Klikk her for å gå til Vikebygd si hovudside
Kvamsåsen Rundt    -     Fotballgruppa    -     Orientering    -     Vikebygd Kyrkje   -    First Floor    -   Speidarane   -    Laurdagsklubben
 
 

Jakob Rødde driv Gamlatunet, kokar og serverer mat til gjestane.

Dette er gardsturisme av beste slag.

Huset ligg ved hovudvegen, rett ovanfor kyrkja i bygda.  Her driv han gardsbruk kombinert med servering, overnatting og bibliotek.  Og held ein fram opp vegen forbi huset hans, så endar ein tilslutt oppe på Vikestølen.  Ein fin turmarsj på ca 1 time - opp bratte bakkar og forbi Longavatnet.

 

Jakob Rødde
Telefon:  53 76 92 83
Mobiltlf:  924 99 576
Adresse:  5568  Vikebygd
 

Gamlatunet - Frøvikshuset

Klikk her

Klikk her
Gamlatunet - restaurert av eigaren, Jakob Rødde.
Eit arbeid han gjorde så godt at han i 2006 vart til-
delt Vindafjord Kommune sin byggeskikkpris.

Då kommunen valde å leggja ned biblioteket i Vikebygd, vart Jakob spurd om han kunne tenka seg å overta bøkene og halda ope eit privatdreve bibliotek.  Det sa han ja til.  Kvar onsdag er det ope med sal av kaffi og kaker og utlån av bøker.  Mange eldre har funne ein triveleg stad å samlast her på onsdagskveldane. Bøkene er og fornya.  Noko er kjøpt inn, og ein god del har han fått fra bygdefolk etter at dei sjølve har lese ferdig bøkene dei har kjøpt.

Men i Gamlatunet leiger han ut til selskap for personar og grupper.  Då stiller Jakob på kjøkenet og kokar middagar mm.  Og skulle det vera trong for å overnatta så har han fleire soverom på loftet til utleige.

 

BDB
 
 
 
 

-- Siste nytt frå Haugesunds Avis --
 
Sida er sist endra 13. april 2009  
 
 
 

Tilbake til hovudsida


Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord ( YR.NO)

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
firstfloor.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller forening så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org':
 Steinar Skartland.  


Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.  
Tlf 53769128
steinar.skartland@vikebygd.org