Kyrkjene
i Vikebygd - Noreg
Gjennom 800 år

Tilleggsinformasjon og kjelder

skreve inn av Steinar Skartland på bakgrunn av fleire skriftlege kjelder,
men hovuddelen av teksten er henta frå:
"Festskrift til 50-års jubiléet for Vikebygd kyrkje, 1986 (utgjeve 1987):

Underpunkter:
Inndeling i kyrkjesokn - og endring i desse:
- Sveio Prestegjeld
- Ølen Prestegjeld
- Fjelberg Prestegjeld
- Nytt prosti og bispedømme 2002
- Haugaland prosti 2013

Bygging av den 5.kyrkja i 1936,
Vikebygd kyrkje, av Ole Meling
Kyrkjene i Vikebygd av Olav Lauvås
Om døypefonten og inventaret i den eldste kyrkja
Kyrkjene 12001682187219281937

Arkiv for slektsgransking m.m.:

Genealogiske ressursar i Noreg 
Norske arkiver, historielag og lokale ressursar
DIS Norge

ANDRE AKTUELLE WEB-SIDER:  
 
Nyheiter frå Vikebygd - vikebygd.org

Fakta om Vikebygd - vikebygd.no   


Inndeling i kyrkjesokn - og endringar i desse:


Sveio prestegjeld

Kyrkjesokn: Sveio (1861-), Valestrand (1861-), Vikebygd (1861-1935), Austre Vikebygd (1935-1964) og Vestre Vikebygd (1935-). Sveio vart utskilt frå Finnås 1861. Vikebygd blei skilt ut frå Fjelberg 1861. Valestrand sokn blei overført frå Stord 1870. Vikebygd sokn vart delt i Austre og Vestre Vikebygd 1935.

Gnr. 33 overført frå Valestrand til Vikebygd 1861. Gnr. 31-32, 35-38 vart overført frå Moster sokn i Finnås til Valestrand 1870. Gnr. 99-100 frå Sveio sokn til Vikebygd i 1901. Tilgang: Gnr. 58-59 blei overført frå Skjold i Rogaland til Vikebygd i 1929. Avgang: Austre Vikebygd blei overført til Ølen 1966.
Til toppen
 


Info om Ølen

Tilhøyrde Bergen stift, Bergenhus amt, Sundhord og Hardanger fogderi rundt 1750.

Ølen prestegjeld

Kyrkjesokn: Ølen (1952-), Bjoa (1952-) og Austre Vikebygd (1964-). Namneskifte frå Bjoastrand til Bjoa 1954. Utskilt frå Fjelberg 1952. Tilgang: Austre Vikebygd frå Sveio 1966.

Fjelberg prestegjeld

Kirkesokn Fjelberg, Eid, Bjoastrand (1903-1952), Vikebygd (til 1861) og Ølen (til 1952). Avgang Vikebygd sokn ble overført til Sveio 1861. Ølen og Bjoastrand sokn ble overført til Ølen prestegjeld 1952. Gnr. 7-10 ble overført fra Eid sokn til Stord prestegjeld 1898. Gnr. 103, 116-118 ble overført fra Ølen til Bjoastrand 1916. Gnr. 1-6 ble overført fra Eid til Husnes 1968. (Kilde: Riksarkivet).


Nytt prosti og bispedømme 2002:

Fram til år 2001 var Ølen prestegjeld ein del av Sunnhordland Prosti i Bjørgvin bispedømme. Då kommunen var flytta over til Rogaland ved årsskiftet til år 2002, vart også Ølen prestegjeld flytta over til Nordre Ryfylke prosti i Stavanger Bispedømme.

Haugaland prosti frå 2013

Frå januar 2013 er prostia endra og Vikebygd i Vindafjord høyrer til: Haugaland Prosti. Prosten sin kontorstad er i Haugesund og prostiet har fylgjande fellesråd: Bokn, Haugesund, Tysvær, Utsira og Vindafjord.

Kyrkjelydane i Vindafjord nå er del av Haugaland prosti. Den første prosten var Norodd Stavenjord, som slutta av våren 2015. Han vart etterfylgd av prost Rune Steensnæs Engedal.

Til toppen


Bygging av Vikebygd kyrkje 1936

v/ Johannes Dommersnes.
(Den 5. kyrkja i Vikebygd)

Den 5. kyrkja i VikebygdArbeidet med Vikebygd kyrkje tok til i september 1936. Den tida var ikkje maskinane tekne i bruk, så matjorda vart teken bort med spade og skuffel og køyrd bort med hest og kjerre.

Det var Gunnar Birkeland d.e., Sigurd Møllerhaug og underteikna saman med han som tok på seg arbeidet, Bjørndal frå Haugesund, som utførde dette. Arbeidet var på anbod, men anbodet var så lågt at det vart fleire tillegg han måtte få dersom arbeidet skulle verta fullført.

Me som var i arbeid der, hadde 35 øre i timen, så dagløna var ikkje stor. Det var sers tungt avdi massen etter at matjorda var fjerna, måtte trillast bort med tunge vegbårer med jernhjul. Eg lyt fortelja at me møtte på eit fjellparti der som koret i kyrkja er. Det kom til stor nytte fordi me hadde bruk for stein når fundamentet skulle støypast.

To mann var opptekne med det arbeidet. Det var Gudmund Kvamme og Mathias Vik (Djupava). Det var handboring, den eine sat og snudde boren og den andre slo. Eit kaldt arbeid om vinteren, så ein skiftest på jamt. Kan og fortelja at i nedre kanten av fjellknausen var det store sjøskjell. På nordvestre sida av kyrkja var det så djupt ned til fast grunn at der er det støypt sementklossar som grunnmuren er lagd på.

Når arbeidet med grunnen var gjort, tok sjølve byggjearbeidet til. Murmeister Sigvald Eriksen og byggmeister Erik Kvammen tok så over det vidare arbeidet.

At den samla kostnaden frå første spadestikket og til den vart vigsla, var kr 80.000,-, verkar som det reine eventyret i 1987.

Til toppen

Vikebygd kyrkje

Henta frå kallsboka i Ølen prestegjeld, v/sokneprest Ole Meling. 
Første gongen Vikebygd kyrkje er nemnd, er i 1315 ("Tindulfsland heitar i Vikar kirkiu sokn i Ålfirdi").

Frå reformasjonstida og utetter, var Vikebygd sokn ein del av Fjelberg prestegjeld til dess det vart lagt til Sveio frå 1. oktober 1861.

Når det i diplombrevet frå 1315 er nemnd Vikar kirkiu sokn, lyt ein gå ut frå at soknet også hadde eit kyrkjebygg på denne tida. Sikkert var det at ei gamal kyrkje vart riven i 1682. Like til 1938 hadde gardane på både sider av Ålfjorden kyrkja si i Vik., som har gitt heile bygda namn.

Dei eldste kyrkjene stod omlag der den noverande kyrkja står, medan dei kyrkjene som var bygde i 1872 og 1927 stod i ein bjørkelund nærare sjøen. Truleg var den kyrkja som vart riven i 1682 ei stavkyrkje. Den nye kyrkja som dei bygde då, kosta tilsaman 74 Rdl. 1 Mk. og 8 Sk. Soknepresten, prost Peder Heldtberg, var den drivande krafta i arbeidet. Han forskotterte også ein stor del av utgiftene. Vi kjenner måla på denne kyrkja. Ho var 19 alner lang og 16 alner brei. Til dette kom koret som var 10 x 11 alner. Våpenhuset var 6 x 6 alner. Det var eit lite tårn på taket.

Ein har ei nokså detaljert skildring av inventaret i denne kyrkja. I 1690 er det oppgjeve til å vera: "Ein liden forgylt Sølv Kalk och Disk, 15 lod 1/2 gu, 1 Mæssingbækken (uden ornament), 1 liden klokke, 1 hvid alterdug, 1 gammel rød damaskes Mæssehagel, som var kommet fra Fjelberk Kircke." Utstyret var altså helst tarveleg.

Kyrkja fekk to ljosestakar av kyrkjelyden i 1796, og altertavle i 1702. Motivet var Kristus på krossen, mellom Maria og Johannes, i bakgrunnen dei to røvarane og Jerusalem.

Den gamle døypefonten skulle ha vore noko av eit særsyn. Han var frå mellomalderen og i romansk stil, var av kleberstein. Skåla var rund og hadde eit tverrmål på 47 cm, og var 30 cm djup. Kyrkja hadde også eit tremasta skip som hang ned frå taket med innskrifta: "Skipets navn er Fregatten den Torn" Torbjørn trondsen Ørevig (Han levde på 1700 talet).

Den kyrkja som var reist i 1872 av byggmeister Wangberg, var ei vanleg tredelt trekyrkje. Skipet var 16 m langt og 11,6 m breidt. Koret var 6,93 x 6,58 m, og våpenhuset var 4,50 x 4,76 m. Midtskipet og halve koret hadde tønnekvelv. Sideskpia hadde flatt tak, og i koret enda taket i tre stikkbogar. Koret var forma som fem av sidene i ein åttekant. I vest var det galleri. Preikestolen kvilde på ei åttekanta søyle, var gullmåla og hadde dei vanlege rektangulære felta. På alteret stod ei gipsavstøyping av Thorvaldsen Kristus figur.

Loftet var kvitmåla, veggene ljose, stolane gule og søylene brune. Over korbogen var måla ein kløverblada kross. Noko av kyrkje inventaret var frå gamlekyrkja, t.d. ljosestakane, døypefonten, messingbekkenet og kyrkjeskipet. Andre ting var nye: Kalk og disk, altarduk og messehagel.

Kyrkja hadde to klokker i tårnet, ei lita og ei større. Men ein vårdag i 1926 slo lynet ned i tårnet på kyrkja, og snart stod ho i ljos loge. Folket samla seg, men det var uråd å få sløkt brannen. Likevel greidde dei å berga noko av inventaret.

Arbeidet med ei ny kyrkje vart straks sett i gang. Arkitekt Alsaker frå Bergen laga ei teikning i modernisert stavkyrkjestil. Ho var noko større enn den gamle og stod på same staden. No fekk dei også orgel. Kyrkja hadde omlag 400 sitjeplassar. Den 11. juni 1928 vart kyrkja vigsla av biskop Hognestad. Han talte til tekst 1. Kor. 3. 11-15 om å byggja på den rette grunnvollen med materialer som toler prøven.

Men gleda over den nye, vakre kyrkja varde ikkje lenge. Natta til måndag den 8. desember 1930 vakna folk i Vikebygd av at klokkene stormringde. Kyrkja stod i ljos loge. Ein av dei som budde nærast, hadde merka brannen og sprang til og tok til og ringja av alle krefter. Folket strøymde til, men lite og inkje kunne gjerast, og snart var det berre ein glohaug att av den gilde kyrkja. Alt inventaret strauk denne gongen med.

Dei gissa på at det var eit ovnsrøyr som måtte vera årsaken til brannen denne gongen. Det hadde vore barnedåp om sundagen og veret var kaldt, så det hadde vore fyrt godt.

Då dei no skulle byggja ny kyrkje, vart det usemje i kyrkjesokna. Folket på vestsida av fjorden sytte med å reisa over fjorden for å koma til kyrkje og arbeidde med å få reist kyrkje i Førde. Såleis vart det og. Men på den måten vart byggjeplanane sterkt seinka, slik at den nye kyrkja i Vikebygd ikkje vart ferdig til vigsling før 23. september 1937. Det er arkitekt Alsaker som også har levert teikningane til denne kyrkja. Det er ei steinkyrkje, og ho var plassert noko lenger oppe frå sjøen, på den eldste kyrkjestaden.

Til å byrja med tykte folk at den nye kyrkja var framand og rar, med tårnet på sida av kyrkjeskipet, og orgelgaleriet i tårnforten. Men no har bygda hatt si kyrkje i ein mannsalder, og alle likar det vene gudshuset sitt.

Kyrkja har ikring 300 sitjeplassar.

Til toppen


Litt om kyrkjene i Vikebygd

Av sokneprest Olav Lauvås (1901 - 1982)
Trykt i Festskrift til 50-års jubiléet i 1987

Vikebygd, d.v.s. Vikevik hev vore ein gamald kyrkjestad. Etter ein gamal kyrkjestol frå 1615 skal det ha stade der ei stavkyrkje, truleg den eldste kyrkje i Vikebygd. Ho vart nedriven i 1682, og ei ny kyrkje av timber vart oppattbygd. Det var den kjende presten i Fjelberg, Peder Heltberg (d. 1702), som kosta kyrkja. Vikebygd høyrde til Fjelberg prestegjeld like til 1861 då sokna vart lagd til det nyskipa Sveio prestegjeld. Denne kyrkja hadde eit lite tårn og våpenhus av stav. Ho stod til 1873, då ho vart nedriven og seld. Men før den gamle kyrkja vart nedriven hadde dei teke til å byggja ei ny trekyrkje som vart vigsla 16. oktober 1872 av biskop Peter Hersleb Gråh Birkeland (1864 - 1880). Den nye kyrkja stod 63 meter vestanfor dei gamle kyrkjene, altso nærmare sjøen. Det var av den vanlege typen på den tid, ei tredelt hallekyrkje. Ho hadde 380 sitjeplassar. Diverre brann kyrkja 16. april 1926 av lynnedslag.

Det var vondt for kyrkjelyden at kyrkja var borte, men ho var godt trygda so ein kunne straks gå i gong med byggjing av ny kyrkje. Arkitekt Alvsaker, Bergen, fekk so bygd ei sers vakker trekyrkje i ein noko medernisera stavkyrkjestil, som vart vigsla 11. juli 1928 av biskop Peter Hognestad. Teksta hans var: Bygg på grunnsteinar Jesus Kristus! 1. Kor. 3, 10-17.

Men denne kyrkja fekk ikkje stå lenge. Alt 8. desember 1930 brann ho - natta etter ein preikesundag. Truleg var det ugreide med skorsteinen som valda brannen.

Atter stod kyrkjelyden utan kyrkje. Det var ein sår røyndom at den nyreiste vakre kyrkja ikkje var meir. Men ein kunde ikkje vera forutan kyrkje likevel om den eine kyrkja etter den andre brann opp. Og på nytt lag gjekk ein i gang med å dryfta spørsmålet om å få byggja ei ny kyrkje. Samstundes kom det søknad frå vestsida av Ålfjorden om å få byggja kapell der, og denne søknaden vart seinare utvida til å gjelda soknedeling (sjå nedanfor). Det vart noko strid om dette som seinka kyrkjebygging. Endeleg vart det ved kongeleg resol. frå 13. mars 1935 fastsett at Vikebygd skulle kløyvast i to sokner: Austre Vikebygd og Vestre Vikebygd med kvar si soknekyrkje, ei i nærleiken av den gamle kyrkjestaden og ei på Vestsida.

Til toppen
 


Om døypefonten og inventaret i den eldste kyrkja
(frå 1200-talet).

Av prost Olav Lauvås (1901 - 1982)
Trykt i Festskrift til 50-års jubiléet i 1987

Utstyret eller inventaret i denne kyrkja måte vera sers uvandt. Inventarlista frå 1690 vitnar om det. Her er nemnt m.a. at på altarbordet låg ein kvit altarduk og ein liten forgylla kalk og disk. Men kyrkja hadde ikkje ljosestakar ein gong, og då skjønar vi at altarutstyret var fattigsleg. Dette stod sjølvsagt i den nye kyrkja som vart bygd i 1682, men det har nok berre vorte teke over frå gamlekyrkja då ho vart riven.

Likevel var det ting mellom inventaret i stavkyrkja som det kan vera grunn til å omtala nærare. Det er døypefonten og katekismetavla. Båe desse tinga gjev oss høve til å koma med kulturhistoriske glytt inn i farne tidbolkar.

Inventarlista frå 1960 nemner "1 messingbechen i Funten." Det var døypefonten med dåpsfat i. I gamald kristen tid, steig dei som skulle døypast, ned i vatnet sjølv, slik Døyparen Johannes døypte i Jordanelva. Men dåpskjelda kalla dei piscina, som tyder fiskedam. Og med dette ordet sikta dei til Jesu ord i Matt. 4, 19: "Kom og fylg meg! Eg vil gjera dykk til menneskefiskarar." Slike pisciner har vi ikkje mange att av no. Seinare nytta dei ordet om ei nisje eller grop i søre korveggen. Denne gropa hadde eit avlaupshol i botnen, og her slo dei dåpsvatnet og anna vigt vatn til kyrkjeleg bruk. Dette vatnet rann sp vidare ned i vigd jord. Etter katolsk tankegang var det profanasjon av det heilage å tøma dåpsvatnet på ein uinnvidd stad. Og når presten hadde altargang måtte han passa på at ikkje ein einaste dråpe av vinen fall ned på golvet. Slike dåpsgroper har vi både i Trondenes kyrkje og Stavanger domkyrkje. Korleis døypefonten fyrst vart til er vanskeleg å seia. Ordet font skriv seg frå det latinske fons, som tyder kjelde. Difor er den gamle danske skrivemåten "funt" ikkje heilt rett. Så mykje veit vi i alle fall at dei eldste døypefontane var berre eit fat så stort at jamvel eit vakse menneske kunne gå opp i det og verta døypt. Dei var uthola av stein og runde øvst oppe. Men foten kunne vera rund og firkanta og gjerne med bibelske motiv og figurar på sidene. Oppå fatet la dei gjerne eit lok som ofte var laga av metall.

Etter pålegg av erkebiskop Jørund måtte fonten vera rein, og då måtte lok til. I 1300 talet sette dei døypefat på døypefonten. Dei fleste døypefat var laga av messing. På mange av dei kan ein finna bibelske bilete og symbol om syndefallet, lammet og hjorten o.s.v. Døypefatet i Vikebygd var stort, men hadde ikkje ornament av noko slag. Men sjølve døypefonten var av kleberstein med ei rund skål øvst som var 47 cm i ytre tverrmål og 39 i indre. Skåla var 30 cm høg. Fotstykket til fonten, som hadde omlag same tverrmålet som skåla, var 29 cm høg. Avstanden mellom skåla og fotstykket var 21 cm, og denne luten av fonten var tynnare enn topp og fot, med ein ring i kvar ende. Dei sakkunnige meiner at denne døypefonten skriv seg frå romansk tid. Men elles var ikkje døypefontane frå den tida like. Det kom mykje av at dei var laga i ymse land, og fekk din sersvip av det. I det tidlege mellomalder fekk vi døypefontar av kalkstein frå Ottland i Sverige, dei var ofte rikt prydde. Slike døypefontar finst i kyrkjene langs Austersjøkysten og serleg på dei danske øyane. Men dessutan laga dei døypefontar både i Belgia og Nord-Frankrike., og mange av dei fann vegen til England. Men her heime laga dei og døypefontar på mindre bygdeverkstadar i Austfold og Gudbrandsdalen. Døypefontane frå Gudbrandsdalen var heller sterkt avgrensa til berre Gudbrandsdalen og Valdres. Og her finn vi denne døypefonttypen att i mange kyrkjer, slike som Ringebu, Gausdal, Kvam osv. Motiva på desse fontane er sers gamle og fanst i vikingetida og i normannisk kunst. Døypefontar som var laga i Austfold har jamvel hamna i Danmark.

Det er rimeleg at døypefonten i Vikebygd si eldste kyrkje har vorte laga her i landet. Truleg er han komen vestanfrå, og har fortel og om at den fyrste kyrkja i Vikebygd vart bygd heller tidleg i vår fyrste kristningstid. Han var i bruk til kyrkjebrannen i 1926.

I den katolske kyrkja har dei dåp anten i serskilde bygnader som kalast babtisteri eller i eit dåpskapell i sjølve kyrkja. Men dei kan ha dåp i vestenden av kyrkja, d.v.s. ved inngangen.

Dette fortel oss at di den kyrkja er det ikkje tvil om at dåpen er porten inn i Guds rike. Og i den fyrste tida etter reformasjonen stod døypefonten hjå oss nede ved inngangsdøra til skipet. Seinare vart han flytt fram til koret. Det kunne ikkje vera av vegen at kyrkjene i dag vart tilskipa såleis at barnesakrestiet vart lagt til vestenden av kyrkjehuset. Når fadrane då kom inn med barnet i kyrkja, ville ein på ein klår og sterk symbolsk måte få fram at dåpen er atterfødingsbadet ved den Heilage Ande.

Kring 1590 fekk kyrkja si ketekismetavle, og det er sitt vis eit vitnemål om at den evangeliske læra hadde vunne inngang i kyrkjelyden. Om Sveio og Valestrand kyrkjer hadde sine katekismetavler, kjenner vi diverre ikkje noko til.

Den historiske bakgrunn for katekismetavla var dei katolske heilagmenne-bileta i kyrkjene. Reformasjonen let dei hangja i fred så sant ikkje kyrkjeålmugen tilbad dei. Då biskop Jens Pedersøn Schielderup, som hadde doktorgraden i medisin og som tidlegare hadde vore professor i fysikk ved Københavns universitet, kom til Bergen i 1557 som biskop i stiftet, vart han straks vis med at heilagmenne-bileta hang framleis i kyrkjene og at dei vart tilbedne av folket. Biskopen kravde at bileta skulle tkast vekk frå høgaltaret i domkyrkja, men det ville ikkje byrådet gå med på. Biskpoen gav etter og let saka kvila i 10 år. Men i 1568 kom riksråd Jørgen Lykke til Bergen. Han var ein varm reformasjonsven og lasta biskopane for hans toleranse når det galdet heilagmenne-bileta. Då tok biskop Schledrup på nytt striden opp imot "dei paptistiske bileta" og kalla samen til eit kyrkjemøte i Bergen, der 28 prestar var tilsta des. Møtet gjorde det vedtaket at "de gamle billeder av voks som hang i kirkerne og fremdeles dyrkedes av almune, skulle fjernes. Alle helgenbilleder unntagen de paa høialteret skulde så sagtelig borttages." Ved juletid hadde nokre koner "tilbede" bileta på høgalteret i domkyrkja, og då gav biskopen pålegg om at desse bileta skulle takast vekk. Men byrådet sette seg imot dette og saman med mesteparten av borgarane nekta dei å gå i kyrkja. Etter opptak av lensherren Mads Skeel lukkast det å få i stande ei semje mellom dei stridande partane. I august 1571 synte elevane ved latinskulen fram eit lærande skodespel på domkyrkjegarden om denne biletstriden, og det er godt mogeleg at biskopen hadde ein finger med i spelstykket. Her får vi ein samtale mellom ein bonde og ein prest om heilagmenne-bileta. Bonden er sers moderat og meiner at bileta gjer ikkje så stor skade for trua. Men preseten på si side hevdar at dei "var indførte i kirken af gjævelen, vor Herre Kristi til bespottelse."

Klikk her for å gå attende til hovudsida om kyrkjene i Vikebygd.

Til toppen

Her vil etter kvart koma meir informasjon. Eg bed difor den som har
aktuelt historisk stoff om å senda dette til Steinar Skartland,
helst på e-post, men alternativt på papir.
 


Fyrste kyrkja er frå 1200 - talet

Austre Vikebygd har vore ein gamal kyrkjestad. I alt kjenner vi til 5 kyrkjer opp gjennom tidene i bygda vår.

Fyrste gongen Vikebygd kyrkje er nemnd i skriftleg materiale, er i året 1315 (eller 1313), og var då kalla "Viksar kyrkje." Vi kjenner ikkje til kva tid denne vart bygd, men det var truleg på 1200-talet, og var bygd som ei stavkyrkje. Ho skal ha stade på same staden som kyrkja vår står i dag, heilt fram til året 1682. Då vart ho nedriven og ei ny kyrkje vart bygd. I året 1431 er soknet kalla "Vika."


 

Andre kyrkja er frå 1682.

Frå reformasjonen høyrde Vikebygd til Fjelberg prestegjeld, og det var presten i Fjelberg, Peder Heltberg, som kosta kyrkja, som kom på 74 RiksDalar, 1 Mark og 8 Shilling. Denne kyrkja hadde óg eit lite tårn og våpenhus, og vart bygd på same staden som den fyrste. Ho stod der til året 1873, då ho vart nedreven og seld.

Om denne kyrkja var sagt (etter eit notat i Haugesunds Avis i 1926:)
" ... Kirken eides av gåbruker Lars Selsaas. Gamle folk forteller at den for 200 år siden ble oppbygget av to jenter som foraerte den bort. I 1870 ble den nedrevet og solgt paa auksjon, og deler av den er spredt for alle vinder. Omkring paa gaardene i Vikebygd ligger det saaledes og slenger adskillige verdifylle gjenstander fra det gamle gudshus." (Ei av dørene skal vera på Plassabakeriet i Vikebygd den dag i dag.)


Tredje kyrkja er frå 1872

Den 3. kyrkja i VikebygdAllereie før den gamle kyrkja vart reven hadde dei teke til å byggja ei ny trekyrkje, som vart vigsla 16.okt. 1872 av biskop Peter Hersleb Gråh Birkeland. Denne kyrkja vart bygd i ein liten trelund 63 meter nærare sjøen, det vi kallar den gamle kyrkjetomta, eller parken. Dette var ei tredelt hallekyrkje i tre med 380 sitjeplassar. Denne kyrkja hadde òg eit tårn med 2 klokker. Ein vårdag den 16. april 1926 slo lynet ned i kyrkjetårnet, og snart stor ho i ljos loge. Folket samla seg, men det var uråd å få sløkt brannen. Likevel greidde dei å berga ut noko av inventaret.


Fjerde kyrkja er frå 1928

Den 4. kyrkja i VikebygdArbeidet med ny kyrkje vart straks sett i gong. Arkitekt Alvsaker frå Bergen laga teikning i modernisert stavkyrkje stil. Ho var noko større enn den gamle, men stod på same staden. I denne kyrkja var det 400 sitjeplassar. Kyrkja vart den første i Vikebygd som fekk orgel. Ho vart vigsla 11 juni 1928 av biskop Hognestad.

Men gleda over den nye kyrkja varde ikkje lenge. Natta til måndag den 8. desember 1930 vakna folk i Vikebygd av at klokkene stormringde. Kyrkja stod i ljos loge. Ein av dei som budde nærast, Lærar Lars Møllerhaug hadde merka brannen. Han sprang til og tok til å ringja med klokkene av alle krefter, men hadde nær stroke med. Folket strøymde til, men det var ikkje noko dei kunne gjera, og ingen ting kunne bergast frå kyrkja.

Elden tok til i sakristiet, og på eit par timar var kyrkja i oske. Truleg var det eit omnsrøyr som var årsaka til brannen. Det hadde vore barnedåp om søndagen, og veret var kaldt. Difor hadde dei fyrt ekstra godt i omnen i kyrkja.
 


Grunnsteinen lagd i 1927.

Kyrkjefest i Vikebygd (1927).

Som nemnt i går so vart grunnsteinen til den nye kyrkja i Vikebygd lagd i går ettermiddag. Dagen var fager. Stavstill fjord. Og vårsol og varme. Det var fest over bygda. Flagga lyste. Og folket strøymde til landveges frå, sunnanfrå og nordanfrå og båtar for motor og handekraft kom fjordvegen. Frå grannebygda Skjold kom ogso mange folk i bil eller på sykkel. I 3-tida då høgtida vart opna var det samla ein stor folkemasse ved kyrkjemurane. 'Kirken den er et gammelt hus' tona i sorg og i von over ruiner og nyreist verk. Formannen i menighetsrådet, kyrkjesongar P. Jonson steig fram og heldt denne tala:

-Då me no er samla for å leggja ned grunnsteinen til nykyrkja i Vikebygd, minnest me med vemod den gamle kyrkja som stod her og som me miste so brått. Me har alle, fleire eller færre, kjære minner ifrå den. Idag er me likevel glad over å kunna få byggja upp nytt Guds hus på den gamle tufta -den gamle grunnen. Byggja upp eit Guds hus med tårn og spir som kann peika uppover, peika og minna um han i det høge -vår Gud og far som tronar evindeleg og alltid! I det hus som skal reisast her vil me ved Guds nåde at Jesu Kristi evangelium alltid må få lyda og dåp og nattverd alltid forvaltast på det gamle urokkelege berg -grunnen som er Jesus Kristus korsfesta, død og uppstanden til frelsa frå syndene våre og til evig liv. Er denne grunnen som her vert lagd med stein og sement solid og ven, er endå meir den åndelege grunnen som Gud har lagt med Jesus som hovedhyrnestein solid, fager og traust å byggja på. Me vil mura, me vil byggja i Jesu namn og med tru og von, og me vil be han som er herre over kyrkjelyden at han i miskunn vil vera med å byggja og signa vårt Guds hus! Me vil med Gud at det hus som her skal stå, må vera ein freda stad, heimstad, for alle sjelene som søkjer inn for å få hjelp og styrke på livsvegen. I den treeinige Guds namn vil me be: Takk herre for nåden og frelsa til hjartene våre. Takk for all di velsigning for liv og sjel og frå slekt til slekt. Hjelp oss å frykta deg so di miskunn kann vera over oss frå tid til tid. For du har sagt at 'din miskunn er frå slekt til slekt over deim som fryktar deg'. Velsign oss i liv og død. Lat ditt hus få vera eit bedehus, eit hus til ditt navns æra.

Ordførar J. Østvik tok so ordet.
I 900 år har kyrkja vore ein livdestad for vårt folk, for ho har vore tufta i Jesu Kristi namn. I dette namn vil me ogso i dag leggja grunnstein til ny kyrkja og då veit me at verket vil verta til velsigning. Måtte han halda si hand over det hus som her vert reist. Han las so det dokument som var å finna i bladet i går. Etterpå la han det ned i koparskrinet som var laga som gøymsle. Det vart lodda att, sette ned og grunnsteinen førd på plass. Ordføraren tok so sementskeia og segla steinen til grunnen.

Sokneprest Hovda steig so fram til steinen og sa m.a.: Det norske folket og den norske kyrkja har vakse saman ned gjennom tidene. Kyrkja har fylgt ætt etter ætt frå vogga til grav. I 900 år har kyrkja tala um Guds godleik, trøysta den mødde, synt den døyande vegen til kvila med von um herleg uppstoda til evig liv. I denne kyrkja har Kristi evige kraft fått bore fram både ljos og varme, i umsut for dei fatige, i hjelp til dei sjuke og ljos til dei som sit i dødsskuggedalane. So nøgje samanknytt har kyrkja og folket vorte at då kyrkja har kome i vanmagt, då veikna ogso folket. Det syner seg soleis at kristentrua er mergen i folket. Skal me liva og vera liv laga, så må kvar einskild av oss støtt påny ta mot Jesus Kristus som vår frelsarmann. Me må ausa kraft or dei same kjeldone som fedrane. Måtte me alle i Vikebygd kyrkjelyd veksa kveitekornet sin vokster og henta næring frå Kristi eige liv som han gav til helsa og sæla for oss!

Formann i skulestyre Kristofer Sydnes bar fram denne helsing: På vegner av Vikebygd skulestyre vil eg helsa kyrkjelyden til lukka med denne dagen. Det er sagt at skulen er kyrkja si dotter. Som ei god mor tok kyrkja mot våre små og fører dei ilag med barnevenen Jesus Kristus gjennom dåpen og vigslar livet. Skulen tek mot dei små og lærer dei upp i den tru dei er døypte til. So går vegen atter til kyrkja og barnet verta teke inn som medvite lem av kyrkjesamfundet. Me ser soleis at dei finaste og dyraste band som jordlivet eig er knytte millom skule og kyrkja. Det skal segjast idag ved denne stein at det skal vera ei heilag plikt og ein kjær rett for Vikebygd skulestyre alltid å vaka og verna um den tru og den læra som denne grunnstein og kyrkja er tufta på. Gud signe skulen og kyrkja i Vikebygd.

Distriktslækjar Kristensen avslutta med inderleg bøn til Gud um at han i nåde måtte vaka over Vikebygd kyrkjelyd og signa det verk som menneskehender har reist. So det kunde verta oss til gagn og Gud til æra. Kyrkjelyden bar fram si bøn hjenom dette verset av Blix:

Vår Gud som ordet sende
i forne tid til oss her nord,
gjer du vårt turre lende
rett grornæmt for ditt gode ord:
Det var for våre feder
eit livsens sædekorn,
det liver og det gleder
enn born og barneborn.
Gud lat det stødt få standa
hjå oss i fager gror!
Kom herre på oss anda!
Gjer livande ditt ord!

Hermed var grunnsteinen lagd til den nye kyrkja.

Nye voner batt kyrkjelyden saman. Kvelden var fin. Det kjendest so gildt å vera ilag. I flokk og fylgje for folket til bedehuset der festborda stod dekka. Som kyrkjelyden sine gjester var ingeniør Røthing med formann og arbeidsfolk frammøtt. Likeeins byggmester Netland. Då alle hadde hygt seg ved bora opna den gamle medhjelparen Tor Framnes med tale og bøn. Sokneprest Hovda heldt eit utifrå gildt foredrag der han greidde ut um dei ymse kyrkjesamfund, serleg la han vigt på at vårt eige samfund -Lutherkyrkja- låg so nær upp og inn til den fyrste kristne kyrkja i tru og utforming.
Lensmannen Styrk Fjærtoft minte i velvalde ord om stortingsmann Svendsbøe som hadde vore medlem av byggjenemnda, men no var borte. Han hadde ved fleire høve synt han var glad i kyrkja, m.a. ved at han gav lysekruna til kyrkja. Signa vere hans minne.

Formannen i styret for bedehuset, hr. Aksel Birkeland avslutta med å føra fram ei hjartens takk til alle som hadde møtt og gjort dagen til ein uforgløymande festdag. Varaordførar Hans Veastad takka gjestene og la til at den arbeidsformannen hadde i sanning synt at han kunne arbeida. I den fine kvelden skildest folket i velnøgje og takksemnd. Ein god dag låg attum. Med minner som vil vara livet ut.

(Haugesunds avis 15. mars 1927)
Henta frå Vikebygd sogeblad, 1980.
(Skreve inn av Øyvind Vik på hans tidlegare web side).


Femte kyrkja vart vigsla i 1937

Den 5. kyrkja i VikebygdFrå året 1861 hadde Vikebygd vore lagd til Sveio Prestegjeld, som omfatta bygdene begge sider av Ålfjorden. Folket på Sveio sida høyrde til kyrkja i austre Vikebygd, og måtte reisa over fjorden til kyrkje. Dei sutte med å halda fram med dette, og no kravde dei at det vart bygd kyrkje i Førde òg. Slik vart det, men dette førte til at byggjeplanane var forseinka så den nye kyrkja i Vikebygd ikkje stod ferdig til vigsling før 23. september 1937. Denne kyrkja, som vi har i dag, er bygd i mur, og er plassert på den eldste kyrkjestaden. Ho har omlag 300 sitjeplassar og er teikna av arkitekt Alvsaker i Bergen.

Kyrkja fekk orgel, bygd av Landrog i Haugesund, og sett inn i eit sidegalleri tårnet. Dette orgelet var i bruk fram til slutten av 80-talet, då kyrkjelyden og kommunen i saman investerte i nytt orgel. Dette er bygd i Holland. Som ein kuriositet kan nemnast at det gamle orgelet framleis kan spelast på, og er utstyrt med belg som ein kan pumpa med fotpedal. Det hender ein og annan entusiast prøver orgelet, om dei får nokon til å trø belgen for sesg. For nå er straumen kopla frå den elektriske pumpa. Diverre er dette orgelet nå litt ustemt og ikkje heilt i orden, men får nyta pensjonisttilveret på sin vante plass i kyrkja.

Folket i Vikebygd er glade i den vakre kyrka, som kallar dei inn til helg og høgtid, glede og sorg. Her ber ein borna til dåpen, her står dei konfirmant. Her giftar dei seg og her samast dei for å feira gudstenesta saman og for å ta med seg gudsordet i dei store høgtidene. Ja, og her ber dei sine vener og slektningar til den siste kvilestaden på den vakre og velstelte kyrkjegarden.

Tilreisande prestar og gjester til bygda slår hendene saman og rosar den vakre kvite kyrkja, som vert kalla "katedralen i kommunen."

Velkomen du og til kyrkje.

Til toppen


Nyheiter frå Vikebygd.org