Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Basar på bedehuset  

Sida er sist endra 19. aug. 2017


Vellukka og tradisjonsrik
sommarsbasar for Sjømannsmisjonen -
i dens 153. år
av Steinar Skartland 19. august 2017

Den lokale sjømannsforeininga må vera nøgd med eit godt resultat når dei avvikla sommarsbasaren fredag 18. aug. Fullt ved alle borda og pengane sat laust då lodd og årar vart selde. 

- Det er ikkje vanskeleg å laga basar når gevinstane kjem inn av seg sjølv, sa leiaren, Anne Lise Auestad, då ho takka både for frammøtet og alt som var gitt frå bygdefolket. Mellom dei 70 som møtte fram var det både born og vaksne i alle aldrar. 

På veggene hang veldig mykje fint handarbeid som vart trekt ut på bøkene, og på eitt bord framme var meir butikk-ting som gjekk på åresalet. Folk gir gåver til gevinstar og kjøper deretter lodd for kanskje å vinna tilbake eit eller anna. Spenning var det også for borna som stod i kø for å få vera med og dela ut gevinstane til dei som vann.

Plakaten måtte endrast når det galdt talaren, som vart Dagfinn Misje. Han har bak seg 40 år der han har reist heile verda rundt i teneste for den norske sjømannskyrkja og hadde både andakten og handterte trekkje-apparatet.  Vitsar og småstubbar sat laust hos han og skapte mykje latter og smil gjennom kvelden. I tillegg deltok Else og Kjell Alsaker med song og musikk. 

Foreininga for sjømannsmisjonen har lange tradisjonar i Vikebygd. Gjennomsnittsalderen på kvinnene som er med her, er høg. Like fullt er dei aktive med møte på kjøkkenet i bedehuset ein gong i månaden og basar kvar sommar.  Dei arbeider for sjømannskyrkjene, som nå vert kalla: Norsk Kirke i utlandet.  Før var det norske sjøfolk sitt møte med ein bit av Noreg i ei framand hamn.  I dag er dei like mykje til for sjåførar på langtransport, nordmenn på oljeplattformar og norske turistar i utlandet.  Sjømannskyrkja på Gran Canaria er vel eit eksempel på det siste.  Her har Dagfinn Misje tenestegjort i mange år.

Når sjømannsforeininga kvar sommar inviterer dei til basar på bedehuset blir det oftast fullt rundt borda. Det er både ein samlingsplass for å møta andre til ein koseleg prat med kaffikoppen og litt mat, medan ein spent lurer på om loddnummer i bøkene eller åresal skal gje utteljing og noko å få med seg heim av fine handarbeid eller innkjøpte gevinstar. 

Les også frå jubileumsfeiringa i 2014.

 



Krukkesong - første framføring vart i Ølen kyrkje, der omlag 25 tilbrakte ein fredagskveld med spesiell musikk og song til forteljing knytta til leirkrukker.
Krukkesong

- åtte krukker syng sine songar -

Krukkesong er eit nyskapande heilakustisk konsept mellom keramisk kunsthandverk og musikk, på høgt kunstnarisk nivå.

ØLEN KYRKJE - fredag 6. oktober kl. 19:30.
Billettar: kr 200 v/inngang


Kunsthandverkar Karoline Emmerhoff frå Haugesund har laga store keramiske krukker.
Sunniva Eliassen kjem heilt ifrå Alta med sin vakre song, og Ellen-Martine Gismervik frå Karmøy, men no busett i Oslo, vil spele for oss på sin cello.

Krukkesong er ei vidareføring av tanken om krukker som menneske, med ei ytre form omkring eit indre rom, men no er det rommet inni krukka det handlar om. At dette rommet inni krukka kan peike mot eit anna rom, og at det kan finnast ein song der. Kvar av dei åtte krukkene har sitt eige tema, og innhald. Vi får sjå, og deretter lytte til kva krukkene rommar. Keramikar Karoline formidlar sine tankar og musikken vil utdjupe innhaldet for oss.
Det vil bli både salmar og Bach.

Den første konserten blir i Ølen kyrkje. Konserten søndag den 8.10 blir ein del av Fartein Valen programmet for 2017, som satellittkonsert i Kulturkirken Skåre i Haugesund.

Venleg helsing
For Ølen/Bjoa sokneråd (arrangør)
Kari Vik Stuhaug, Sokneprest i Ølen og Bjoa
 


«60+ treff» i Skjold kyrkje til hausten
Skjold sokneråd ved diakoniutvalet ønskjer velkommen til uformelle,
sosiale samvær i kyrkjelydsalen:
Torsdag den 28. sept: Jens Tveit deler opplevingar med oss.
Torsdag den 26. okt: Silje Holden Birkeland: Leseglede
Torsdag den 30. nov: Kjem tilbake til dette. Her blir prat med kaffi og litt attåt. Sjå plakatar.      Velkommen!
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
September
Vikestølsmarsjen 3.9.
August
Basar på bedehuset
Forskjellig frå august-sept.
Gravsteinane på internett
Sildajazz i Skjold kyrkje
Lokale lag på Norway Cup
Juli
102 Sommarshow frå Plasset
Forskjellig frå juli 2017
30 sone i Plassavegen
Juni
Vikebygd i bilete
Jordskjelv 25.6.
Vikestølsmøtet
Nedoverbakke
Jonsok feiringa 23.6.
Dårleg stell av gravplass
Vossaplasset-vegen
Folketalet og skulen i bygda
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org