Lokalt bibliotek i
Gamlatunet
Ope onsdagar
17:00 - 19:30
Bok i butikk
hos Joker Vikebygd
Last ned skjema for lånekort,
HER.
Send det til biblioteket, kom innom med det eller putt det i ein av
innleveringskassane.
Om nokon finn at tekst eller bilete på desse sidene er støytande eller ikkje
skulle vore offentleggjorde, så kontakt meg på tlf 908 73 170 eller ved å
klikka HER, så vil eg endra. Steinar Skartland
Du kan bidra
til denne web-sida
Dersom du har informasjon eller nytt frå Vikebygd som kan leggjast på desse sidene,
så send dei på e-mail til:
steinar.skartland@vikebygd.org
(26.1.2011 SS) Laurdagsklubben har vorte meir og meir populær
i Vikebygd dei siste åra. I 2011 var 48 born innom klubben.
36 deltok 3 eller fleire laurdagar. Det er tydeleg at opplegget som
byggjer på søndagsskulen sitt materiell, men har mange spennande
aktivitetar for borna, fell i smak. Hovudleiar i klubben
Kjersti Bjerga, har fått arbeidet inn på eit spor som borna likar
veldig bra.
Utover å læra kjende kristne barnesongar og bibelforteljingar, så
har Laurdagsklubben eige bibliotek. Det er populært mellom
borna å låne med seg bøker heim. Bøkene er tilpassa
aldersgruppa som kjem, Her er biletbøker for dei minste, og
tekstbøker for dei som kan lese. Så varierer aktivitetane
mellom spel, film, leik og forskjellige formingsaktivitetar der
borna får laga ting dei kan ha med heim. Laurdagsklubben har
fått tilskott både frå Kraftlaget, kommunen og lokalt legat.
Dette har gjort det mogeleg å kjøpa inn ein god del nytt og flott
materiell, som gjer det ekstra spennande for borna.
Laurdagsklubben samlar også inn pengar til eit misjonsprosjekt som
Søndagsskolen og Misjon Uten Grenser har i Romania.
Pengene har gått til Barnebiblar, sommarleirar for born i Romania, og
nå sist til varme luer til born.
Les meir her.
Norsk Søndagsskoleforbund er historie!.
I Vikebygd heiter det: Laurdagsklubben.
Det nye namnet på organisasjonen er: SØNDAGSSKOLEN NORGE.
Gamleskulen
i Vikebygd
(24.1.12 SS) Formannskapet i Vindafjord
vedtok i møte 24.1. å bevilga 400.000 kr til å dekkje kostnaden med
å rive gamleskulen, fjerne og planere skuletomta. Eit fleirtal
gjekk inn for riving av skulen. Saka er ikkje endeleg. Den skal
opp att i kommunestyret den 7. februar. Fleirtalet såg verdien i å
rydde tomta og tenkja framover for ei betre utnytting av arealet.
Høgre vart ståande åleine med eit framlegg om å
selja skulebygget til firmaet Multivedlikehold, som har søkt om å få
byggja dette om til innkvartering av innleidde personar som dei
leiger ut til lokale verksemder. Dette ville gje inntekter på
500.000 og at firmaet i tillegg tar kostnaden med å flytte
ballbingen. Meir folk til bygda ville nok også kunna gje inntekter
til t.d. butikken.
KrF argumenterte med at kommunen måtte gå i
dialog med Grendautvalet om å laga ein plan for området, men fekk
ikkje formannskapet med på å ha dette med i vedtaket.
Vidare vart det peika på at kjellaren på
Gamleskulen ennå er i bruk til sløyd, då ein ikkje har eigna rom for
dette i dei nye skulebygga. Formingsrom er på langtidsplanen for
kommunen, men riving kan koma til å skje før nye lokalar er bygde.
Dette vert ei utfordring for både skulen og kommunen. Les meir
her.
Årsmøte i Vikebygd Idrettslag 13.02.2012, klokka 20:00 Idrettslaget kallar inn til årsmøte på klubbhuset måndag 13.2. kl
20:00 på klubbhuset.
Saksliste for årsmøtet er lagt ut
Her.
Alle medlemmer over 15 år som har betalt medlemskontingent for 2011 har
stemmerett.
Ordføraren på synfaring i Vikebygd
(21.1.12 SS) Fredag tok ordførar Ole Johan Vierdal
turen til Vikebygd får å studera gamleskulen med eigne auge. Saman med
Kjell Kjærland frå teknisk og varaordførar Steinar Skartland møtte han der Jens
Morten Koltveit som er med i FAU. Så langt var dei samde om at å riva skulen og
sjå kva dette området kan utviklast til for bygda, er rett. Det kan
likevel vera lurt å bruka litt lengre tid slik at grendautvalet kan få vera med
og laga ein plan for området. Jens Morten Koltveit var tydeleg på at slik
denne tomta ligg bør det rettaste vera å bruka området til beste for barn og
unge.
Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) ved Vik skule sende i
desember eit brev til kommunen om saka. Dei er urolege for sikkerheita til
born som leikar på området rundt skulen og oppfordringa deira er: - Einaste
fornuftige å gjere er å fjerne Gamle Skulen.
Så spørst det om politikarane i formannskap og kommunestyre
røystar for dette. Det er viktig at bygdefolket gjer sitt syn til kjenne.
Opprop frå Grendautvalet:
Riv Gamleskulen og gjer ei totalvurdering av arealet. Leiaren i Grendautvalet, Rune Hetland, hadde ikkje høve til å delta på
synfaringa,
men har skreve brev til politikarane i formannskapet der han oppfordrar dei til å
gå inn for å riva gamleskulen og gjera ei totalvurdering av arealet til beste
for bygda.
- For å få ei god framtidsløysing for dette området vil det
beste vera å riva gamleskulen og deretter setja i gang eit kreativt arbeid saman
med Vik grendeutval og bygda elles for å sjå korleis dette området kan utviklast
til å vera ein ressurs for bygda si utvikling, skriv Rune Hetland, og seier
vidare: - Her kan ein tenkja seg fleire alternativ frå bustader til
servicenæringar. Det er svært sannsynleg at ein kortsiktig gevinst ved eit sal
av bygget vil vera eit stort økonomisk tap for kommunen i forhold til å sjå
heile området samla. Les meir her. Les brevet frå Grendautvalet
til politikarane her.
Les
saksdokumentet til formannskapet her.
Kart og tilbod på bygget.
Andre saker til
formannskapsmøte 24.1.2011
Vinterstemning i Vikebygd
Fredag skifte vêret frå regn og sludd til solskin då dagen gjekk mot
kveld.
Gamleskulen i Vikebygd si framtid skal
avgjerast
(15.1.12 SS)
Den
24. januar får formannskapet ei sak på bordet med val mellom sal av bygg og
tomt, eller riving av det gamle og forfalne skulen. Saka skal vidare til
kommunestyret. Fleire interessentar har
vurdert bygget, men
berre ein står att og har ynskje om å byggja om til innkvartering av arbeidarar
til ulike verksemder. Mange i bygda er skeptisk til ei slik løysing og
Grendautvalet har tidlegare peika på at dette området kan nyttast til fleire
ulike og spennande føremål til nytte for Vikebygd.
Rådmannen rår til å riva skulebygget, og meiner at området
kan vera aktuelt til bustadføremål. Så vert det opp til politikarane å avgjera
gamleskulen sin lagnad. Les meir her.
Hva sjer'a
Veit du om noko som skal skje i Vikebygd?
Send ein e-mail til meg - så skal det få ein plass på internett kalenderen.
Eller kanskje du har bilete eller litt tekst frå det som har skjedd?
28/01/2012 08:52 Teken med gassvåpen I varetekt etter vÊpna aksjon i Skånevik.
26/01/2012 14:07 Karrierebeste for Thomas Thomas VestbÞ (23) er godt tilfreds etter fÞrste renn i ski-NM.
26/01/2012 08:37 Birkenes debut som radiovert, utsett Debuten som radiovert må venta nokre dagar, for Kenneth Birkenes frå Nrk-serien Ingen grenser. Med-programleiar SynnÞve SvabÞ er blitt sjuk.
25/01/2012 15:14 Gro Marit fekk flest stemmer Grannar sine lesarar har talt: Gro Marit Messmer Larsen (28) er kåra til à rets namn 2011.
25/01/2012 14:21 Vegen gav etter Trailer-tilhengar velta i grÞfta
25/01/2012 11:43 Konkluderar med fem pålegg
Arbeidstilsynet er framleis ikkje nÞgde med Westcon si oppfylling av arbeidsmiljÞlova. Blir ikkje dei fem pålegga oppfylt innan fristen, kan tilsynet lÞpande bÞtelegge eller stanse aktivitet til verksemda.
Folket i Vikebygd har bidratt med Kr 94.569 til Idrettslaget gjennom Grasrotandelen
(9.1.2012 SteinarS) Dei som spelar hos Norsk Tipping kan velja at ein del
av spelebeløpet skal gå til ein organisasjon som dei vel ut og som er godkjend
for dette. Vikebygd Idrettslag er godkjend for å motta den såkalla
"Grasrotandelen". 2011 vart eit rekordår der Norsk Tipping totalt kan
overføre 296 millionar kroner frå spelarane til lag og organisasjonar i Noreg.
Av dette går 35.215,50 til Vikebygd Idrettslag. Frå ordninga vart
oppretta har dermed heile kr 94.596,- hamna hjå idrettslaget vårt.
Idrettslaget
har 154 betalande medlemar. På det meste har 126 aktive tipparar
registrert seg slik at deira grasrotandel har kome Idrettslaget i bygda til
gode. Sjå statistikken her.
Norsk Tipping takkar alle som har støtta lokale lag og organisasjonar på
denne måten. Lurer du på kor mykje andre lag og foreiningar har fått
gjennom Grasrotandelen? Gå
inn på www.grasrotandelen.no
for å finna det ut.
Retningslinene for Grasrotandelen vert fastsett av ei forskrift frå Kultur- og
kyrkjede-partementet, som du kan lese
her.
Det er som kjend ein del aktive idrettsungdomar i Vikebygd som spelar fotball på
IL Skjoldar. Dette laget fekk Grasrotandel frå 146 tipparar, noko
som ga dei kr 67.377 i 2011.
Grasrotmottakarane vil motta midlar over Grasrotandelen tre gonger i året,
1.januar 1.mai og 1.september. Det vert ikkje lagd føringar på kva midlane skal
brukast til.
Grasrotandelen
Gamlatunet er opna igjen på onsdagskveldane Det privatdrevne biblioteket på Gamlatunet har vorte svært populært,
særleg mellom dei eldre i bygda. Her samlast dei til kaffi, kake og
hyg-geleg samvær på onsdagskveldane.
- Me startar opp med bibliotek igjen onsdag 18. januar klokka
17:00 - 19:00, skriv Anita som ynskjer velkommen til å låna bøker og til å slå
av ein prat over ein kaffikopp.
Vikebuen
inviterer til
Strikkekafé på Gamlatunet tysdag 17.januar kl 20:00.
-Du kan få hjelp med vrange masker, hekla ruter
eller liknande, fortel Ingrid M. Sørvåg. -Det blir sal av garn, servering
av kaffi og det blir utlodding.
Interessant å lesa om bygda i
eldre tid?? Få
med deg sogeblada - til sals i butikken Vindetreet:
Sogeskriftet for bygdene Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats,
Skjold og Vikebygd
Kjøp Vindetreet over Internett
Rekord-besøk på vikebygd.org i 2011.
Total hits: 2.315.486 (i 2010: 1.791.947. Auke på 29,2%)
Total visits: 95.278 (i 2010: 63.635. Auke
på 49,7%) Gj.snittleg besøk pr dag i 2011: 261. Statistikk pr mnd, her.
Nyttårsfeiring og fyrverkeri i Vikebygd
Bakkebatteri ga flott markering av årsskiftet.
(1.1.2012 SteinarS) Ein og annan rakett gjekk av tidleg på kvelden slik
at dei minste borna skulle få sjå dette også, men då klokka slo 00:00 og året
2012 tok til, var det mykje krut som gjekk til himmels. Så kan vi endå ein gong
få ynskja alle: Godt Nytt År.
Bakkefyrverkeri over Skartland.
Les meir her.
Vikefjellet har tatt på julapynten. Foto: Roald
Årvik Parti frå Morgonsvatnet med Javnanuten i bakgrunnen,
ein sundag føremiddag (18.12.11). Fleire bilete her:
http://roald.vikebygd.org
Forsøk på å verve nye
innbyggjarar
Romjulsmesse i Ølen (28.12.2011
SteinarS)
Rune Hetland, leiaren i Vikebygd Grendeutval, stilte opp i kulturhuset i
Ølen torsdag i romjula, for å verva nye Vikebuar. Han var ein av omlag 20
utstillarar som tok imot utfordringa frå Vindafjord
Tomteselskapog kommunen om å delta
på romjulsmessa. Nyleg vart det opna 19 nye tomter i Vikebygd
som utviding av Lio 2.
-Vi har hatt folk innom som har vore
interessert i tomter i Vikebygd, kunne Rune fortelja. Les meir frå Romjulsmessa.
Plantene forvirra
Krøll med klima og årstider (31.12.2011
Roald Årvik) På den siste dagen i året så har Snøsløyfa Iberis
Sempervirens byrja å blome, ei mengde knoppar ligg klar til å skyte ut til ein
blome.
Laurdagsklubben inviterte til
Juletrefest på bedehuset 30.
desember Omlag
60 born og vaksne var med då Laurdagsklubben og Tripp-Trapp inviterte til juletre-fest på
bedehuset i Vikebygd. Kjersti Bjerga hadde andakten. Her fekk me høyra om
Jesus som vart fødd og måtte liggja i "matfatet til dyra" (krybba), om englane
som song og gjetarane som gjekk for å finna barnet. Julesongen tona flott
i møtesalen denne dagen. Festen vart avslutta med alle i ring om juletreet og song av dei
kjende julesongane. Les her.
Grøn Jul
Ei våt julefeiring i Vikebygd (26.12.2011
SteinarS)
Det kom litt snø og kulde i advents-tida, men vêret snudde om før jul.
Både juleafta og juledagane har det vore mildvêr og regn i Vikebygd. 2.
juledag viste termometeret 10 grader ute, og ein kunne undra seg på om det
snart var tid for å ta fram grasklypparen og stussa plenen litt. Lengre
nord på kysten var det stormen Dagmar som herja. Litt merka ein nok og den
i Vikebygd, men ikkje mykje.
The
Skartland family Christmas card and song,
here it is.
Just click on the link.
Merry Christmas from all of us to all of you.
A Skartland Christmas |
FACEBOOK
Leif Skartland Sr - Vocals, Rhodes, Piano, guitar; Leif Skartland Jr - Drums,
Keys, Mixing; Danielle Devlin - Vocals; Tim Devlin - Bass;
Carla Skartland - Applauded :)
Fullt kyrkje på Juleafta.
24. 12, klokka 16:00.
Mest
imponerte aspirantane som hadde fått sine første instrument utdelt i September i
år, og som stilte opp og framførte "Bjelleklang" heilt åleine. Elles
deltok korpset med musikkarar i alle aldrar. Dei fleste har
spela i mange år og er svært dyktige under leiing av Andreas Ulveraker.
Arne Tveit spela kyrkjeorgel i lag med korpset på nokre
musikkstykke. Her var også andre innslag der Marie og Astrid Mortveit song
duett til musikk av Arne Tveit på piano. Helge Veastad framførte etterpå: "Mitt hjerte alltid vanker,"
på sologitar i samspel med kyrkjeorgelet. Les meir her.
Dugnadsånd i Vikebygd.
Opning av ny leikeplass mellom Lio 1 og 2. (18.12.2011 SteinarS) Søndag 18.
desember kunne Lio Vel opna den nye leikeplassen i Vikebygd med program for borna og
grilling for heile familien. Lekeplassen er både ein naturtomt der terrenget har fått liggja slik det var,
og med plass for foreldra. Her er tilrettelagt med eit hellelagt område og lèvegg
der grillgryta er på plass.
Varaordførar Steinar Skartland var invitert til å tale ved opninga.
Velforeininga har fått støtte i form av 10.000 av Vikebuen, 16.000 av VAF og 3.000 av SR-Bank.
Utover det flotte arbeidet Agnar Alne har gjort av entreprenørarbeid, så er alt
anna gjort på dugnad. Les meir her.
Vikebygd Kyrkje
Ljosmessa 18.desember (18.12.2011 SteinarS) I mange år har det vore
tradisjon for Vikebygd med ljosmesse i desem-ber. Søndag 18. 12. var 156 samla i kyrkja. I sentrum stod speidarane og konfirmantane.
Kvar med sitt levande ljos. Til saman gjorde dei
det ljosare i kyrkja. Slik den glade bodskapen vert spreidd ut i verda.
Den fekk speidarar, konfirmantar og prest vera med og dela i kyrkja denne
kvelden. I tekstlesing, song og deltaking.
Joker butikken held fram
-utvidar opningstida
(27.11.2011 SteinarS)
Etter at
Vikebygd Landhandel vart avertert for sal i sommar, har
mange
vore urolege for at bygda skulle bli utan nærbutikk. Fleire interessentar
har vurdert å ta over butikken, men så langt vikebygd.org kjenner til har alle
desse trekt seg.
Rolf Alne, tok over butikken i 1999. Han har ikkje tenkt å
leggja inn årane ennå, og har konkludert med å halda fram drifta av Joker-butikken sjølv.
Les meir her
Tomter i Vikebygd
Graveopning på Liofeltet
(17.11.2011
SteinarS)
Torsdag 17. november deltok ordførar og varaordførar då dagleg leiar i
Tomteselskapet, Leon Dyngeland, markerte "graveopning" i Liofeltet. 19
nye tomter vert klargjorde av Tveit Maskin og folk har alt meldt si interesse
for å byggja.
Tomtene har kort veg til butikk, skule,
idrettsanlegg og barnehage. Vikebygd er ei fantastisk bygd å busetja seg i. Gode
oppvekstvilkår, mange fritidsaktivitetar og du kan nytta muligheitene naturen
har på sjø og i fjell.
Les artikkelenHER.
Om tomtene i Vikebygd HER
Fotballturnering som samla heile 76 lag i 2011 (69 i
2010) og 700 born frå heile distriktet, til ein dag med
fotballkampar frå morgon til kveld
LES MEIR HER
Vikesprinten 1.mai
Orienteringsløp for Haugalandet og Sunnhordland. SUNDAG 1.mai-11
Les HER
Årleg tradisjon frå år 1900. Her samlast folket frå dei fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar. Les meir om møtet i 2011. 100 år på stølen
Årvisse arrangement
Vikebygd Festivalen
23. juli 2011
Utstillarar med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Les meir. Sjå bileta HER.
Sjå
Invitasjon til 2011
Vikestølsmarsjen
1. søndag i september
Idrettslaga i Bjoa og Vikebygd arrangerer familietur til Vikestølen.
Les meir.
Familieidrettsdag
erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 24. sept. 2011
Lesarane kan sjølv leggja inn kunngjeringar av arrangement direkte på web sida
her:
(Red.
kan endra i innlegg).
NB. Bruk kun Internet Explorer for å leggja inn meldingar her:
2. febr:
Bedehusmøte kl 19:30 Alle velkommen.
-------- 2. febr. 2012: VIKEBUEN ÅRSMØTE
på Bygdahuset.
kl 20:00.
Plakat/program her -------- 4.
febr: Laurdagsklubb for born
kl 15:30 på bedehuset. -------- 13. febr. 2012,
kl 19:00: KORPSET: ÅRSMØTE
I MUNA-BYGGET, Skulen. -------- 13. febr. 2012,
kl 20:00: IDRETTSLAGET: ÅRSMØTE
på klubbhuset ved idrettsplassen
-------- 16. febr:
Bedehusmøte kl 19:30 Alle velkommen.
-------- 18.
febr: Laurdagsklubb for born
kl 15:30 på bedehuset. -------- 19.
febr: Gudsteneste
kl 11:00 i Kyrkja.
Takkoffer
-------- 1.
mars: Bedehusmøte kl 19:30 Alle velkommen.
-------- 3.
mars: Laurdagsklubb for born
kl 15:30 på bedehuset. -------- 15.
mars: Gladsong på
Bedehuset
kl (sjå oppslag)
Alle velkommen.
-------- 17.
mars: Laurdagsklubb for born
kl 15:30 på bedehuset. -------- 18.
mars: Gudsteneste
kl 17:00 i Kyrkja.
Årsmøte etter gudstenesta
Takkoffer
-------- 30.
mars: BASAR & Årsmøte
på Bedehuset i Vik, kl. 19:00.
Alle velkommen
-------- 31.
mars: Laurdagsklubb for born
kl 15:30 på bedehuset. -------- 8.
april: Gudsteneste
1. påskedag.
kl 11:00 i Kyrkja.
Takkoffer
-------- 12.
april: Bedehusmøte kl 19:30 Alle velkommen.
-------- 14.
april: Laurdagsklubb for born
kl 15:30 på bedehuset. -------- 22.
april: Gudsteneste
kl 18:00 i Kyrkja.
Samtalegudst. m. konfirmantar
-------- 26.
april: Bedehusmøte kl 19:30 Alle velkommen.
-------- 28.
april: Laurdagsklubb for born
kl 15:30 på bedehuset. -------- 13.
mai: Gudsteneste
KONFIRMASJON
kl 11:00 i Kyrkja.
Takkoffer
-------- 17.
mai: Gudsteneste
kl 10:00 i Kyrkja.
Takkoffer
-------- 22.
mai: Fellesmøte på BJOA For Bedehusa i Bjoa og Vikebygd
-------- 17.
juni: Gudsteneste
kl 17:00 i Kyrkja.
Blomstergudsteneste
-------- 1.
juli: Gudsteneste
kl 12:00 i Kyrkja.
-------- 5.
aug: Gudsteneste
kl 10:00 i Kyrkja.
--------
Idrettt
Volleyball for damer og herrar:
Vikebygd Bygdehus kvar onsdag frå kl 20:30-22:00.
Volleyball for ungdomar (f.o.m. 7. kl) og vaksne nybyrjarar, startar opp kl 19:30 - 20:30
-------- O-gruppa:
Eiga web-side
her
Vald på grendamøte 26.11.08: Rune Hetland, leiar Gunnar Birkeland Reidar Bjordal Aud Jorunn Tordal
Hanne Jorunn Helgeland Varamann: Rolf Alne Les meir om
Grendautvalet her.
9 turmål i Vindafjord
-i sommarhalvåret- Oppe i fjellet
og i skog og mark er det merka turløyper og nutakassar. Vindafjord Kommune har
utarbeida ei brosjyre med 9 turmål, eitt i kvar bygd. Du kan lasta ned ei
brosjyre om desse HER.
Nutatur i Vikefjell I Vikefjella
er merka turløyper. Speidarane set opp 6 nutakassar i sommarhalvåret. Du kan lesa
meir om dei HER.
Gjestehamner Med båt til gjestehamnene i Sunnhordland, Hardanger
og på Haugalandet.
Sjå her: Vikebygd Båthamn
Styret for Vikestølshytta:
Vikestølshytta er open for alle!
Om grupper ynskjer å overnatte her bør ein ringe og melde frå, for å unngå at det vert fleire større grupper same natt. Alle skal likevel kunne ha anledning til å overnatte, og ingen kan krevje å få vere åleine på denne hytta.
Ta kontakt med:
Ola Harald Alne,
- tlf 928 15 380, eller
Jarle Sandsgård,
- tlf 916 01 676.
Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland. -------------------- Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider, så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller Tilbakemeldingar om websida HER.
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon om kva som skjer i Vikebygd.
Lokale lag, grupper eller bedrifter som ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining
kan ta kontakt med web ansvarleg: Steinar Skartland:
tips@vikebygd.org
Web redaktør: Steinar Skartland 5568 VIKEBYGD. Tlf 53769128 - Mobil 908 73 170
tips@vikebygd.org