Side 10
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  10 -
del 2

"Vikestølsmøtet 1900 og i dag 22.6.1975"  - fortsettelse / side 2
Epos /prologos av Paul Granberg

Lars J. Dommersnes var med då stemne-
stytta vart reist på Vikestølens møtestad.
Han var óg Vikebu, og mykje nytta
Der Ordet lydde – då dei song og bad.

Per Larsen Sjurseike, ein rokkedreiar
Frå Øvre Vats, og kalla Rokka-Per,
- i veneflokken tru som møteleiar,
Var også mellom dei som møtte der.

Han Lars i Eikås møtte ifrå Bjoa,
Av ånda driven og i trua sterk.
Han baud ”ombord” til berging, liksom Noah
I fordomsdagar, til si store Ark.

No er dei nemnd så vidt dei aller fleste
Av veteranar frå det Herrens år,
Som ville skikka huset for sin neste
Og læra sjølve – grant, sitt Fadervår.

For lengst er desse gamle utor livet,
Som grunn for dette venemøtet la,
Og ikkje finn vi heller noko skrive
Av det dei fyrste stemnedagen sa.

Men eitt er visst: Dei ville vekkja sinna
Og smelta isen i så mang ei sjel
I gut og jente og i mann og kvinna
Så dei i æva kunne leve sæl.
- -

Å du – kor mangt har skift i desse åra -
I praktisk handling og i teori,
Så mykje løynt er sidan blitt forklåra
Av kloke menn med vit og fantasi.

Men ikkje alt er tent oss til det beste,
Det tvertom kan vår bitre bane bli,
Og tidt vi spør oss sjølv: Kva vert det neste
Som no vil skje ved det dei forskar i?

Ved rådlaust verk dei gamle bruka seia:
”Umogeleg som opp til månen gå,”
Men det er løyst, og lenger vil dei greia
Å uti rømda koma til og frå.

Om då det brått, i året nittanhundre,
Vart sloppe laust – det ettertida gav,
Dei ville ikkje berre stått i undre,
Men simpel hen, dei ville gøymt seg av.

 

Å du, det spørst om ikkje snart dei klarer
Å setja himmelklotane i brann.
Då er det godt å ha ein Gud som svarer
Og ifrå naud og redsla hjelpa kan.

Så godt at Gud er just som han har vore,
Ja, sjølv om jord og himmelen forgår.
Så trygt det er å kvila i det ordet
Som i den gamle bibel-boka står.

No er vi samla her til takk og minne
Om fyrste møtedag og desse menn
Som framom anna hadde det i sinnet
Å vinna mennesker for himmelen.

Du trykkjer hender her i dag på stølen,
Ser folk ikring deg og på nære hald,
Frå Bjoastrand, frå Vats og ifrå Ølen,
Frå Vikebygd og mogeleg frå Skjold.

Og elles ein – du kanskje ikkje kjenner,
Usynleg mellom oss til stades er –
- han rettar ut dei naglemerkte hender
Og til det store bryllaup inn deg ber.

Han vil så gjerne din i dag få vera,
Og taka frå deg all di sorg og sut,
Og seier: Kom, de som har tungt å bera,
Hjå meg de skal så visst få kvila ut!

Til himmelen han slettes ingen tvingar,
Byd berre fram biletten han har løyst.
Han står i tolmod og til bryllaups ringar
Og kallar hjorden med si hyrdings-røyst.

Men så ein dag han himmeldøra lukkar,Som Noah gjorde i sin store båt.
Då er det inga von for dei som sukkar
I sorg og kvaler og i krampegråt.

 

 

Gå til side 1 av dette stykket - klikk her