Side 16, del 2
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  16 -
Del 2

Framhald:  70 år sidan det første Vikestølsmøtet, Av Severin Hove (1970)


Styret for Vikestølsmøta.

Dei var nokså snart samde om at det skulle vera ein mann frå kvar av dei 5 kommunane. Hans K. Dommersnes var den som kalla saman og hadde ansvaret for at møta kom i stand. Men det er ingen stad skrive om det. Ein munnleg avtale var nok i dei dagar. Hans K. Kan me rekna som formann heilt fram til 1950. Det vert 50 år. Han sa sjølv at han hadde styrd med møta dei siste 25 åra. Før hadde dei vel delt på det. På møtet i 1950 vart det valt nytt styre med Sigurd Møllerhaug til formann. De kan sjå styret ved minnestøtta. Sigurd Møllerhaug vart avløyst av Bertin Alna, Vikebygd. Han stod til fyrsten av 1965, då han reiste til Karmøy. S. Hove var då formann til 1967. Frå den tid har Karl Granberg vore formann.

Styret elles nå; Gudmund Årvik, Osmund Brekke, Lambrigt Landa og S. Hove.

Kristne vener.

Heilt frå starten er det sagt at Vikestølsmøta skal vera ei samkome for kristne vener. Dei møtest på fritt grunnlag utan å vera knytt til nokon organisasjon. Det var feil som stod i H. Dagblad at det var kvekarar, og sidan indremisjonen som stod for møta. Det var vener innan den evngelisk Lutherske Kyrkja som skipa til stemna.

Ein har som regel hatt ein gjestetalar på fyrste møte. På siste møte har det vore korte talar av mange.

   Når regnet kjem.

Ja, då er det ikkje greitt å ha stemna på Vikestølen. Både i fjor og nå sundag var det verhindringar. Men det har vore møte sjølv om det har småregna. I 1951 tok styret opp tanken å samla pengar til eit telt, til bruk i regnver. Men det spurdest at det var ein kostbar affære. Så drøfta ein planen om å setja opp eit skur. Så kom løysinga. Bjoa Idrottslag skal setja opp sportshytte på stølen. Ved å yta ei pengegåve til hytta har ein fått den avtala at Vikestølsmøta skal få disponera hytta ein dag til året. Heretter kan ein ha årvisse møte sjølv om det regnar litt.

Langtfarande stemnefolk.

Fram gjennom tidene er det mange som har funne fram til Vikestølen. I 1915 stod denne lysinga i Haugesundsavisene:

Vikestølsmøte.
Førstkommende søndag avholdes vennestevne på Vikestølen.

-Dampskip avgår fra Haugesund lørdag kl. 2 eferm. til Førde, hvorfra marsjeres god veg til Røgenes og båtskyds over til Vikevik. Fra Førde søndag aften, til Haugesund 12-tiden.

7/7-1915.

Kor mange haugesundarar vågar seg ut på slik ferd i dag?

Sluttord.

Så er det 70 år sidan første Vikestølsmøte. Så har Guds ord lydd i 70 år utover stølen frå lekfolk, emissær, lærar og prest. Møt har vore vigde med bøn og salmesong. Det har vore store møte, med mektige talar og varme appellar. Det har lydd korsong og musikk. Den åndelege stoda i folket har skifta – sterke åndelege brytingar – stilla – ja, turre tider óg. Dette har nok ofte spegla seg av i møta.

Men Gud er den same, og Ordet er det same. Måtte det så også heretter bli mange gode Vikestølsmøte med klår og rein forkynning og villege menneske til å høyra.

 

Attende til første side - klikk her (s. 16-1)