Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Dagen i dag: 
110 fotballkampar og Kjekt i Vik  laurdag 29.4.2017

Facebook    -   Twitter

Vikeputten 2017   

Sida er sist endra 29. april 2017

Dagen alle måtte bukke
Vikeputten - Fotball og glade born
av Steinar Skartland 29.4.2017



Tore Espeland - ein av veteranane i VikeputtenTore Espeland og Rune Hetland hadde hand om mikrofonen laurdag 29. april, og las opp namna på spelarane før desse 'bukka' for Siv Bente Larsen og fekk ein fin medalje om halsen. Deretter var det tid for diplom med bilde av laget. Litt krevjande var det å få laga alle diplomane, så nokre av laga måtte få desse ettersendt.

Nøyaktig kor mange som deltok på Vikeputten, har ein ikkje tal på, men Tore Espeland tar ei rask hovudrekning og anslår at det må ha vore bortimot 550 på dei 73 laga som spela til saman 110 kampar denne dagen. Og alle måtte i tur og orden fram og bukke for å få hengt ein medalje rundt halsen. Her var det ikkje taparar, men berre vinnarar.

Dei yngste på laga
gjekk ennå i barnehagen
Dei yngste var ennå i barnehagen. G6 og J6 står for at dei blir seks år i løpet av året, og dermed går dei yngste, som er 5 år, ennå i barnehagen. Dei fekk spela kampane sine inne i Kjekt-i-Vik hallen tidleg på dag. Kunstgrasbanen var delt på tvers i fleire banar med eit lågt nett slik at ballen heldt seg på rett bane. Kampane her var målrike. Fleire lag var oppe i 12-15 mål før kampen på to gonger ti minutt var over. Kvart lag fekk spela tre kampar før dei var klare for medaljeutdeling og diplom.

At det var så unge med er ei satsing frå Noregs Fotballforbund som har oppfordra at laga skal la borna bli glade i fotball så tidleg som mogeleg. I NFF sitt verdigrunnlag for barnefotballen, står skreve: "Barnefotballens verdigrunnlag bygger på tre pilarer: Fotball for alle, trygghet + mestring = trivsel og Fair Play". Ei mor kunne strålande fortelje om laga frå Etne og Vindafjord, som ikkje kjende kvarandre frå før, dei vart vener og sat lenge og prata saman etter kampen.


Kjekt i Vik og alle var vinnarar
Mange som kom frå andre bygder måtte skryta over Vikebygd og eldsjelene i idrettslaget som hadde fått til eit slikt bra arrangement og ikkje minst den store og flotte "Kjekt-i-Vik" hallen som kom til veldig god nytte.  Kald vind og overskya vêr prega føremiddagen då dei minste fekk spela innandørs. Etter kvart skein sola opp og himmelen vart blå. Då steig temperaturen også litt.


Dei kom for å spela mot kvarandre, men alle vart vinnarar. Om dei vann eller tapte den eine kampen, så var dagen ein festdag. Ingen veit kor mange som var på idrettsbanen, men eit overslag seier at det truleg var omlag 2000 personar innom. I tillegg til borna var det med foreldre, lagleiarar og trenarar, søsken, besteforeldre og bygdefolk. I kiosken og ved grillteltet var det full køyr heile tida. Omlag 70.000 kroner vart bytta med mat og godteri. Litt mindre omsetnad enn i fjor, kommenterte kasseraren, men kunne oppsummere at dette var ei god inntektskjelde der folk også kunne betala med M-Cash på mobilen.  I tillegg var det inntekter i form av det laga betaler i påmeldingsavgift og sponsorar. Overskot frå Vikeputten gjennom fleire år har vore med og finansiert hallen.


Eit slikt arrangement krev ikkje berre spelarar, men også dugnadsfolk som stiller opp og gjer at alt fungerer.  Heine Maurangsnes var ein av dei som hadde dommarfløyta og sørgja for fair play. Berre for å dømma kampane måtte dei ha bortimot 30 dommarar som skulle dela på dette gjennom dagen. På det meste gjekk kampar på 10 banar samtidig. Til saman 110 kampar frå morgon til kveld.

Mange har fått veksa opp til fotball trening gjennom idrettslaget i bygda og har nå gått inn i rolla som dommarar og trenarar. Bygda har sjølv dei kreftene som skal til for å kunna køyra slike arrangement, men viktigast er den gruppa med eldsjeler som utgjer leiarane i idrettslaget og fotballgruppa. Denne laurdagen stod dei for eit flott og vellukka arrangement i Vikebygd.
 


Mange kampar gjekk samtidig

Fotballspelarane gjekk inn i kampane med liv og lyst

Tradisjonen tru takkar alle laga for kampen
 

Førehandsinformasjon:

Laurdag 29. april - Vikebygd
Fotballturneringa VIKEPUTTEN

Informasjon frå idrettslaget, 12.4.2016

73 lag er påmelde
110 kampar skal spelast på 1 dag
Over 2000 personar på idrettsplassen


Vikeputten har også i år fått svært god påmelding. Det blir i alt 73 lag med og det skal spelast over 90 kampar laurdag den 29. april. Dei som har vore med før gir uttrykk for at dei er nøgde og det skal dei bli i år også!!  Med spelarar, lagleiarar, foreldre og publikum vil det vera over 2000 personar innom arrangementet.  Dette krev god førebuing og gjennomføring. 

Fotballgruppa i idrettslaget  har god erfaring og har laga eit oppsett med eit stort mannskap til å gjennomføre det praktiske under arrangementet denne dagen.
Les også om førre arrangement, i 2016, her.
 
 


Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
April
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

2016
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org