Dei 5 kyrkjene i Vikebygd
opp i gjennom tidene
ca år 1200 - i dag

tilrettelagt for web av Steinar Skartland

Nyheter frå Vikebygd    |    Informasjon om Vikebygd    |     Read this text in English

Den 3. kyrkja i Vikebygd

      

Den 4. kyrkja i Vikebygd


Fyrste kyrkja er frå 1200 - talet

Austre Vikebygd har vore ein gamal kyrkjestad. I alt kjenner vi til 5 kyrkjer opp gjennom tidene i bygda vår.

Fyrste gongen Vikebygd kyrkje er nemnd i skriftleg materiale, er i året 1315 (eller 1313), og var då kalla "Viksar kyrkje." Vi kjenner ikkje til kva tid denne vart bygd, men det var truleg på 1200-talet, og var bygd som ei stavkyrkje. Ho skal ha stade på same staden som kyrkja vår står i dag, heilt fram til året 1682. Då vart ho nedriven og ei ny kyrkje vart bygd. I året 1431 er soknet kalla "Vika."

Andre kyrkja er frå 1682

Frå reformasjonen høyrde Vikebygd til Fjelberg prestegjeld, og det var presten i Fjelberg, Peder Heltberg, som kosta kyrkja, som kom på 74 RiksDalar, 1 Mark og 8 Shilling. Denne kyrkja hadde óg eit lite tårn og våpenhus, og vart bygd på same staden som den fyrste. Ho stod der til året 1873, då ho vart nedreven og seld.

Om denne kyrkja var sagt (etter eit notat i Haugesunds Avis i 1926:)
" ... Kirken eides av gåbruker Lars Selsaas. Gamle folk forteller at den for 200 år siden ble oppbygget av to jenter som foraerte den bort. I 1870 ble den nedrevet og solgt paa auksjon, og deler av den er spredt for alle vinder. Omkring paa gaardene i Vikebygd ligger det saaledes og slenger adskillige verdifylle gjenstander fra det gamle gudshus." (Ei av dørene skal vera på Plassabakeriet i Vikebygd den dag i dag.)

Tredje kyrkja er frå 1872

Den 3. kyrkja i VikebygdAllereie før den gamle kyrkja vart reven hadde dei teke til å byggja ei ny trekyrkje, som vart vigsla 16.okt. 1872 av biskop Peter Hersleb Gråh Birkeland. Denne kyrkja vart bygd i ein liten trelund 63 meter nerare sjøen, det vi kallar den gamle kyrkjetomta, eller parken. Dette var ei tredelt hallekyrkje i tre med 380 sitjeplassar. Denne kyrkja hadde òg eit tårn med 2 klokker. Ein vårdag den 16. april 1926 slo lynet ned i kyrkjetårnet, og snart stor ho i ljos loge. Folket samla seg, men det var uråd å få sløkt brannen. Likevel greidde dei å berga ut noko av inventaret. 

Fjerde kyrkja er frå 1928

Den 4. kyrkja i VikebygdArbeidet med ny kyrkje vart straks sett i gong. Arkitekt Alvsaker frå Bergen laga teikning i modernisert stavkyrkje stil. Ho var noko større enn den gamle, men stod på same staden. I denne kyrkja var det 400 sitjeplassar. Kyrkja vart den første i Vikebygd som fekk orgel. Ho vart vigsla 11 juni 1928 av biskop Hognestad.

Men gleda over den nye kyrkja varde ikkje lenge. Natta til måndag den 8. desember 1930 vakna folk i Vikebygd av at klokkene stormringde. Kyrkja stod i ljos loge. Ein av dei som budde nærast, Lærar Lars Møllerhaug hadde merka brannen. Han sprang til og tok til å ringja med klokkene av alle krefter, men hadde nær stroke med. Folket strøymde til, men det var ikkje noko dei kunne gjera, og ingen ting kunne bergast.

Elden tok til i sakristiet, og på eit par timar var kyrkja i oske. Truleg var det eit omnsrøyr som var årsaka til brannen. Det hadde vore barnedåp om søndagen, og veret var kaldt. Difor hadde dei fyrt ekstra godt i omnen i kyrkja. 

Femte kyrkja vart vigsla i 1937

Den 5. kyrkja i VikebygdFrå året 1861 hadde Vikebygd vore lagd til Sveio Prestegjeld, som omfatta bygdene begge sider av Ålfjorden. Folket på Sveio sida høyrde til kyrkja i austre Vikebygd, og måtte reisa over fjorden til kyrkje. Dei sutte med å halda fram med dette, og no kravde dei at det vart bygd kyrkje i Førde òg. Slik vart det, men dette førte til at byggjeplanane var forseinka så den nye kyrkja i Vikebygd ikkje stod ferdig til vigsling før 23. september 1937. Denne kyrkja, som vi har i dag, er bygd i mur, og er plassert på den eldste kyrkjestaden. Ho har omlag 300 sitjeplassar og er teikna av arkitekt Alvsaker i Bergen.

Kyrkja fekk orgel, bygd av Landrog i Haugesund, og sett inn i eit sidegalleri tårnet. Dette orgelet var i bruk fram til slutten av 80-talet, då kyrkjelyden og kommunen i saman investerte i nytt orgel. Dette er bygd i Holland. Som ein kuriositet kan nemnast at det gamle orgelet framleis kan spelast på, og er utstyrt endå i dag med belg som ein kan pumpa med fotpedal. Av og til tek entusiastar og set seg på orgelkrakken der, kanhende får dei ein til å trø belgen for seg og.  Diverre er det noko ustemt og ikkje heilt i orden, så nå får det nyta pensjonisttilveret, og vert ikkje nytta i gudstenestene.
          

Folket i Vikebygd er glade i den vakre kyrka, som kallar dei inn til helg og høgtid, glede og sorg. Her ber ein borna til dåpen, her står dei konfirmant. Her giftar dei seg og her samalst dei for å feira gudstenesta saman og for å ta med seg gudsordet i dei store høgtidene. Ja, og her ber dei sine vener og slektningar til den siste kvilestaden på den vakre og velstelde kyrkjegarden.

Tilreisande prestar og gjester til bygda slår hendene saman og rosar den vakre kvite kyrkja, som stundom vert kalla "katedralen i kommunen."

Velkomen du og til kyrkja

 


Informasjon om kjelder og utfyllande informasjon om kyrkjene.  | 

Nyheter frå Vikebygd i Vindafjord:  Vikebygd.org  
Anna informasjon om Vikebygd:  vikebygd.no

Kyrkjebladet Hyrdingen - utgjeve av kyrkjene i Vindafjord

Read this text in English

(Utarbeidd av Steinar Skartland )