Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Nytt og gammalt frå Vikebygd i:  

Facebook    -   Twitter

Desember i Vikebygd

Sida er sist endra 8. jan. 2017

 
Gråvêr med regn prega ei roleg nyttårsfeiring i Vikebygd.
Men rakettar kom det opp alt frå klokka 18:00 til over midnatt.
Mange valde å feira nyttår enten på hytta si eller i utlandet dette året.


Så vart det ein flott
Juletrefest på bedehuset

torsdag 29. desember. Av Steinar S.

Her kom både unge, vaksne og eldre for å oppleva ein tradisjonell juletrefest på bedehuset. Julesongar og juleevangeliet var på plass, og barnekoret, leia av Lina og Lene, song og hadde opptrinn med lys. Det var flott at dei ville syngja for oss på juletrefesten

Det vart tid til både mat, utlodding med fine gevinstar, leik og fleire rundar rundt juletreet til kjende julesongar. Vi takkar alle femti som kom og deltok og for alle som gjorde litt kvar for at dette skulle bli ein ekte og flott juletrefest.

 


Omvisning på Aker Offshore sin Wayfarer
Kapteinen inviterte ombord ved Dommersnes kai
av Steinar Skartland 29.12.2016

Dei ligg side om side, to av Aker Offshore sine stolte skip, spesialbygde for oljeverksemda. Onsdag og fredag i romjula inviterte den nederlandske kapteinen på skipet Wayfarer bydefolket til omvisning.
-Sjefen vart ikkje begeistra då eg foreslo at born også kunne vera med, fortalde kapteinen, med tanke på at det her var gangbru mellom skipa og denne enda i eit stilas på Wayfarer. -Men eg svara han at 10-åringar er sikkert flinkare til å klatra enn dei fleste vaksne, så då fekk eg lov. Og borna hadde ikkje problem med trappene.
På onsdag var det både vaksne og born med på omvisninga.  Ikkje mange. Berre ein vikebu og eit par familiar med ferievikebuar. Men kaptein Levien fortel at på fredag er over 30 påmelde for omvisninga. Omvisninga var vel verdt å bruka tid på, for dei som er interessert i moderne skip og teknologi. Vi takkar for omvisninga og eit positivt initiativ frå kaptein og rederi.


Dei to moderne søsterskipa ruvar meir i terrenget enn den gamle hotellseksjonen som står parkert på land. Akofs Wayfarer er det yttarste skipet og Akofs Seafarer ligg inst.

Les meir her

Tre over kraftlinja ved Årvikvegen - Uvêret URD
Straumbrot i 4-5 timar måndag kveld
av Steinar Skartland 27.12.16

Vestlandet vart ramma av kraftig uvêr måndag. det vart meldt om bøljehøgder på opp til 20 meter ute langs kysten.  Men inne i Ålfjorden var det mykje rolegare og stormfloa vart ikkje meir enn ein halvmeter over normal flo, sjølv om kulingen nok ruska godt i tre og hus denne kvelden.

Likevel opplevde bygda å vera utan straum i fleire timar. Klokka 20 forsvann lyset i husa etter at kraftlinja bles ned ved Årvikvegen.  SØK var ute på feilsøking og kunne kopla frå den sonen som var nede slik at mange fekk lyset tilbake alt i 22 tida.  I Nordabygda måtte dei venta fram til halv eitt om natta før det igjen kom lys i lampane.

Varslinga til innbyggjarane var god frå SØK, som kl. 21:38 meldte til abonnentane på SMS:
"Feil på høgspentlinje er lokalisert ved Årvikvegen. Arbeidslag for feilretting er på vei."
 


yr.no:
Melding om ekstremværet «Urd» for


Vestlandet sør for Stad
I ettermiddag, måndag, auking til vestleg full og periodevis sterk storm, tidleg i kveld dreiande nordvest. Det er venta vindkast på 35-45 m/s innover land. Seint i kveld minkande vind. Det vil også bli høge bølgjer langs kysten, signifikant bølgjehøgde på 11-13 m. Maksimal bølgjehøgde på 20-25 m. Mellom Lindesnes og Stad er venta høy vannstand i ettermiddag og kveld, estimert til 75-90 cm over verdiane oppgitt i tidevasstabellen.

Beskriving av vêrsituasjonen:
I dag, måndag morgon, ligg eit stormsenter med trykk 955 hPa i Norskehavet. Stormsenteret går søraustover og kjem inn mot Sunnmøre seint i ettermiddag.

OBS-varsel for Vestlandet sør for Stad:
Frå søndag ettermiddag til måndag kveld er det venta lokalt mykje nedbør.
I løpet av 36 timar er det venta lokalt 70-100 mm nedbør.

Austre Vikebygd:
Unngår det verste uvêret.  Vasstand i er varsla til å verta 1 meter høgare enn normalt. Klokk 9:40 var dette målt til ca 50 cm over normalt og vert truleg lågare ut over dagen.
Følg med på flomålet her
Uvêret aukar opp frå kl. 14, med størst vindstyrke kl. 18-22:
Stiv kuling, 15-17 m/s frå nordvest.

(Klikk meteogrammet får å få oppdatert melding)

Send gjerne inn spektakulære vêrbilete fra Urd si herjing i Vikebygd 2. juledag.


Folk i Vikebygd ville til kyrkja julaftan
Godt frammøte til ei flott gudsteneste kl. 16

av Steinar Skartland 25.12.2016

Allereie ein halvtime før gudstenesta tok til vart benkene fylte opp med festkledde Vikebuar og tilreisande som skulle feira julekvelden hos familie og venner i Vikebygd. Etter kvart er det ein tradisjon at korpset er med og spelar. «Eg har døypt det om til Familiekorpset», kommenterte Brit Nelly då ho introduserte dei. Dei spela både åleine og saman med kyrkjeorgelet som Arne Tveit handterte. Han hadde også med seg Helge Veastad på sologitar på eit par av musikkstykka.


Korpset under leiing av sin faste dirigent, Andreas Ulveraker.

John Ådnøy las juleevangeliet og tala utan manuskript. Om alle murane vi kjenner. Den i Betlehem, muren i Berlin, den påtenkte muren mellom USA og Mexico og om den kinesiske muren.  Den muren som skil mellom menneska. Så starta han også talen med å oppfordra alle til å snu seg i benkene og ynskja "God Jul" både til dei som sat framføre og dei som sat bak. Vi fekk vera med å riva ned nokre murar, vi og, med smil og gode ord. Han Jon visste korleis han skulle få folk interesserte i bodskapen i juleevangeliet.


Og Jon fortalde kva englane sa då dei synte seg for Gjetarane:  «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»

Ved sida av presten var laga til ei krubbe med eit barn (ei dukke) oppi. Den skulle vera med og minna oss om kvifor vi feirar jula. Ei fullsett kyrkje med over 250 deltakarar syner at kyrkja betyr noko for folket i bygda, og mange ville starta feiringa i lag, i kyrkja.

 

Les også:
Lokal julekonsert med fullt hus 17. des.
Julekonsert med kor og orkester, Scala, 9. des.
Lysmessa i kyrkja, med speidarar, den 4. desember
Tenning av julegrana, fakkeltog og julegraut med korps, 29. des.
Vikebuen arrangerte Julemesse og kåre årets vikebuar, 26. des. 2016


Julekonsert med lokale talent
Folk gjekk "mann av huse" for å få denne med seg

Steinar S. 22.12.16

Eit allsidig og flott program på julekonsert i kyrkja laurdag 17. desember. 230 store og små hadde funne vegen til kyrkja for å få med seg eit variert musikk og songutval framført av ei rekkje lokale talentar, der nokre etter kvart har blitt kjende i eit større distrikt enn bygda.  Dei hadde øvde i lang tid - og det for berre ein konsert. Truleg har det vore både inspirerande og kjekt med dei treffpunkta øvingane har vore i lang tid.


Songarar og musikarar var her:
Arne Tveit (piano og keyboard), Even Larsen (trommer), Håvard Tveit (bassgitar), Helge Veastad (gitar) og songarane: Vegar Skartland, Sunniva Tveit, Iselin Eidhammer Tveit og Lina Fisk Eide.

Dei song både kvar for seg og som eit felles husorkester under konserten. Stor spennvidde i songvalet som dei hadde øvd på i fleire månader. Her frå avslutningsnummeret, ein moderne versjon av 'Hark now hear the angels.'

Og det er ikkje julekonsert i Vikebygd utan at det dyktige korpset i Vikebygd stiller under leiing av Andreas Ulveraker.

 

Vi takkar alle musikarane i bygda for bidrag til ein flott konsert og for mange timar med øving for å få det gode kvalitetsnivået. Og flott var det å sjå full kyrkje denne kvelden.
Les meir her
 


"Dei gjekk glipp av nåke - dei som sat hima i kveld"
Konsert i kyrkje med koret Scala frå Torvastad

Av Steinar Skartland 9.12.2016

Koret Scala med 35 erfarne songarar, 10-manns orkester og tre dyktige solistar, ga ei uforgløymeleg oppleving for dei 55 som tok turen til kyrkja i Vikebygd fredag kveld. Eit ståande og applauderande publikum ville ha meir då programmet var gjennomført. Og dei fekk fleire ekstranummer i konserten som varte i to timar. Det var nok like mange i Scala som det var publikum i benkene. Men kor og solistar klarte å få god kontakt med publikum som responderte gjennom applausen etter kvart nummer.

Koret hadde med seg 3 solistar: Ole M. Velde, Karmøy og Isabel Espelid, Haugesund, har gått ”operaskolen” og har vore med koret i ei årrekkje. I år hadde også med seg sopranen Solveig Lagos Jaziri, frå Nesna i Nordland. Ho er utdanna frå Musikkonservatoriet. Saman og kvar for seg fekk dei profesjonelle songarane spreia musikalsk glede i ei førjuls tid, godt oppbakka av kor og orkester i eit bredt og spennande songprogram.

Les meir og sjå fleire bilete her.


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

Les fleire nyheter
2017
Januar
Årsmøte i Grendautvalet
2016
Desember
Forskjelling frå Desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org