Nyheter»

Nyheter frå Bygda
Les her

Vikebygdfestivalen 2009
Les her om 2009 

Vikesprinten 2009
Les HER 

Stor stemning og mykje folk prega Vikebygd festivalen 19.juli 08.
Les her frå 2008

Det 109. Vikestølsmøtet samla 40 oppe til møte oppe i fjellet 28.juni 09.
Les her

Mann av huse til Julemessa som vart opna med heile to korps, 22. november 2008.
Les her

48 deltok i Kvamsåsen Rundt 2. nov 2008.
Les her

Dersom DU har noko å bidra med, ei god historie frå bygda eller noko som skjer her, så send meg litt tekst og  eit bilete, på email.
Steinar Skartland

Velkommen til Vikebygd

Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er omlag 580 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg).

- I sentrum ligg barneskule, barnehage og butikken Vikebygd Daglegvare.

- Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga når her er ope i sommarhalvåret. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider.

- Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet, omgitt av ein velsteld kyrkjegard.

- På andre sida av hovudvegen her aktive bønder pusa opp og sett i stand "Gamlatunet" som nå både er Bibliotek, serveringsstad og kor det er mogeleg å få overnatting.

- Rett sør for Gamlatunet ligg eit bygg som vart kalla "Fortsettelsen" tidlegare. Eit hus gjeve til barne- og ungdomsarbeid.  Dette vert no kalla Speidarloftet, og er tilhaldstaden både til den svært aktive speidartroppen og til ein frisørsalong.

- Tek ein vegen utover mot Naustvika så ligg he fleire bustadfelt og små gardar ned mor sjøen.  Her finn ein også 'Ålreit' Coatching og kompetansesenter.

- Lengre sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering.

- I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" i sommarhalvåret.  Her kan fjellvandrarane skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane.

- Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste ? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd.

Så i Vikebygd skjer det mykje, og vi ynskjer også deg velkommen til bygda vår. Kanhende du kjem ein tur til Vikebygdfestivalen (med fiskekonkurranse på fjorden), Kvamsåsen Rundt løpet i november, Vikeputten fotballturnering, -eller berre for turen.

Sport»

Aktiv idrettsbygd med orientering og fotball,  for ikkje å gløyma Kvamsåsen Rundt som skjer 1. helg i november kvart år.  dette er ein bygdefest, men med løparar får heile vestlandet.

Vikeputten - ei storsats-ing på barn og fotball.

Hei, eg vonar du finn noko interessant på desse sidene om Vikebygd.

Gå til hovudsida: HER

Kyrkja i Vikebygd: HER

Idrettslaget: HER

O-Gruppa: HER

Speidaren:  HER

vikebygd.org © 2009 • Privacy Policy • webmaster:  Steinar Skartland