|
17. mai 2009:
Strålande sol, korps og folketog
På Trodlanibba stilte 14 til flaggheising
klokka 07:00.

(17.5.09) Alt laurdagskvelden var dei første på plass på fjelltoppen Seks ungdomar valde å gå opp om kvelden og ha med seg sovepose og telt. Så overnatta dei på nuten og var klar til å ta imot dei åtte som gjekk opp tidleg på morgonen under leiing av Roald Årvik. Avgang var 05:30 frå bedehuset. Turen opp tok 1 time og 15 minutt.
Men veret var flott, og det var stas å få vera med og heisa flagget over bygda. Så var det heimover igjen for å skifta og pynta seg. Nokre av turgåarane skulle vidare til parken ved kyrkja. Her heiste speidarane flagget til musikk av korpset. deretter gjekk alle til gudsteneste i kyrkja. Også her deltok korpset. Så var det kransenedlegging
ved minnestøtta og tale ved Anne Lise Auestad før ein stor del av folket i bygda deltok i folketoget opp til bygdahuset - via eldrebustadane. Jo, dagen vart ei flott markering av fridom og grunnlov. Ei feiring der borna står i sentrum. leiker, pølser og is høyrer med, for ikkje å gløyma ein svært utradisjonell fotballkamp mellom laget Vikebuen og
soknerådet. Gratulerer med dagen. Så kom kvelden med tradisjonell bygdefest- Frammøtet var svært godt. Chester Danielsen var festtalar. Gjennom 20 minuttar let han oss leva med i hendingane han fekk oppleva som ung i Vikebygd. Korleis det var å gå på skule, bydelivet, kulturen og tida under krigen.
-Eg har mest gode minner frå den tida, fortalde han. - Kanskje fordi eg har fortrengt dei vonde minnene og sit att med alle dei gode? Ellers var her rikeleg med innslag av unge solistar, sketsjar og danseopptrinn. Og midt i programmet vart det også servert rundstykke, kaker, kaffi og saft. Gunn Vikingstad inviterte alle som hadde vore på dugnad denne dagen, og andre med meiningar om framtidige år, til oppsummeringsmøte på bygdahuset tirsdag 26. mai. Så vil eg retta ein varm takk til alle som deltok, om dei gjorde dugnad eller dei var deltakarar. Flott å oppleva ein fest for vår nasjon, vår grunnlov og vår fridom, som har så rikt eit innhald.
Takk!! Vikebygdsongen finn du HER. Sjå bilder frå feiringa i Vikebygd HER (Fotoalbum)
(Steinar S)
|