal me ha nokre fellestreningar på kart. Følg med - dette blir kjekt!! Sjå terminlista 2010 HER.
og les her - om resultata i Grannarkarusellen-09


Kraftproduksjon i Vikebygd
Vik kraft AS byggjer kraftverk
(21.3.2010 Steinar S)  I det siste har ei stor mengd med lange røyr kome til bygda.  Dei fyller heile jordet langs elva frå kyrkja og opp til hovudvegen.  Desse skal snart føra vatn frå ein ny dam som vert bygd i Vikeelva og ned til kraftstasjonen som Vik Kraft AS byggjer.  Etter planen skal stasjonen kunne levera 5 mill kwh eller nok straum til 250 husstandar, når den om nokre månader er klar, fortel Jakob Rødde. Saman eig han og Per Vik kvar sine 50% av aksjane i selskapet som vart etablert i 2006.

Selskapet Energi Teknikk AS har i februar inngått kontrakt om levering av komplett elektromekanisk utrustning til Vik Kraft AS. Kontrakten inneber leveranse av
'ET Peltonturbin' med effekt på 1520 kW, med tilhøyrande kontrollanlegg. Anlegget vert bygd for netto fallhøgde på 153 meter.  Selskapet Energi Teknikk AS, som vart stifta i 1998 av Rune Hansen, Eivind Tvedt og Paul Hovda, er etablert i Dimmelsvik i Kvinnherad. Dei samarbeider tett med Sunnhordland Mekaniske Verkstad, som produserer delar av utstyret i Skånevik, og har til nå levert utrustning til 84 småkraftverk.

Frå før av er det kraftverk i Bjordal der Andor og Jens Bjordal produserer 0,86 GWH i året.  LES MEIR HER.


Kyrkjelyden
Engasjert årsmøte i kyrkja

(21.3.2010 Steinar S)  Etter gudstenesta søndag 21. mars var det årsmøte i Vikebygd kyrkje. Brit Nelly Ness Tveit leia møtet og tok med seg kyrkjelyden gjennom året 2009 i form av ei årsmelding som syner god aktivitet og mange engasjerte deltakarar.  Dei frammøtte kom med mange spørsmål og gode innspel, særleg mtp korleis ein kan få fleire barnefamiliar til å delta på gudstenestene.  Som ein overgang mellom gudstenesta og årsmøtet vart det duka til kyrkjekaffi i midtgangen.

Last ned og les årsmeldinga HER


Vårsol i bakkane blenkte....
Så kom våren til Vikebygd
Og når vårsol i bakkane blenkte ....(21.3.10  Steinar) Ei veke med mildvêr, regn, vind og temperaturar på 4 - 8 grader fjerna snøen i låglandet på rekordtid.  Nå er snøklokker og påskeliljer komne opp, og det er ei svak aning av grønfarge på bakkane.  Ennå ligg snøen i fjellet, så dei som ynskjer ein skitur har høve til det.

Les elles også meir om vinteren som var, her:
Vintersol i Vikefjella
Utfart til Olalia
Torvonn i gammal tid, lokale stadnamn.


Klikk her for å sjå stort bilde av Vikestølen i vårsol og snø.Tur til Vikestølen på ski 14. mars.
(14.3.2010)  Eg tok turen på ski frå Eikås til Vikestølen.  Her synte ferske skispor og innføring i gjesteboka at det hadde vore fleire innom på ski i helga, og mange kom opp bakkane frå Vikebygd.  Det var godt med snø og sol over fjellet. 
 


Torvonn i gamal tid
Signy Falkeid skreiv:
Det kjekkaste me visste då me var små, -ja seinare og -var då me skulle spa torv. Det var i første helvta av juni, og oftast var det godt ver. Me hadde lang vei til myra me, like nord for skifta til Skartland, 'Storamyra' vart den kalla. Me laut ta tidleg ut om morgonen, og ha mat for heile dagen.

-Middagsmat fekk me då me kom heim om kvelden. Ryggsekk hadde me maten i, og så eit stort spann med vatn, for det var varmt, og me vart både sveitte og tørste av å gå og bera dei tunge torvene. Og så ikkje å forgløyma 'rødhette', den gamle kaffikjelen som var svart av røyk etter mange år over open varme. Lokket var raudt, difor namnet. Far hadde med spad, spett og øks. Det var fint å koma nord i skogen ein lys forsommarmorgon. Skartlandsvatnet låg svartstilt og spegla av blå himmel og grøn skog. [-]Det var mykje trerøter i torvskjera då dei kom ned eit stykke, ja, eg minnest det var to lag på kvarandre og, så der har vore storskog i Veastadmarka ein gong i tida. 
Les heile stykket her: Torvonn i gamal tid


Speidarane
Speidarbaser i kjend stil
Klikk her(19.3.2010 Steinar S)  Speidarane sin årlege bygdefest 19. mars var i kjend stil.  Omlag 90 - 100 deltok. Johannes Skartland synte bilete frå året som gjekk.  Her var mat og sketsjar, lodd- og åresal med mange flotte gevinstar.

Øyvind Valen nytta digitalt trekkeapparat mens det var full aktivitet på scenen der utkledde speidarar hadde spillopper av alle slag.  Småspeidarane stod i lange rekker og venta på tur til å bera rundt ting og tang til glade vinnarar.

Elles på programmet var sketsjar og speidarrop så ei engasjert forsamling fekk ikkje tid til å sovna. Her var fart, underhaldning og spenning. 

Også i år var det utdeling av premiar til dei som hadde vandra til fjells og skreve seg inn i nutakassane.  Per Øyvind Valen var best av ungdomane og fekk eit napp i ungdomsstaven. Mens Roald Årvik hadde heile 100 nuteringar og var suveren vinnar av nutastaven for dei vaksne.  Vi seier vel blåst både til speidarar, foreldre og fjellvandrarar.  Forresten, til påske skal nutakassane vera på plass igjen.
Les meir på: Speidarbasar i kjend stil

Årsmeldinga for speidaren kan du lesa HER.


9. mars arrangerer skulen:
Kulturettermiddag. Tema: "Vikebygd før og no."
(9.3.10  Steinar) Det er ein årleg tradisjon der skulen arrangerer kulturettermiddag for og i Vikebygd. Temaet i år var: "Vikebygd før og no".  Skuleborna hadde gjort ein kjempeflott innsats med å illustrera med bilete og ting korleis bygda har endra seg dei siste hundre åra. Og det vekte interesse.  Foreldre og besteforeldre kappast med å finna svar på konkurransen mellom utstillinga.

Her var sal av middag, og i storsalen song, dans og framføringar av borna.  Kjempeflott arrangement der Tobias Steinsvik og Håvard Larsen skifte på å vera konferansier og leia arrangementet på scenen.  Borna var kledde for skuledag i gamal tid og mange venta nok på Tom Roger Aadland, som skulle syngja songar han har oversett og redikta frå Bob Dylan til nynorsk.  Han starta opp med songen: "Vikla inn i Blått".  Ei ungdomsgruppe intervjua Tom Roger midt i konserten.  Dei fekk musikaren til å røpa at han i ungdomen hadde skofta gitartimar for å få spela fotball saman med nabogutane.   Les meir her


Roald til fjells på ski 4.mars 2010
Vintersol over vakre Vikefjell i mars
(8.3.10  Roald Årvik/Steinar) I dei fine vinterdagane med kvit snø og sol frå blå himmel, er det mange som har teke turen ut. Vi lyt nyta dagen medan vi ennå har han. Roald Årvik valde å ta turar på ski opp i dei snøkvite fjella i Vikebygd. Med fotoapparatet i handa sikra han minner som vi her kan dela med resten av bygda.
 
Gå til fotoalbumet HER og sjå kor fint det kan vera på bygda sitt tak.
 

Les meir her Vintersol i Vikefjella
Les her om Utfart til Olalia i sol og snø


Vintergleder på ski i fjellet
Stor utfart til fjells med sol og skiføre
Klikk her for større bilde.(28.2.10  Steinar) Det var mange i alle aldrar som nytte høvet til ein tur til Olalia i februar. Fleire vikebuar hadde funne fram skia og tok turen innover det snøkledde fjellterrenget siste helga i februar, der ein og fekk oppleva flott solskin om morgonen og på ettermiddagen, men skyer midt på dagen . Temperaturen var fin der folk benka seg utanfor hytta.

I år var det ikkje trong for å reisa på høgfjellet og leiga dyre hytter i vinterferien.  Snø og skiføre var det båre på Vikestølen og Olalia, og ein av dei lengste snøvintrane på våre kantar. Flott vêr også framover, men utover i mars kjem mildvêret. 

Sjå også Utfart til Olalia


Vi gratulerer Mary Tindeland
med 60 års dagen laurdag 27.2.
(27.2.10  Steinar) Mary Tindeland har i mange år vore eit kjent ansikt i vikebygd og i kyrkja, der ho har gjort teneste som kyrkjetenar og teke seg av det praktiske før og etter gudstenestene.  I fleire periodar var ho også aktivt med i soknerådet.  Vi nyttar høvet her til å gratulera med dagen og ynskja henne alt godt for framtida, og takka for dei mange smil som ho møter sambygdingane med.
Takk til Mari for 19 år


Blinklys på Bjoa
(27.2.10  Steinar) Eg har køyrd vegen rundt Bjoa til Ølensvåg dagleg i snart 26 år.  likevel støkk eg like mykje til når eg kjem til Utbjoa medan det ennå er mørkt.  Dersom gateljosa på Svolland er på, så sloknar dei med ein gong eg når bort til det første. Og er dei av, så tendes dei brått når eg kjem. Er dette ein form for straumsparing, eller er det eit signal til Bjoabuen at nå kjem det nokon frå nabobygda?


Vigslar i friluft
Du kan viast til din make på Vikestølen og i parken
(23.2.10  Steinar) I 2009 vart det inngått 24.800 ekteskap i Noreg. Dei fleste som ynskjer kyrkjebryllaup i Vikebygd vil nok ha det inne i den vakre kyrkja vår. Men visste du at både parken (den gamle kyrkjetomten ned mot kaien) og Vikestølen er godkjende som stader for kyrkjelege vigslar?  (Med atterhald om at presten er samd i å halda vigsla her).

- Det er viktig at det heile går føre seg i verdige omgjevnadar, seier prost Birger Foseide til nrk.no  

Sjå lista over godkjende stader for utandørs kyrkjeleg vigsel HER.


Ny etablering
Rolf går nye vegar for Vikebygd
Kjøpann Rolf Alne går seg i form. (Klikk her for stort bilde)
(20.2.10  Steinar) Rolf Alne kan tilby nye opplevingar for folk som vil koma i form. Joker Vikebygd Fitness Club er ein realitet.  Vil du koma i form så går inngangen til eit betre liv gjennom døra til butikken.

I det som før var Lions Club sine lokalar i kjellaren på butikken har den tidlegare sjømannen gjort ein kjempe innsats på fritida med å pussa opp og innreia med nye og moderne treningsapparat.  På opningsdagen, laurdag 20. februar var det ei stund trengsel i lokalet.

Tove Røvær testar treningsapparata med Rolf Alne i bakgrunnenSpesielt undra det oss den store interessa treningsrommet vakte hos kvinner. Det viste seg at det var eit utdrikkingslag på gang i bygda. Tove Røvær skal bli fru og hadde ein heil jentegjeng med på hytta til Rolf Normann.  Etter å ha varma opp på treningsapparata til Rolf Alne skulle turen gå til Vikestølen.  Det spørs om ikkje bakkane her er tyngre enn ei økt på Fitness klubben.

Les meir her


Frå Tyskland til Vikebygd
Mannfred Mahlmann frå Dülmen - Ny i Vikebygd(20.2.10  Steinar)   Endå til heilt frå Tyskland dukka det opp gjester til opninga. Det var Mannfred Mahlmann frå Dülmen som har leigd seg feriehusvere hos Sigurd Byrkjeland. (Dülmen er en by med 50.000 innbyggjarar i den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen, sydvestlige delen av Münsterland mellom naturparken Hohe Mark og Baumberge.) I Tyskland arbeider han i ei kasinogruppe som eig og driv 8 kasinos rundt omkring i landet.  På spørsmål om han nå planlegg å opna kasino i Vikebygd, smiler han lurt. - Gjerne det, men her i Noreg er det ikkje lov, svarer han.

Som slektning til Renate Vasshus har Mannfred, kona Birgit og dei fem borna deira vore mange gonger i Vikebygd i dei siste 20 åra.   Nå reknar han med å kunna vera oftare her.  Det tar 16 timar å køyra med bil frå heimen hans i Tyskland hit til Vikebygd, der han reknar med å vera i 6 - 10 veker i året framover.  Les meir her


Kyrkjegarden
Gigantisk lindetre brotna

Lindetreet mista ei av fire stammer
(17.2.10  Steinar) På kyrkjegarden finst eit gigantisk lindetre.  Nede ved bakken er stamma over 2 meter i diameter.  Ein god meter over bakken delte treet seg i fire stammer som kvar er omlag meteren i diameter.  Det store snøfallet i desember gjorde at den eine stamma brotna to meter over bakken og fall ned over kyrkjegarden.  Dette skada fleire av dei gamle gravmonumenta og inngjerdingane i støypejern.

Det har vore dugnad på å skjera dette sund, men ennå står meir arbeid att for å få restane bort. Snø har gjort at arbeidet er utsett. Soknerådet har vurdert treet og er urolige for at nytt snøfall eller storm kan føra til at også fleire av dei tre stammane som er att vert knekte ned.  Dette kan i verste fall føra til skader på bårehuset, gravmonument eller folk som ferdast forbi.

I februarmøtet drøfta difor soknerådet tiltak for å hindra meir skade, og legg fram sak for fellesrådet om fjerning av treet.  Men ei så stor stamme er det ikkje berre for vanlege folk å fella.  Her trengs stort utstyr og kanhende kran.  Materialet i Lind er attraktivt til treskjering og trearbeid, men elles blir det vel brensel eller flis av greinene.


Vikebygd KFUK-M speidarar
Speidargruppa har hatt årsmøte
(10.2.10  Else Valen) På årsmøtet møtte 16 medlemmer over 15 år opp. Gruppa har no 20 småspeidarar, 11 storspeidarar og 3 roverar. For fyrste gong var det ikkje regn på nokre av dei 16 nettene me var på tur dette året. Kanskje slepp me regn også på leiren i sommar?

Årsmeldinga kan du lesa HER.

Det var til og med avstemming på årsmøtet i år. Fleirtalet - med dei unge leiarane i spissen - avgjorde at det skal inviterast inn til ein skikkeleg bygdabasar 19.mars dette året. Speidarane er allereie i god gang med underhaldninga.


Idrettslaget
O-gruppa i Vikebygd har hatt årsmøte
(7.2.10  Øyvind Valen) O-gruppa i idrettslaget har hatt sitt årsmøte. Årsrapporten viser god aktivitet. Sportsleg har Per Øyvind Valen det beste resultatet. Han blei Vestlandsmester og dobbel kretsmester dette året. Også Einar marius Martinsen har hatt gode resultat med seier i Sørlandsgaloppen som beste resultat. Like gledeleg er det at over 40 ulike løparar har delteke for klubben, og klubben har hatt flest nybyrjarar i Nord-Rogaland dette året. Spanande å sjå kor mange som fortset til neste år. Jon Magne Svendsbø overtek som leiar etter Øyvind Valen .
Årsmeldinga kan lesas her.


Eit livskraftig idrettslag
Vikebygd Idrettslag feira 40 års jubileum  40-års jubileum V.I.L
(25.1.10  Steinar S) Idrettslaget var 40 år hausten 2009, noko som m.a. vart markert ved eit nytt og utvida Kvamsåsen Rundt og Barnas Idrettsdag.  Men jubileumsfesten feira dei på laurdag 23. januar med eit stort arrangement på Bygdahuset. 

Fullt hus i den store salen benka seg til middag med "Geir's Koldt-middagstallerken" og musikalsk underhaldning med lokale krefter.  Det var samla mange bilete frå den 40 årige historia.  Desse var scanna inn og vart presentert på storskjerm. Seinare på kvelden var det dans med Podsoll.

 
40-års jubileum V.I.L     

 

Foto: Liodden


Helse og juleflesk
Omgangssjuke på gang?
(25.1.10  Steinar S) Vinteren er ei tid då det skiftar mellom ulike sjukdomar i bygdene.  Svineinfluensa vart det visst ikkje noko av.  Ein god del av oss er vaksinerte, og kanskje det har vore med og hindra spreiing av denne sjukdomen?  I alle fall - ein del av oss snufsa, hosta, hadde litt hovudverk og ein tanke feber, men slengde likevel beina på golvet og kom oss på jobb med ein paraset og to. Om det var det eine eller det andre blir vel aldri avklart.  Men det gjekk over - slik det plar gjera.

Men nå er det tid for magesjau. Ja, min er ok, men den eine etter den andre ligg samankrøkt ved do-skåla eller ei bøtte. Det spreier seg som vanleg frå den eine til den andre helst der det er mykje folk saman, som på skular og i barnehagar.  Men det går over. Eit par dagar tek det normalt det og.  Jula nettopp slutt.  Då har vi ete godt og valkane er auka i tal rundt midja.  Ei omgangsjuke plar hjelpa på i etterkant av slike tider.  Vi toler godt å mista eit par kilo.

Det har vore kaldt i det siste.  Snø og is. Her har vi samla oss i omnskroken og bore inn på ved i søkk og kav. Kampen for å halda frosten på utsida av veggen.  Men midt oppi dette så må vi medgje at det har vore ei flott tid.  Ein del skiturar som kunne starta rett utanfor huset. Eller ein .tur innover frå Bakkjen, over Skrubbasmog og til Dalsbruket.  Av dei godt opptrakka skispora så var det visst mange som trimma bort juleflesket her. Vi har nå hatt det flott, har vi ikkje?


Kyrkjetenaren
Takka for innsats gjennom 19 år.
Klikk for større bilde(17.1.10  Steinar S) Under gudstenesta søndag 17. januar retta Kyrkjeverja ein stor takk til Mary Tindeland for teneste gjennom 19 år.  Ho har hatt ansvaret for at kyrkja har vore klar til kyrkjelege handlingar, både ved gravferder, vigsler, gudstenester og anna. I november bad ho om avløysing.  Kyrkjeverja overrekka gåve som takk og minne.  Sjølv meinte ho det hadde vore ei lett tenesta som ho hadde gjort med glede. 

Nå er utfordringa for kyrkja å finna ein ny kyrkjetenar i Vikebygd.  Ein som kan ta ansvaret for ljos og varme, ringing med klokkene, salmenummer på veggtavlene og tilrettelegging av utstyr og anna føre gudstenester.  Ein stillings på omlag 11 prosent.  Om det er ein i Vikebygd som kan tenkja seg denne tenesta så bed vi om at vedkomande melder seg til kyrkjeverja eller til soknerådet, minte Inghart Lasse Tveit om i slutten av takketalen sin.   Takk til Mari for 19 år


Vinter i Vikebygd
Flott vintervêr innbyr til uteliv og turar.
Vinterorientering på Malasetvatnet(11.1.10  Steinar S) I det fine vinterveret som har vore over landet vårt gjennom jul, nyttår og nå langt inn i januar, er det mange som har nytta høvet til å prøva ski, skøyter og akebrett. Sjølv om det er kaldt så er det flott i skog og mark, eller opp på Vikefjella berre ein kler seg godt.

YR.NO melder 5-6 kuldegrader og sol fram til helga, skyer i neste veke. Så nyt finvêret og det flotte kvite landskapet som innbyr til skiturar. Roald Årvik tok dette biletet ved Morgonsvatnet på fjelltur i helga.
(Foto: Roald Årvik) Kvit snø i Vikebygd 


(17.1.10  Steinar S) Etter kvart som tela kraup nedover i jorda og temperaurane i første del av januar kom ned til 20 kuldegrader, så kraup kulden også inn gjennom yttervegger.  Fleire hus i distriktet har opplevd at vatnet har forsvunne frå kranane.  Nokre stader har isen også sprengd røyra slik at vatnet har fløymd ut og skada bygget.  Les meir om dette HER.

Idrettslaget
Skøyteorientering på Malasetvatnet.
Vinterorientering på Malasetvatnet(11.1.10  Øyvind Valen) Orienteringssesongen er starta i Vikebygd. Tysdag 5.1. var dei yngste samla på Malasetvatnet til skøyteorientering. 15 unge, kanskje framtidige O-løparar var med, og dei leita med friskt mot etter orienteringspostane som låg i kanten av vatnet og ved holmar.

I mørket - og på skøyter - var ikkje dette berre enkelt, men halvparten fann likevel alle postane. Etterpå var det bål med pølsegrilling og leik på isen. Sesongen fortset med innetrenging for dei i barneskulen og styrketrening for dei i ungdomsskulen. Utesesongen startar i april.

Sjå fleire bilete her: Skøyteorientering    (Foto: Jon Magne Svendsbøe)


........vikebygd.org.....
Sida er sist endra 8. jan. 2011

Eldre meldingar:

 
ÅRET 2009
ÅRET 2008
ÅRET 2007
ÅRET 2006
Vikebygd i Media
LES OM VINDAFJORD
NYTT FRÅ VIKEBYGD
NYTT FRÅ VINDAFJORD
NYTT FRÅ GRANNAR
NYTT FRÅ Haugesunds Avis 
INFO FRÅ KOMMUNEN
Ålfjordens Venner
Kyrkjeinfofo
ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet 2008 
Boka om Vikestølen på nett. 
Speidarnytt
Speidarnytt
Grønn Action Lista 2010
Speidarbasaren 2010 
Speidarprogram 2010 
Nutastavane
Uteliv ved Bakkafossen
Ljosmessa

Nutastavane 2009
Hulder og troll på Skartland
 
Politikk
Frå Vikebygd vart 4 valde inn i
Kommunestyret 2007-2010
ved valet 10. september 2007:

Roald Årvik (AP)
Dominikus Nagel Bjordal (SP)
Steinar Skartland (KrF)
Gjekk ut då ho vart tilsett som kommunalsjef aug.2009:
Gunn Vikingstad (SP)
Grendautvalet
Vald på grendamøte 26.11.08:
Rune Hetland, leiar
Gunnar Birkeland
Reidar Bjordal
Aud Jorunn Tordal
Hanne Jorunn Helgeland
Varamann:  Rolf Alne

Les meir om grendautvalet her.
Nabobygdene
Bjoa grendeside
Vats grendeside
Skjold grendeside
Vikedal grendeside
Sandeid grendeside
Vindafjord kommune
Lokale bloggar
Elin's blogg
Hildes blogg
Bublegum
Hyrdingen

Langs landeveg i haustfargar:

Fotoalbum

Retting av feil
Om nokon finn at tekst eller bilete på desse sidene er støytande eller ikkje skulle vore offentleggjorde, så kontakt meg på tlf 908 73 170 eller ved å klikka HER , så vil eg endra.  Steinar Skartland

Web-Statistikk
vikebygd.org.
(8.1.2011  Steinar S) I 2010 hadde vikebygd.org 1791747 hits (søketreff) og heile 63635 lesarar (visits).  Av desse var det 38120 lesarar av første sida (der fleire klikk pr dag likevel tel som 1 totalt). Dette utgjer i gj.snitt 199 visits pr dag.


Utstyrte borna med refleks. Lions Club Skjold og VikebygdHaust- og vintermørkret er her og med det trafikkfarlege fotgjengarar utan refleks. Lions Klubb Skjold og Vikebygd har delt ut refleksbrikker med tulipanmotiv til alle elevar ved Vik Skule, 66 stk. Det same har Lionsklubben også gjort ved Skjold Ungdomsskule, 310 stk.  Dette med helsing frå Lionsklubben, med ynskje om eit riktig Godt Nyttår, til alle.
Leif Jørgensen, leiar i Lions Club Skjold og Vikebygd. (3.1.2010)
Kommentar frå Frøken Vims
VISIT VIKEBYGD
Skriv helsing i GJESTEBOKA
vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM for Vikebygd
RYCON: KART over VIKEBYGD

 

   Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
 


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
 
 

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 - Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org