Jokeren i Vikebygd feira med 250
gjester
"Kjøpmannen er gal," skreiv
Haugesunds avis.
Bildene
frå Joker festen er her.
(26.3.2009) Det
var dekka til 255 i storesalen på Bygdahuset i Vikebygd. Og
folket kom. Her fekk dei både middag og marknadsførings-show
for Joker. Men folk veit kva det betyr å ha lokal kjøpmann i
bygda. 7 millionar i året handlar bygdefolk og hytteeigarar
hos Rolf. Sjølv om mange arbeider utanfor bygda og køyrer forbi
fleire store butikkar på veg heim, så kjøper dei ein stor del av
kolonialvarene sine lokalt.

Rolf Alne takkar Tom Roger Odland for sang og musikk.
Men her var meir enn mat og PR.
Musikkorpset i bygda spela til opning av arrangementet. Musikkarane Gunnar Andersen og Tom Roger Odland gjorde at turen til
bygdahuset denne kvelden var vel verd. Underhaldning som var
verdig ein jubilant med 250 gjester.
Arrangementet var kanskje
også meir enn eit 10 års jubileum? Kjøpmannen sjølv kunne feira sine
50 år på jord, som han fyllte for nokre månadar sidan. Han tok
sjølv jobben som konferansier, og det greidde han godt. Rune
Hetland, som orienterte om grendautvalet sitt arbeid og gratulerte
jubilanten, kommenterte at Rolf takla dette like godt som ein vanleg
dag i butikken.
Og
dei tilsette i butikken vart ikkje gløymde. Rolf tok dei opp på
scenen og takka dei for all innsats for lokalbutikken med gode ord
og blomar.
Han hugsa på same måten på andre som
hadde hjelpt til med arrangement. Det var mange som stilte med
dugnad både før, under og etterpå. Lions Club tok på seg
serveringa.
Under arrangementet var det loddsal
til inntekt for innsamlingsaksjonen "Folkets gave" til
revmatismesjukehuset i Haugesund. Her kom inn i ca 16.000
kroner.
Ein sjømann går i land.
Etter at sjømann og stuert, Rolf Alne, gjekk i land, har han dreve kolonialbutikken: Vikebygd Landhandel. Dei seinare åra har han vore aktivt med i butikkjeda: Joker, som i 2009 fyller 10 år.
Torsdagskvelden inviterte Rolf heile bygda på jubileumsfest på bygdahuset.
Middag med dessert, kaffi og underhaldning for alle som bur i Vikebygd, både i hus og hytter,
lova Rolf, og slik vart det.
Les meir om
Rolf i Grannar
|