|
Det er ikkje alle butikkar som har stort reklameskilt nede ved vegen, men Vikebygd har likevel litt av kvart. Bente Barane presenterte utvalet sitt av Herbalife helseprodukt på "kosedagen". Ho er utdanna sjukepleiar, noko ho tidlegare hadde som yrke. Men gjennom fleire kurs har ho lært meir om Herbalife sine
produkt. Mange som driv med trening eller som ynskjer å få betre helse og livsstil, er faste kundar. Herbalife produkt får ein ikkje kjøpt i vanlege butikkar, så mange reiser langt for å koma til Vikebygd for å få kjøpa desse eller å få hjelp og vegleiing.
Bente Barane har investert i spesialutstyr og utfører gratis kroppsanalyse.
- Dette utstyret sender elektriske impulsar gjennom kroppen og viser balansen av viktige stoff, fortel Bente. Dei har innreia rom i kjellaren der dei føretar denne analysen. Her har dei og utstilling og sal av produkta sine. Ho inviterer alle som ynskjer å prøva dette til
å ta kontakt eller stikka innom Bente T. Barane's Herbalife, rett over vegen for butikken i Vikebygd. Les meir HER. Bente, som starta opp bedrifta si i 2009, har som motto:
Sunt kosthold, ned i vekt,
masse overskudd og flotte resultater!
- En bedre hverdag! -
|