|
Denne katalogen gjev oversikt
over innhaldet i arkivet etter Vikebygd kommune i tidsrommet
1902 - 1963. Berre unntaksvis er det registrert nokre fåe
arkivstykke før 1902 og etter 1963.
Arkivet vart den 26.06.1993
henta inn av Interkommunalt arkiv i Hordaland for ordning og
registrering. Det var då plassert i kvelven i kommunehuset i
Vik, som frå 1964 høyrer til Ølen kommune. 13.12.1994 vart det
henta inn ein del protokollar og korrespondanse frå Sveio
skulekontor, som vedk. Vikebygd skulestyre / kontor. Seinare
vart arkivet etter jordstyret i Vikebygd henta inn.
Sveio kommunestyre gjorde den
31.08.1964 i sak 10 vedtak om
" at heile arkivet for den gamle Vikebygd kommune vert samla i
kvelvet i kommunehuset i Vik. Når det gjeld den praktiske
ordning for utlån og avskrifter frå arkivet som Ølen
kommunestyre har vedteke så har ikkje Sveio formannskap noko å
merka men ein vil rå til at Sveio kommune ikkje vert bundne av
utloger til dette. "
Storparten av arkivet vart ordna og registrert i 1994 av Rikke
Flakstad. Det som er kome til etter den tid er ordna og
registrert av Åse Eikemo Strømme. Arkivlister over den enkelte
arkivskapar, arkivseriane og arkivstykke med ytterår ligg no
føre. Arkivet er registrerrt i tekstbehandling. Totalt er det
ordna og registrert 8 hyllemeter.
Arkivkonsulent Åse Eikemo Strømme ved Interkommunalt arkiv i
Hordaland har utabeid den endelege arkivkatalogen slik den her
ligg føre.
Arkivet er plassert i arkivdepoet til Sveio kommune.
SENTRALADMINISTRASJON
KODE: 021
ARKIVSKAPAR: Vikebygd formannskap
Aa. 1 - 7 Møtebøker 1902 - 1963
Ab. 1 Register til møtebok 1902 - 1919
Ba. 1 - 4 Kopibøker 1902 - 1963
Ca. 1 - 6 Brevjournalar 1902 - 1962
Da. 1 - 5 Kronologisk ordna korrespondanse 1913 - 1959
Ea. 1 - 4 Pakkesaker. Emneordna 1919 - 1963
Fa. 1 - 2 Register over styre, råd og utval 1917 - 1957
Ra. 1 - 4 Tilvisningsbøker 1902 - 1947
Rb. 1 Rekneskap 1949 - 1960
KODE: 041
ARKIVSKAPAR: Byggjenemnd for nytt skulehus i Førde
Aa. 1 Møtebok 1949 - 1957
Da. 1 Kronologisk ordna korrespondanse 1952 - 1959
PLANLEGGING OG ØKONOMI
KODE: 121
ARKIVSKAPAR: Vikebygd kommunekasse
Ca. 1 Brevjournalar 1911 - 1947
Ea/Ra 1. Pakkesaker. Rekneskap 1946 - 1969
Fb. 1 Kontobok for sjømannskattar under okkupasjon 1948 - 1956
Fbc. 1 Kontobok for alderstrygd 1936 - 1943
Fc. 1 - 2 Skatterestansar 1899 - 1955
Fea. 1 - 9 Skattedagbøker 1918 - 1952
Fec. 1 - 8 Skattekassememorialar 1936 - 1952
Fed. 1 Innbetalt forskotsskatt 1942 - 1947
Ff. 1 - 4 Skattelister 1940 - 1963
Ffb. 1 Innfordringsliste for skatt på sjømenns inntekt 1957
Ga. 1 Låneprotokoll 1936 - 1946
Rba. 1 - 15 Oppgjer- og statusbøker 1942 - 1963
Rbb. 1 Råbalanse 1942 - 1947
Rca. 1 - 7 Hovudbøker 1918 - 1956
Rcb. 1 - 6 Kontobøker for det ordinære budsjettet 1903 - 1944
Rcc. 1 - 4 Kontobøker for drifts- og kapitalrekenskapet 1942 -
1947
Rcd. 1 - 3 Kontobøker for andre konti 1936 - 1948
Rce. 1 - 2 Kontobøker for aktiva og passiva 1943 - 1951
Rcf. 1 - 5 Kontobøker for trygdeutbetalingar 1937 - 1949
Rea. 1 - 3 Kassabøker 1897 - 1936
Reb. 1 - 3 Kassajournalar 1936 - 1941
Red. 1 - 2 Tilvisningsbøker 1935 - 1943
KODE: 122
ARKIVSKAPAR: Vikebygd soknekommunekasse
Ffa. 1 Protokoll for utlikna
sokneskatt 1935 - 1936
Rab. 1 - 8 Rekneskap for Austre og Vestre Vikebygd sokner 1937 -
1950
Rea. 1 - 2 Kassabøker Vikebygd soknekasse 1884 - 1896
Reb.1 - 2 Kassajournalar 1937 - 1945
KODE: 131
ARKIVSKAPAR: Vikebygd heradsrevisjon
Fa. 1 Revisjonsprotokoll 1914 -
1943
KODE: 142
ARKIVSKAPAR: Likningskommisjon
Fa. 1 Likningsprotokoll
fattigvesenet i Vikebygd sokn 1865 - 1882
UNDERVISNING
KODE: 211
ARKIVSKAPAR: Vikebygd skulestyre
Aa. 1 - 3 Møtebøker 1929 - 1963
Ab. 1 Møtebok for Åbotsnemndi 1940 - 1950
Ac. 1 Møtebok for Vikebygd eksamensnemnd 1931 - 1961
Ba. 1- 2 Kopibøker 1890 - 1963
Ca. 1 - 3 Brevjournalar 1890 - 1963
Da. 1 - 2 Kronologisk ordna korrespondanse 1865 - 1963
Ea. 1 - 7 Pakkesaker. Emneordna 1900 - 1970
Ra. 1 - 2 Tilvisningsbøker 1942 - 1960
KODE: 231
ARKIVSKAPAR: Barneskulane i Vikebygd kommune
Aa.1 - 4 Møtebøker for tilsyns-
og samarbeidsutval 1890 - 1969
Fa. 1 - 9 Skuleprotokollar 1892 - 1963
Ga.1 - 7 Dagbøker 1892 - 1960
KODE: 252
ARKIVSKAPAR: Framhaldsskulen i Vikebygd kommune
Fa. 1 Skuleprotokoll 1913 -
1960
Ga.1 Dagbok 1957 - 1958
KODE: 272
ARKIVSKAPAR: Vikebygd kyrkjeverje
Ta. 1 Kart og teikningar Vik
gravstad 1901 - 1922
KODE: 274
ARKIVSKAPAR: Vikebygd sokneråd
Da/Ga/Ra. 1 Ymse
korrespondanse, manntal, rekneskap 1920 - 1962
SOSIALE OPPGÅVER
KODE: 311
ARKIVSKAPAR: Vikebygd fattigstyre / forsorgstyre
Aa. 1 Møtebøker 1890 - 1963
Ea. 1 Pakkesaker 1949 - 1963
Fa. 1 Forsorgstødde personar 1952 - 1962
Ra. 1 Tilvisningsbøker 1950 - 1962
Rb. 1 Refusjonsprotokoll 1936 - 1947
KODE: 314
ARKIVSKAPAR: Vikebygd edruskapsnemnd
Aa. 1 Forhandlingsprotokoll
1940 - 1963
Fa. 1 Ymse 1946 - 1965
KODE: 315
ARKIVSKAPAR: Vikebygd barnevernsnemnd
Ca. 1 Brevjournal 1954 - 1963
KODE: 352
ARKIVSKAPAR: Vikebygd fiskarmanntalsnemnd
Aa. 1 Møtebok 1914 - 1962
KODE: 353
ARKIVSKAPAR: Vikebygd krinssjukekasse / trygdekasse
Fa. 1 Arbeidsgjevarprotokoll
1933 - 1935
NÆRINGS- OG RESSURSFORVALTNING
KODE: 611
ARKIVSKAPAR: Vikebygd småbruk- og bustadnemnd
Aa. 1 - 2 Møtebok 1903 - 1963
Ca. 1 - 2 Brevjournalar 1919 - 1963
Ea. 1 - 2 Pakkesaker. Emneordna 1887 - 1964
Fa. 1 - 4 Takstprotokollar 1894 - 1946
KODE: 612
ARKIVSKAPAR: Vikebygd husnemnd
Aa. 1 Møtebok 1947 - 1963
KODE: 621
ARKIVSKAPAR: Vikebygd jordstyre
Aa. 1 - 2 Møtebøker 1921 - 1963
Ca. 1 - 3 Brevjournalar 1929 - 1962
Fa. 1 - 11 Dyrkingsplanar 1925 - 1955
Fb. 1 - 6 Dyrkingsprotokoll. Tilskot 1922 - 1963
Fc. 1 Kommunalt tilskot 1956 - 1962
Ga. 1 Ymse søknader og planar. Gjødsle, potetkjellar
silo 1944 - 1955
Gb. 1 - 2 Ymse tilskot. Sjå Ga. 1922 - 1964
Ha. 1 - 2 Daglister 1941 - 1965
Ra. 1 - 4 Rekneskap. Kassabøker 1921 - 1957
Sa. 1 Statistikk. Jordbruksareal. Gardskverner 1941 - 1945
RETTSPLEIE
KODE: 812
ARKIVSKAPAR: Vikebygd overformynderi
Fa. 1 Hovudrulle 1919 - 1963
Fb. 1 Mindre rulle 1927 - 1963
Ra. 1 - 2 Årsrekneskap m/velegg 1927 - 1950
KRISE- OG REGULERINGSTILTAK
KODE: 841
ARKIVSKAPAR: Vikebygd forsyningsnemnd
Ra. 1 Kassabok 1942 - 1945
KODE: 844
ARKIVSKAPAR: Vikebygd husfordelingsnemnd
Aa. 1 Møtebok 1947 - 1950
Da. 1 Kronologisk ordna korrepsondanse 1946 - 1950 |