|
VIKEBYGD Idrettslag, O-gruppa, arrangerte:
VIKESPRINTEN 2009, 1. mai.

Vinnarar i dame og herreklassen vart
Turid Nystrøm, Stavanger og Oddmund Roaldkvam, Stord.
(1.5.2009) Så gjorde dei det igjen. 1. mai strøymde idrettsfolk til Vikebygd frå eit stort distrikt. denne gongen for å delta i Vikesprinten. Eit arrangement som O-gruppe i Vikebygd idrettslag har gjort til ein tradisjon. Nær eitt hundre deltok. Nokre kom heilt frå Stavanger, Haugesund, Stord
og Bergen, men også lokalt frå Vikebygd var det mange med. I vinter har Øyvind Valen arrangert nybyrjarkurs i Vikebygd, og det har stillt ca 15 ivrige unge løparar på treningane.
Desse + ca 10 aktive representerte Vikebygd løpsdagen. Det var ei løype for damer og ei for herrar. Løpet gjekk føre seg etter ein handicapmodell, slik at alle kunne konkurrera på tilnærma
like vilkår. I tillegg var det ei nybyrjarløype, der ein kunne velja om ein ville ha tidtaking eller ikkje. Handicapmodellen fungerte slik at
dei som er 19 til 34 år får den tida som vart målt, medan eldre og yngre enn denne gruppa fekk fråtrekk i tida si, etter kva for
aldersgruppe dei var i. Løypa for herrar var 4 km og for kvinner 3 km. i tillegg var det eiga småtroll løype for borna, og mange deltok i denne gruppa også. Idrettslaget sitt nybygg kom godt med denne dagen også. Her var det m.a. kiosk der deltakarar og tilskodarar kunne kjøpa seg vafler, kaffi og kaker.
Premiering
Vandrepremie til dei to vinnarane var rosemåla fat der vinnarane frå dei ulike åra hadde fått namnet sitt på. Det vart elles individuell premie til dei tre beste i H- og D- klassane. I ny-klassane og småtroll var det premie til alle som fullførte. FOTOALBUM: VIKESPRINTEN 2009
Informasjon og program HER.
Gamle minner: Vikesprinten 2005
Med premie frå småtroll løypa. - På veg mot mål.
Dei mest omkransa ? - I mål!
|