Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Vossaplasset   

Sida er sist endra 7. juni 2017


Sykkel og Gangsti forbi Vossaplasset
av Steinar Skartland 7.6.2017

Håp om at utbetring av vegen forbi Vossaplasset i Vikebygd kan starta seinhaustes. Trongen for å leggja ny kraftlinje som kabel i jord kan føra til oppstart som eit spleiselag og med kommunal forskottering på Fylkesvegen.
 

Dei smale svingane ved Vossaplasset i Vikebygd (Fv. 734)

Det er endeleg håp om utbetring av vegen forbi Vossaplasset i Vikebygd.  Dei lokale kommunepolitikarane frå Vikebygd hadde kvar for seg sendt inn skriftleg spørsmål om orientering i formannskapet 7. juni, om framdrifta og planane. Einingsleiar for Areal og Forvaltning, Anne Sofie Sandvik, ga ein grundig og optimistisk informasjon.

Kommunestyret i Vindafjord har Sykkel og Gangsti forbi Vossaplasset og til Plassavegen, langs fylkesvege 734, som 1. prioritet på oversikt over lokale utbetrings- og trafikksikringstiltak i kommunen.

Den endelege prioriteringslista er det Rogaland fylke som vedtek seinare i år. Førebels har fylket bevilga 1,5 millionar kroner til planarbeid og oppstart.  Reguleringsplanen er frå 1999 og er dermed forelda, men vegvesenet vurderer om den er eit godt nok grunnlag. Dersom dei finn at denne er tilstrekkeleg, vil det bli utbetra ein teknisk plan for prosjektet og ein vonar dei aktuelle planane kan vedtakast politisk til hausten. Tor Gunnar Skår er engasjert av Vindafjord kommune til å få til minnelege avtalar om grunnavståing mm. Dei fleste grunneigarane har godtatt avtale her nå og ein vonar å bli samde med alle, ein føresetnad for å kunna gå vidare med prosjektet.

Seinhaustes skal det leggjast ny kraftlinje for å sikre straum fram til Trovåg Laks. Det er SØK som står for dette. Linja skal leggjast i jorda langs vegtrasèen. Det blir også vurdert kloakkleidning i same grøft. Ein kombinasjon av dette med bygging av sykkel og gangsti vil gje eit godt spleiselag mellom fylke, kommune og SØK, og ei forsvarleg finansiering.

Dette er ein fylkesveg, så planar og finansiering må godkjennast av fylket. Om så skjer i haust kan kommunen forskottere mellomlegget og arbeidet koma i gong alt i 2017.
 

 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda

Juli
Forskjellig frå juli 2017
Juni
Jordskjelv 25.6.
Vikestølsmøtet
Jonsok feiringa 23.6.
Dårleg stell av gravplass
Vossaplasset-vegen
Folketalet og skulen i bygda
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Chris og Øystein Show
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
Tom Roger-konsert i kyrkja
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org