Næringsliv    -      Vik Skule og Barnehage   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er ca 550 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare kor det også er treningsstudio!  - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.
Lokale websider
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
  BYGDA VÅR
Lag og foreiningar
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Bedrifter i Vikebygd
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd
Kultur - Historie
Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Vikestølen gjennom 100 år

Historiske kjelder
Historisk arkiv IKA-H
Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

I Vindafjord er det to aktive utgjevarar av sogeblad.  Vindetreet vert gjeve ut i samarbeid mellom "Sandeid, Vikedal og Imsland sogelag", "Skjold og Vats sogelag" og "Vikebygd sogelag."  Her kan ein lese korleis det var i gamle dagar i bygdene våre.  Sogeskriftet kan ein få kjøpt  på Vikebygd Landhandel.

Bjoa, Ølensvåg og Ølen sogelag har sitt eige blad, kalla Segn og Soge.


Vikebygd nytt:
DET SKJEDDE I ÅRET 2011:
Her er meldingar som har vore lagde ut på vikebygd.org i år 2011

Klikk her for å gå til VindetreetKlikk her for å gå til Segn og SogeSogeblada - til sals i butikken
Vindetreet:
Sogeskriftet for bygdene Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats, Skjold og Vikebygd
Kjøp Vindetreet over Internett
Segn og Soge:
Sogeskrift for bygdene
Ølen, Ølensvåg og Bjoa
Kjøp Segn og Soge her


Rekordbesøk på vikebygd.org i 2011.
Total hits:  2.315.486  (i 2010: 1.791.947.  Auke på 29,2%)
Total visits:    95.278  (i 2010:  63.635.  Auke på 49,7%)
Gj.snittleg besøk pr dag i 2011: 261.  Statistikk pr mnd, her.
Nyttårsfeiring og fyrverkeri i Vikebygd
Bakkebatteri ga flott markering av årsskiftet. 

(1.1.2012 SteinarS)
Ein og annan rakett gjekk av tidleg på kvelden slik at dei minste borna skulle få sjå dette også, men då klokka slo 00:00 og året 2012 tok til, var det mykje krut som gjekk til himmels. Så kan vi endå ein gong få ynskja alle:  Godt Nytt År.
Bakkefyrverkeri over Skartland.   Les meir her, eller på Facebook.
  Anne og Jan Severin sitt fyrverkeri over Skartland
Plantene forvirra
Krøll med klima og årstider
Foto:  Roald Årvik(31.12.2011 Roald Årvik) På den siste dagen i året så har Snøsløyfa Iberis Sempervirens byrja å blome, ei mengde knoppar ligg klar til å skyte ut til ein blome.

Snøsløyfa blomar vanlegvis i april/mai. 
Les meir om jul og klima her.


Forsøk på å verve nye innbyggjarar
Romjulsmesse i Ølen kulturhus
Klikk for større bilde av Rune Hetland(28.12.2011 SteinarS)  Rune Hetland, leiaren i Vikebygd Grendeutval, stilte opp i kulturhuset i Ølen torsdag i romjula, for å verva nye Vikebuar. Han var ein av omlag 20 utstillarar som tok imot utfordringa frå Tomteselskapet og kommunen om å delta på romjulsmessa. 

I tillegg til å visa fram næringslivet og det store spekteret av arbeidsplassar som finnes i Vindafjord, kunne Vindafjord Tomteselskap, VAF og kommunen presentera ledige tomter.  Rune var her for å setja fokus på Vikebygd.  
-Vi har hatt folk innom som har vore interessert i tomter i Vikebygd, kunne Rune fortelja.

Nyleg vart opna 19 nye tomter i Vikebygd som utviding av Lio 2. 
Les også om messa i Grannar, her.


Interessant å lesa om bygda i eldre tid?
Klikk her for å gå til VindetreetKlikk her for å gå til Segn og SogeFå med deg sogeblada - til sals i butikken
Vindetreet:
Sogeskriftet for bygdene Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats, Skjold og Vikebygd
Kjøp Vindetreet over Internett

Segn og Soge:
Sogeskrift for bygdene
Ølen, Ølensvåg og Bjoa
Kjøp Segn og Soge her


Klikk her for å sjå alle bildene
Vikefjellet har tatt på julapynten.  Foto:  Roald Årvik    Parti frå Morgonsvatnet med Javnanuten i bakgrunnen, ein sundag føremiddag (18.12.11). Fleire bilete her:  http://roald.vikebygd.org
A Skartland Christmas Card

The Skartland family Christmas card and song,
here it is. Just click on the link.
Merry Christmas from all of us to all of you.

A Skartland Christmas | FACEBOOK
Leif Skartland Sr - Vocals, Rhodes, Piano, guitar; Leif Skartland Jr - Drums, Keys, Mixing; Danielle Devlin - Vocals; Tim Devlin - Bass;
Carla Skartland - Applauded :)


Stappfullt i Vikebygd kyrkje på Juleafta.
Familiegudsteneste Juleafta, 24. 12, klokka 16:00

Aspirantane i korpset spelar under gudstenesta.Mest imponerte aspirantane som hadde fått sine første instrument utdelt i September i år, og som stilte opp og framførte "Bjelleklang" heilt åleine.  I tillegg spela skule- og ungdomskorpset fleire musikkstykke. Sokneprest Bjarne Hjelvik måtte samanlikna korpsmusikken med Bytunet når han skulle rosa dei.  Kyrkjelyden i den fullsette kyrkja applauderte godt for å visa at dei sette pris på korpset si deltaking og musikalske innslag.  Arne Tveit spela kyrkjeorgel i lag med korpset på nokre musikkstykke.  Her var også andre innslag der Marie og Astrid Mortveit song duett til musikk av Arne Tveit på piano.  Helge Veastad framførte etterpå: "Mitt hjerte alltid vanker," på sologitar i samspel med kyrkjeorgelet.    Les meir her.


Vikebygd Kyrkje
Ljosmessa 18.desember

(18.12.2011 SteinarS)  I mange år har det vore tradisjon for Vikebygd med ljosmesse i desember.  Søndagskvelden den 18. 12. tok folk igjen ut frå heimane og samlast i kyrkja.  156 deltakarar kunne Brit Nelly telja opp.  I sentrum stod speidarane og konfirmantane.  Soknepresten kom inn med eit stort ljos.  Ljoset vart delt med ei gruppe speidarar som vart sende ut med sine ljos.  Desse spreidde seg til fleire og fleire.  Så kom dei inn. Ei lang rekkje med speidarar toga så inn i den mørklagde kyrkja.  Kvar med sitt levande ljos.  Til saman gjorde dei det ljosare i kyrkja. Slik den glade bodskapen vert spreidd ut i verda. Den fekk speidarar, konfirmantar og prest vera med og dela i kyrkja denne kvelden.  I tekstlesing, song og deltaking. 
Les meir her.


Dugnadsånd i Vikebygd.
Opning av ny leikeplass mellom Lio 1 og 2.

(18.12.2011 SteinarS)  Søndag 18. desember kunne Lio Vel opna den nye leikeplassen i Vikebygd med program for borna og grilling for heile familien.  Dugnadsarbeidet har ført til Borna gledde seg over den nye lekeplassen. Klikk her for større bilde.ein flott uteplass for bygda, som kan nyttast både sommar og vinter.  

Lekeplassen er både ein naturtomt der terrenget har fått liggja slik det var, men også tilrettelagt med ein hellelagt område i eine hjørna.  Her er det sett opp lèvegg og ei grillgryte er på plass.  På opningsdagen sørgja Geir Rasmussen for bål i grillen og steikte pølser til dei frammøtte.  Foreldra hadde også sørgja for ei gyte med kakao.  Til å tale på opninga hadde komitèen invitert varaordførar Steinar Skartland.    Les meir om opningsarrangementet her.


Vindafjord Kommune
Kulturstipendet til Per Øyvind Valen og Jane Espevoll.

(15.12.2011 SteinarS)  Per Øyvind Valen fekk Vindafjord kommune sitt kulturstipend for idrettsinnsats, m.a. innan orientering.  - Planane er å kunne delta på treningsleirar i inn- og utland, fortel Per Øyvind.  Kulturstipendet var i år delt på to som kvar fekk 15.000,-.

Den andre halvdelen gjekk til Jane Espevoll, som driv med trening av gjetarhundar.  Ho har delteke i fleire EM og VM i tillegg til konkurransar i Noreg.  Begge er med sin innsats gode ambassadørar for Vindafjord.  Byggeskikksprisen gjekk til Magnar Frøyland.  Omsorgsprisen, som vart utdelt under ei tilstelling på Vindafjordtunet, gjekk i år til "Dei frivillige på Vindafjordtunet."  Jan Hegerland (Næringsprisen), Elisabeth Kallevik Nesheim (Kjerringsprisen) og Lars Olav Larsen (Kulturprisen).  Les meir frå prisutdelinga HER


Gamlatunet
Desember er julebordsmånad

(11.12.2011 SteinarS)  Det har vorte ein tradisjon i Noreg med julebord første del av desember.  Det er ikkje berre i julehelga at ein kan feita seg opp lengre.  På Gamlatunet er det inkje unntak.  Jakob Rødde har hatt fleire julebord kvar veke. 

Bonden med garden sin midt i bygda har synt at han kan meir enn å stella jord og dyr.  Det er berre godord å høyra om maten som vert servert i dette gamle bygget han har restaurert, noko som ga han kommunen sin byggjeskikks pris for nokre år sidan.  Her er bibliotek, kafé og selskapslokale. - I helga har eg avløysar, men midt i veka blir det travelt, seier Jakob som både må passa på dyra i fjosen og grytene på kjøkkenet.
Les meir HER


Vindafjord kommune sitt eige kor:  KORe' Vindafjord,
i hardtrening for julekonsert saman med Hanne Krogh 14. desember, Skjold kyrkje.

På kommunen sitt julebord i Ølen 2. desember fekk dei gle dei festkledde kommunetilsette og politikarar med ei rekkje flotte julesongar.  Du kan sjå eit klipp frå framføringa i Ølen fredag, klikk her.

Les meir HER


Telenor sin mobilsendar vart øydelagd i uvêr som også øydela breiband og internett i bygda.
(13.12.2011 SteinarS)  To veker etter torevêret gjekk det før Telenor fekk utbetra skadane på mobilsendaren i Vikebygd.  Telenor har heller ikkje vore i stand til å få utbetra alle skadane på internettforbindelsar i Vikebygd, nokre må venta heilt oppunder jul.  Etter at sendaren var utbetra vart signala også betre i Nordabygda, der det har vore dårleg dekning i mange år.

Heldigvis har fleire abonnement på Netcom sitt nett.  Dette har vist seg å vera vesentleg meir stabilt og har gjennom fleire år gitt god dekning i heile bygda.  Sendarane har også klart seg gjennom fleire uvêrsperiodar utan problem.

Lynnedslag skada mobil og internett
(27.11.2011 SteinarS)  Eit kraftig torevêr med lynnedslag i Vikebygd natt til laurdag, sette Telenor sin mobilsendar ut av spel.  Fleire fekk skader på internett forbindelse og utstyr.


Klikk her for å lese kyrkjebladet på internettKyrkjebladet Hyrdingen sitt julenr. 
Nr 6 av bladet, julenummeret, kom postkassane 8. desember, men kan også lesast på internett, her
Som vanleg inviterte Hyrdingen alle skulane i Vindafjord til å teikne med ein julesong som tema.  Dei beste barneteikningane er denne gongen på trykk i Hyrdingen.  Du kan også sjå fleire av utgåvene her, og grafisk framstilling av kor langt innsamlinga til ny kyrkjelydspedagog-stilling er komen. 
www.hyrdingen.no


Landhandelen i Vikebygd
Joker butikken held fram og utvidar opningstida

(27.11.2011 SteinarS)  Etter at Vikebygd Landhandel vart avertert for sal i sommar, har mange vore urolege for at bygda skulle bli utan nærbutikk.  Fleire interessentar har vurdert å ta over butikken, men alle desse trekt seg. Bygda sin eigen kjøpmann, Rolf Alne, har konkludert med å halda fram drifta av Joker-butikken sjølv. Aksjeselskapet hadde i fjor ein omsetnaden på 7,26 millionar med eit driftsresultat på 182.000,-.     Les meir her


Jokeren, korpset og Gamlatunet
Julegateopning i Vikebygd
Solveig Hortmann i julestasen Gunn Vikingstad i jule mondur(25.11.11 SteinarS)  Fredag 25. november klokka 18:00 spela korpset opp utanfor Joker-butikken.  Ei rekkje med kjende julesongar og messingmusikk tona utover bygda. Omlag 70 store og små var samla der i vegkanten då Rolf skulle tenna ljoset på juletreet ved butikken. Etterpå gjekk turen i fakkeltog bort til Gamlatunet der Jakob var klar med julegraut og kaker.  Så mange ville inn at det var kø ved inngangsdøra.    Les meir her


VIKEBUEN arrangerte julemesse 19. november
Fekk fullt hus på julemessa

(Klikk her19.11.2011 SteinarS)  Då Vikebuen opna julemessa si klokka 12 på laurdag 19. november, så var det fullt hus i storesalen.  Omlag 150 var møtt fram for å sikra seg julegåver, graut og drøs med sambygdingane.  For julemesse i Vikebygd er noko spesielt.  Her var korpset med og innleia arrangementet.  Lene Liodden hadde med seg ein jentegjeng som både kunne syngje og danse, før Vegard Skartland entra scenen og song ei rekkje songar akkompagnert av Arne Tveit på el piano.  Det var salsutstillingar både i den store salen og i grupperommet. - Det har vore mykje folk innom og dei er flinke med å kjøpa, fortalde Hanne Jorunn Helgeland.  Les meir her 


Tomter i Vikebygd
Graveopning på Liofeltet

Klikk her for større bilde(17.11.2011 SteinarS)  Torsdag 17. november deltok ordførar og varaordførar då dagleg leiar i Tomteselskapet, Leon Dyngeland, markerte "graveopning" i Liofeltet. 19 nye tomter vert klargjorde av Tveit Maskin og folk har alt meldt si interesse for å byggja.

-Tomtene bør kunna rekke eit år og to, sa Leon optimistisk. Dei ligg flott til, både med tanke på terreng og natur, men også sentralt i Vikebygd.  -Borna mine brukar berre to minutt for å gå heimafrå og opp til skulen, fortalde Tore Espeland som har budd mange år her på Liofeltet. Som del av feltet ligg ein stor leikeplass som er opparbeida på dugnad.  30 - 40 minuttar å kjøre frå Vikebygd så er ein ved fleire store verksemder.  Tomtene har kort veg til butikk, skule, idrettsanlegg og barnehage. Vikebygd er ei fantastisk bygd å busetja seg i. Gode oppvekstvilkår, mange fritidsaktivitetar og du kan nytta muligheitene naturen har. Vikebygd har naturopplevingar på sjø og i fjell.  Les meir her.  


SPEIDARANE arrangerte Globalkafè på bedehuset, 9. november 2011.
"Globalaksjonen - fordi vi bryr oss"
Foreldra måtte i elden i leik og konkurranseSpeidarane, familiane deira og ein del andre bygdefolk fylte bedehuset. Her var Globalkafè med sal av kaffi, bollar og kaker. Speidarane hadde sketsjar og leiker. Småspeidarane var samtidig ein runde på husdørene med bøsser og samle inn til KFUK/KFUM Speidarane sin Globalaksjon, til skulebygging på Madagaskar. I år går pengane til KFUK og KFUM sitt arbeid i slummen ved hovudstaden Antananarivo på Madagaskar. Prosjektet stør også bygging av ein ny skule som skal drivast av KFUK. Gjennom Globalaksjonen gir du born og unge framtidsvon. Tusen takk for di støtte!   Les meir om aksjonen her.


Grannekarusellen 2011
(07.11.2011  o-gruppa) Det vart 7 sigrar totalt til Vikebygd IL i årets karusell mellom klubbane: Bjoa IL, Vindafjord OL, Vikebygd IL og Ølen IL!

Jon Magne Svendsbøe vann langløypa, Arne Tveit og Birgitte Torbjørnsen vann mellomløypa, Vegard Skartland og Line H. Bjerga vann kortløypa inntil 17 år, Jarle Skartland og Tonje H. Bjerga vann nybyrjarløypa. 
Les meir her.


Velkommen til Klokkargarden - klikk her
Ny butikk opna i Vikebygd
Fire damer satsar i Klokkargarden
(4.11.2011 SteinarS)  I eit lite hus ovanfor landhandelen i Vikebygd har dei innreia eit koseleg butikklokale der dei sel husflidsartiklar, brukskunst, pynt og klede. I hyller på veggene og på bord rundt i rommet ligg det mykje spennande og fint, alt laga lokalt i Vikebygd.  For dei som tenkjer på julepressangar så er det litt av kvart å finna her.
Les om Klokkargarden og butikken her

Konsert i Skjold Kyrkje 6.nov.
Vennskapskonsert-med fullt hus i Skjold kyrkje 6.11


Gro Marit Larsen(6.11.2011 SteinarS) 
Med nesten fulle benkerader kunne sokneprest Martin Ivar Arnesen ynskja velkommen til over to timar med musikk av høg klasse.  Aktørane som var frå fleire av bygdene i Vindafjord, stilte opp gratis. Lyd og lys var profesjonelt styrt og folk kunne gle seg over musikk i eit spenn frå rolege orgeltonar med Arne Tveit til barnekor, gospel, viser og rock. 

-Inntektene går til venskapssamarbeidet Vindafjord - Ihosy på Madagaskar, kunne Steinar Sørhus fortelje.   Sjå fotoalbum frå konserten her.
LES MEIR FRÅ KONSERTEN HER.


Brann i Trovåg
3 naust totalskadd i ei rekkje på 20

(2.11.2011 SteinarS) 
Klokka 00.35, natt til onsdag 2. november, fekk politiet melding om brann i eit sjøhus ved Trovåg i Vikebygd.  - Ingen personar vart skadde, men av om lag 20 naust, vart fire brannskadde, tre av dei totalskadde, opplyser operasjonsleiar Norunn Byrknes i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.  Les meir i Grannar.

Brannen, som vart meld av ein bebuar i nabolaget, vart raskt sløkt då brannvesenet kom til staden.  Politiet har gjort tekniske undersøkingar, og lensmannen i Vindafjord, Ingvar Gjerde, har bede politiet i Haugesund om hjelp i etterforskinga.
Les meir i h-avis.no


Sprell levande kyrkje
Kyrkja fylt med lovsong

Laurdagsklubben i Vikebygd.  Born frå 4 - til 10 år under leiing av Kjersti og Lene.(29.10.2011 SS)  Så var kyrkja klar for nyopning. Stillaset stoder der ennå, men inne var alt som før. Det var nesten 100 store og små som fann vegen inn i kyrkja. Alle fireåringane var spente, dei skulle få ein bibel og var spesielt invitert.  Britt Karstensen leia den sprell levande gudstenesta og hausttakkefesten.    Les meir her.


Ingveig Skartland Svendsbøe med innsatspokalen.Fotballfest i Vikebygd 4. november
-Skjoldar IL arrangerte fotballfest for laga i alderen 13-16 år i bygdahuset i Vik fredag 4. nov. Her var matservering og underhaldning, dans og musikk ut i dei små timar.  

Fleire ungdomar frå Vikebygd spelar på laget  Skjoldar. Ein av dei aktive spelarane er Ingveig Skartland Svendsbøe, som vart heidra av idrettslaget med innsatspokalen i 2011. 

 


Fotball - Skjoldar IL
Jentene - kretsmeistrar i fotball
Skjoldar J 16 krinsmeistrar 2011 (klikk her for større bilde)(27.10.2011)  Skjoldar J 16 fotballag med spelarar frå Vikebygd, Skjold og Vats, vart kretsmeistrar i 2011.  

Sjå bilete på IL Skjoldar si webside

Skjoldar J16 møtte Madla i den avgjerande kampen om tittelen som kretsmeister og kampen var på heimebane i Skjold tysdag 25. oktober 2011. Skjoldar knuste motstandarane med heile ni mål. Les meir her.


G 16 gutane vann sølv i Norway Cup
Det er ikkje berre jentene som hevdar seg.  Gutelaget i Skjoldar (G 16) nådde fram til sølvplass i Norway Cup denne sommaren.  Fleire vikebuar mellom spelarane.


 
Les om dette her.


Vikebygd Kyrkje, 25.okt.
Brit Nelly Ness Tveit skal leie det nye soknerådet

Det nye soknerådet i Vikebygd(25.10.2011)  Dei nyvalde soknerådsmedlemene hadde sitt første møte 25. oktober, der konstituering stod på dagsordenen.  Posisjonane vart delt slik: Leiar: Brit Nelly Ness Tveit,
Nestleiar; Rolf Alne,  Sekretær og økonomiansv.: Øyvind Valen
Repr. til Fellesrådet: Dag Hans Nagel-Alne, Trusopplærings-nemnd: Lina Fisk Eide, Diakoninemnd: Brita Laugaland
I tillegg er sokneprest Johannes Nedrelid med i soknerådet.
1. vara er Jarle Årvik.
   Les meir her.


Hausten sin hardaste fjelltur
Hardhausen 23. oktober

Klikk for stort bilde av fjellvandrarane Øyvind og Else(23.10.2011)  I samband med at nutakassane skulle ned for dette året, inviterte Øyvind Valen til ein ni timars fjellmarsj frå Skartland til Bjordal. Les meir her.

 


Speidarane
Utemøte i Bakken 19. oktober

45 speidarar, med smått og stort, møtte opp til utemøte i Bakken onsdag kveld, den 19. oktober.
Sjå fleire bilete her


Skjold Kyrkje 18. oktober
Inspirasjonskveld 
(18.10.2011 SS)  Kyrkjelydane i Vindafjord ynskjer å få fart på trusopplæringa.  Tysdag 18. oktober samla 65 personar seg i Skjold kyrkje for inspirasjon og informasjon, leia av Kari Vik Stuhaug (leiar i Felles Utval for Trusopplæring i Vindafjord). "Han Inante"  og presten Geir, var invitert for å få fram smilet hjå dei frammøtte.  Alle sokna var godt representerte.  Frå Vikebygd deltok heile det nye soknerådet saman med fleire andre frå bygda. 


Frå 50 til 150% kateket
Målet er å skaffa pengar til å få på plass ei ekstra stilling som Kyrkjelydspedagog i tillegg til kateketen Britt Karstensen. For å finansiere denne søkjer Kari Vik Stuhaugutvalet om tilskott frå kommunen i tillegg til midlar frå sokneråda.  Dei oppfordrar også alle i Vindafjord til å melda seg til gjevarteneste for saka. 
Informasjon og svar-blankett - finn du i Hyrdingen nr 5.

Kjersti Hausberg Bjerga fortalde om dei vellukka "Sprell levande gudstenesta" vi har hatt kvar haust i Vikebygd.  Brit Nelly Ness Tveit intervjua både Han Inante og Torolf Nordbø, og fekk dermed, på ein litt humoristisk måte, fram kor viktig eit godt barne- og ungdomsarbeid er. 
LES MEIR HER 


Bedehuset erstatta kyrkja
50-årsjubilantane deltok 

50 års jubileum for konfirmasjonen i 1961 (16.10.11)  12 av dei 17 konfirmantane frå 1961 deltok på jubileumsmarkeringa. Då kyrkja var under oppussing måtte denne gudstenesta vera i bedehuset.

Les heile artikkelen her.


Søndag 23. oktober
Bøsseinnsamling, Norsk Folkehjelp - minerydding
(24.10.11 SteinarS)  Takk til dei ni vikebuane, som samla inn i TV-aksjonen.  I Vikebygd kom inn omlag 1000 kroner meir enn i fjor, totalt over 20.000 kroner.  Per Schnabel hadde oppgåva med å senda bøsseberarane ut og til å ta imot bøssene etter runden.  Deretter bar turen inn til Ølen der oppteljinga gjekk føre seg i Sparebank 1 sine lokalar.  Totalt kom inn kr 294.052,50 i Vindafjord-bøssene. Dette er 1500 kr mindre enn i fjor.

TV-aksjonen 2011 går til Norsk Folkehjelp og deira arbeid med å rydda miner og klasevåpen i ei rekkje land i Afrika, Asia, Europa og Midt-Austen. Dei er ein av våre største hjelpeorganisasjonar. LES MEIR HER


Tom Roger Aadland - "En levende affære"
Link til info om konserten 6. oktober i Festiviteten.
(7.10.2011)  -Tom Roger Aadland fra Vikebygd hadde seks musik-ere i ryggen. Det ble en levende affære fra start til mål – og i side-sporene underveis, skreiv Haugesunds Avis sin anmeldar, Roar Eskild Jakobsen, etter å ha opplevd konserten i Festiviteten torsdag saman med 300 andre Aadland fans.

Les meir her.


Haust i landbruket
Sauene pussar beiter og eng

Sauene pussar beitene etter at storfeet er sett inn.(8.10.11)  Trass i ein våt sommar og haust så har temperaturen vore bra. Graset veks framleis ein del stader sjølv om hausten set sitt preg også her.  Ein del bønder har halde på med 3. slåtten i oktober, men mange stader er det for vått å koma utpå med traktor. 

Sauene som er tilbake frå fjellbeite kan kosa seg på eng som ennå har grønt gras. Det gjer og ein god jobb med å pussa beitene etter at storfe og forhaustar er sett inn for hausten.


Vikebygd Bedehus
God gammaldags basar 

Modgunn Brynjelsen takkar for basarpenger til misjonen.(7.10.11)  Fredag 7.oktober var det basar på bedehuset. Litt over 40 er dei til saman denne kvelden som regn og vind piskar mot vindaugo i bedehuset. Det var Normisjon sitt arbeid som pengane frå basaren skulle gå til. Predikanten, Modgunn Brynjelsen, fortalde frå misjonsarbeidet og heldt andakt.

Les meir her HER


Nyval i Vikebygd Vassverk sitt styre
Ola Harald Alne er ny leiar i styret for vassverket
(4.10.11)  Formann for styret og dagleg leiar i Vikebygd Vassverk dei siste åra, Gudvin Skogen, gjekk av på nytt konstituerande styremøte, måndag 3. oktober.  Ola Harald Alne er dermed tilbake i rolla som både dagleg leiar og formann for styret.  Gudvin  Skogen oppgir familiære årsaker til at han trekte seg frå vervet. 
Øvrige medlemmer i styret er nå: Nestformann Rolf Julsrud, Sekretær Helge Helgesen, Kasserar Lise Bruland, Styremedlem Tore Espeland og varamann Johan Owe

Link til Vikebygd Vassverk

24. september 2011
Vellukka aktivitetsdag
Årets aktivitetsdag blei ein stor suksess med ca 100 påmeldte. 10 triatlonlag kjempa om heider og ære på stylter, sykkel og 60m løp. Ca 40 stk deltok på det avsluttande 400m baneløpet der Jon Magne Svendsbø kom først i mål. Til slutt var det premieutdeling til alle påmeldte med trekning av FKH billettar og deltaking i Hårfagrerittet. Begge hovudgevinstane gjekk til familien Larsen på Ulvebne.    
Les meir HER 


Vindafjord Kommune
Ordførarkabalen på plass

(17.9.11 SteinarS)   Fleire politiske parti i kommunen har gått saman i ein avtale som vil gjera Ole Johan Vierdal frå Senterpartiet til ordførar og Steinar Skartland frå Kristeleg Folkeparti, til varaordførar i Vindafjord Kommune. Partane bak avtalen er Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Bjoa Bygdeliste og Sosialistisk Venstreparti. Desse er også samde om fleire viktige saker / område som det skal samarbeidast om i komande fireårs periode.  M.a. ynskjer dei å fylgja grunntrekka i langtidsbudsjettet 2011-2014 og ro om skulestrukturen.  Partia vil utarbeida felles framlegg til kommunebudsjett og samarbeida om felles løysingar på viktige politisk saker.  Les meir her.


O-gruppa
Sluttstillinga i Grannarkarusellen 

Det vart 7 sigrar totalt til Vikebygd IL i årets karusell mellom klubbane:
Bjoa IL, Vindafjord OL, Vikebygd IL og Ølen IL!

Jon Magne Svendsbøe vann langløypa, Arne Tveit og Birgitte Torbjørnsen vann mellomløypa, Vegard Skartland og Line H. Bjerga vann kortløypa inntil 17 år, Jarle Skartland og Tonje H. Bjerga vann nybyrjarløypa.
Les meir og sjå tabellen HER. 

Valresultatet i Vindafjord, Måndag 12. september 2011  Mandatfordelinga vart slik i Vindafjord:
Parti  

%

Mandat Endr.:
Senterpartiet:   31,55 % 8 - 1
Høgre:   21,20 % 5 + 1
Arbeidarpartiet:   16,71 % 4 - 1
Framstegspartiet   10.94 % 3 0
Kristeleg folkeparti:   10,83 % 3 0
Bjoa Bygdeliste:   4,39 % 1 0
Sosialistisk Venstreparti:   4,37 % 1 + 1

Valdeltakinga var på 61,53%, ein oppgang på 2,4%.  Resultatet kan du m.a. sjå HER.  Forhandlingar har ført til eit samarbeid mellom SP, SV, KrF og BBL, som gjer Ole Johan Vierdal til ordførar og Steinar Skartland til varaordførar.    Les meir her.   


Per Øyvind Valen
- Haugalandet sitt fremste O-håp

(29.8.11 SteinarS)  Under Vestlandsmeisterskapen i orientering, som vart avvikla i Skudenes-havn i helga, vart Per Øyvind Valen klart best.  I klassen 17/18-år kom han i mål heile 9 minutt før nr to.  Per Øyvind er vaksen opp i Vikebygd og var i mange år svært aktiv i den lokale orienteringsgruppa med deltaking i ei rekkje meisterskap.  Frå haustsesongen 2010 melde han overgang til Haugesund IL, då han byrja på Haugesund Toppidrettsgymnas, linje for orientering.  Nå vil ha satsa skikkeleg framover og stiller om to veker i NM Langdistanse.    Les meir her 
Les meir i Haugesunds Avis    


Val på nytt sokneråd i Vikebygd

Ellen og Brit Nelly tek i mot røyster til kyrkjevalet (klikk for stort bilde)

(12.9.2011 Steinar) Nåverande soknerådsleiar, Brit Nelly N. Tveit vart ein suveren vinnar med heile 206 røyster.  132 personar i Vikebygd røysta ved soknerådsvalet.  Sist val deltok 128, som er ein framgang på 5.  Nokre få ungdomar under 18 år møtte for å røysta i dette valet der nedre grense er 15 år. Totalt er det 523 medlemmer i den norske Kyrkja i Vikebygd sokn. 
Meir om kyrkja, soknerådet og aktiviteten HER
 

Les kven som kom med i det nye soknerådet HER


Elektrisk kraft
Nye transformatorar

Ny trafo kiosk på Skartland(3.9.11 SteinarS)  Det har vore graving og bygging av fundament fleire stader i bygda der det er stolpar med transformatorar og skilt med "Høgspenning livsfarleg."  Nå set kraftlaget opp nye transformator kioskar i form av små ferdige hus som vert heist på plass, slik som denne på Skartland

Les meir her.


Vikestølsmarsjen 2011
Godt med folk i fjellet trass i gråvêret.

Vikestølen (klikk for stort bilde)(4.9.11 SteinarS)  Idrettslaga i Bjoa og Vikebygd inviterte til Vikestølsmarsj søndag 4. september. 

- Er nok litt mindre enn i fjor, -for då var det flott vêr, kunne komitémedlemane konkludere med. Underteikna anslår deltakinga til omlag 120-150 personar.  I år var motivet på diplomen teikna av Solvor Vee Sandsgård frå Bjoa. Det var hesteskokasting og kafé med sal av lapskaus, pølser, kaker og kaffi.  Klokka halv tre var det trekning av loddsalet og av ein ryggsekk til dei som hadde skreve seg inn i hytteboka siste året. Denne gjekk til Roald Årvik.  Les meir her.


Landhandel i bygda
1. oktober ikkje lengre deadline for handelsmannen

(21.8.11 SteinarS)  Då Rolf Alne ikkje kom i hamn med sal av butikken i sommar har han i staden arbeida for å få med seg ein yngre assistent som kan avlaste og gjerne etter kvart ta over drifta.  Rolf vil framleis vera i Jokeruniform ut året. 

-Eg vil bruka tid og krefter på å lære opp den som skal overta, seier han. - Yngre krefter skal få tid til å prøva seg i rolla og få er faring før dei avgjer om dei vil kjøpa butikken eller ikkje.  Likevel ligg målet hans fast om å gje i frå seg butikken til andre.  Sjølv har han hatt fleire interessante tilbod om jobb, men avgjerd om desse får venta på seg. 
 
- Vikebygd er jo nøydde for å ha ein butikk, sånn er det berre, seier Rolf Alne til Grannar.  Grunnen til at han ynskjer å gje seg er m.a. saknet av fritid gjennom 13 år med butikk i Vikebygd.   

Les meir HER
.   


Tilbod om ”BOK I BUTIKK” i bygdene i Vindafjord.

Dei som ynskjer å lesa ei bok, sjå film høyra lydbok el.a. kan bestilla dette frå Vindafjord bibliotek. Biblioteket køyrer ut bestilte media ein gong i veka, slik at det bestilte kan hentast på ein butikk eller bensinstasjon i nærleiken.

Frå 1. september køyrer dei ut bestilte media til Joker-Vikebygd
Bestilling: www.vindafjord.folkebibl.no  
Les meir her
    ("Biblioteksjefen" 25.8.2011)


Vikebygd kyrkje stengd for vedlikehald
Vedlikehaldet av kyrkja i Vikebygd er i rute
(23.8.11 SteinarS)   Arbeidet er i rute og stillasa kan fjernast innan midten av oktober, fortalde Sivilarkitekt Arne Tveit.  - Metoden som vart vald er ei spesiell tilpassa sandblåsing. Kostnaden er på 1,2 mill.+ mva.

Vårvik Glas held på med vedlikehald av vindaugo.
Skjold Trevare reparerer inngongsdør mot sør. Kalstveit og Vik fylgjer opp trearbeider oppover etter kvart og vurderer treverket ute mens det er stillas på plass, saman med takrenner etc. Treverk på tårnet må målast samstundes av fagfolk.  Utvasking av kyrkja er tenkt gjort på dugnad.

Soknerådet vedtok at bedehuset i Vikebygd skal nyttast til gudstenester og kyrkjelege handlingar i tida Bedehuset kan nyttast til gudstenester o.l., nå som kyrkja er avstengd.  Gudstenesta med Britt Karstensen den 30. oktober, er truleg første gudsteneste i det oppussa bygget.

Les meir om kyrkjevedlikehaldet HER.
 


Seinsommar Tango
Tango-helg i Vikebygd

(21.8.11 Steinar)  Omlag 70 deltakarar på kurs og oppvisning i Tango i Vikebygd denne El Mediterraneo frå Kyproshelga.  Eit spenstig program med deltakarar frå både inn- og utland, men berre nokre få frå Vikebygd denne gongen i flg. websida seinsommartango.wordpress.com 

Laurdag var det Tangokonsert med tango-oppvisning i Bjordal. Orkesteret frå Kypros spela til milonga (= tango-dans).  Kypriotisk TV team deltok for å lage reportasje frå arrangementet og Vikebygd.  Og dei røynde instruktørane: Mustafa og Pembe, deltok også i år. 
Les meir HER
.
Eit TV-team tok turen frå Kypros til Seinsommartango, står det på TangoTare-klubben på si webside. Dei vart verande ei veke for å oppleva Bergen, Haugesund, Karmøy og Vikebygd. Tangodansarane vart igjen for å oppleva Seinsommartango-nachspiel&bursdagsmilonga på Geitungen fyr søndag 28. august.


Vikebygd kyrkje
Dåp og gudsteneste med Himmelen som tak

(14.8.11 Steinar/ foto: Arne Tveit.)  Søndag 14. august var det misjonsgudsteneste i friluft. 100 meter frå kyrkja ligg parken med ruiner etter den førre kyrkja.  I juli var det vigsel av brudepar her, og denne søndagen inviterer sokneprest Johannes Nedrelid til misjonsgudsteneste med dåp av vesle Adrian Brendsdal Moe. Det var første barnedåpen Johannes Nedrelid hadde hatt i friluft sidan misjonstida i Kamerun.

Les meir her.


Skjoldar I.L. på Norway Cup
G16 laget vann sølv i finalen.

Skjoldar G-17 (klikk for større bilde)(7.8.2011  SteinarS)  Skjoldar G-16 laget, som har spelarar frå Vikebygd, Skjold og Vats, blei historiske då dei kvalifiserte seg til finalen i Norway Cup 2011.  I semifinalen vann dei 1-0 over TorandoMåløy, etter scoring av Sondre Maurangsnes. I finalekampen i A-sluttspelet for 7’er fotball 5. august, blei det tap mot Stjørdals-Blink. Likevel er sølvplass ikkje å forakta. Spelarane som har adresse i Vikebygd, er: Espen Vik, Sondre Maurangsnes og Vebjørn Mortveit.  Les meir her.
Les også i Grannar; Haugesunds Avis og på I/L Skjoldar sin web


Bryllaupsfeiring i det fri
JA, ved den gamle kyrkjemuren
Elin Sætre og Henning Flæte Andersen vart vigde i dei gamle kyrkjeruinane. (Klikk for stort bilde)(4.8.2011  SteinarS)  Dei let seg ikkje stoppa av at kyrkja var stengd for vedlikehald.  Laurdag 30. juli knela Elin Sætre og Henning Flæte Andersen på kvar si pute i kyrkjeruinane av den fjerde kyrkja i Vikebygd.  Sokneprest Martin Ivar Arnesen la hendene på dei og bad for brudefolket som valde å bli vigde til ekteskapet i parken nedfor kyrkja i Vikebygd.  Denne staden er frå tidlegare godkjent for kyrkjelege handlingar og vigsler, men det er ikkje dagleg kost at brudemarsjen tonar frå orgel her i det fri. Berre eit par har nytta parken tidlegare, men det var sjølvsagt bryllaup i kyrkja som stod her. Vi gratulerer ekteparet og vonar dei får eit flott og rikt samliv.   Les meir om bryllaupet HER


Dobbeltkonsert på Plassabakeriet
Frå Bob Dylan på nynorsk til gladjazz frå New-Orleans

Tom-Roger Aadland. Klikk her for stort bilde.Andreas Ulveraker i Bytunets Antikvariske Jazzensemble.  Klikk her for stort bilde.(SteinarS 30.7.11) Dei 50-60 som valde å ta turen til Plassabakeriet denne laurdagskvelden, vart ikkje skuffa. I tillegg til konsert med Tom-Roger Aadland, Vikebuen som fekk Aftenposten sin kritikar til å setja overskrifta: "Imponerende fornorsket klassiker" vart det konsert nr to med Bytunet Antikvariske Jazzensemble som del av deira øving til Sildajazzen.

Les heile artikkelen og bilete her


Eirik Larsen (15) talte til 15.000
Vikebuen Eirik Larsen (15) talte til dei nærmare 15.000 på rådhusplassen i Haugesund under folketoget måndag 25.juli.
 
Som leiar i Haugaland AUF var det ei tøff oppgåve for den unge vikebuen å tala til dei nærmare 15.000 personane som hadde møtt opp i fakkeltoget gjennom Haugesund sentrum for å minna ofra etter terrorangrepet i Oslo og på Utøya, meldte Grannar.
Les meir HER.  
 

Terrorangrepet på Austlandet
La oss arbeide for eit ope og fredeleg samfunn utan hat

(23.7.11 Steinar/vikebygd.org) 
Vår medkjensle med dei som er ramma av denne ufattelege tragedien i Oslo og på Utøya. 

La oss nå ikkje bli fulle av hat - men hjelpa kvarandre til å gå vidare og halda fram med å byggja landet som ein open og demokratisk nasjon.  Vi må la politiet få gjera jobben med å etterforske og finne årsaker.  Så får domen koma frå domstolane. Det som har skjedd kan skje igjen.  I staden for å fylle sinnet med hat - la oss fylle det med omsorg og medkjensle for dei som er råka og med dei som vi møter i kvardagen.

Vindafjord Kommune:
Kondolanseprotokoll utlagd på rådhuset

Frå kl. 12.00 måndag 25 juli vart det lagt ut kondolanseprotokoll på Vindafjord rådhus knytt til tragedien på Utøya/Oslo. Kontaktnummer i samband med tragedien i Oslo og Utøya.  Helsedirektoratet ba alle kommunar om å oppretta eit kontaktnummer som kan nyttast.  På dagtid (kvardagar kl. 08.00- 15.30) kan du nytta sentralbordnummeret til Vindafjord kommune - 53 65 65 65. Ved kontakt med dette nummeret kan me formidla hjelp frå kriseteamet eller andre aktuelle ressursar i kommunen. Dersom du treng hjelp til andre tidspunkt er kontaktnummeret til Vindafjord kommune: 48 89 17 54.     
Les meir HER


God deltaking på Vikebygd festivalen 23. juli
Godt frammøte i gråvær(23.7.2011  SteinarS)  (Fotoalbum herDet var eit heller dårleg utgangspunkt for festival og feiring, morgonen etter det tragiske terrorangrepet Noreg opplevde.  Festival leiinga vart likevel samde om å gjennomføra Hett i bakerietfestivalen på dagtid, men avlysa dansen om kvelden.


Mange kjøpte fiskekort og deltok i konkurransen, og endå fleire møtte opp for å delta i aktivitetar for born, handle på salsboder og for å støtta korpset og idrettslaget som stod bak festivalen saman med Plassabakeriet. 
Les meir  HER

Fotoalbum finn du her.


Nye løyperekordar frå Gamlatunet til Vikestølen
Nye løyperekordar vart sett 11. juni, melder O-gruppa på sin eigen web. Løypa går frå vegkrysset ved Gamlatunet til husveggen på Vikestølen:

DAMER:  Birgitte Torbjørnsen: 41.04 min
HERRAR: Jon Magne Svendsbøe: 28.14 min

Send tida du brukar Jon Magne på tlf. 48 18 84 30 eller msvendsb@online.no
så blir tida lagt ut på o-gruppa si nettside.   Les heile saka... 


På fjelltur i Vikebygd
Fossane - Elva frå Morgonvatnet

Fossane.  foto: Roald Årvik(20.7.11 Roald) 
Roald Årvik har sendt bilete frå tur til Fossane

Biletet er teke 20/7-2011, av det som på kartet blir kalla Fossane, og som er det kvite bruresløret ein kan sjå i frå Vikevik når det har aust ned med vatn, om ein rettar augo i noko austleg retning. Fossane er elva som kjem frå Morgonsvatnet. 

Om nokon undrar seg om korleis det ser ut når ein har vore velsigna med fint ver i meir enn ein dag og to, så har eg lagt ved to bilete frå tidleg i juni i fjor. Då kunne ein gå ned Fossane om ein trødde varsamt, noko eg gjorde, det ville eg ikkje gjort denne gongen.  Helsing Roald Årvik

Fleire bilete / fotoalbum ser du HER.       Les heile artikkelen HER 


Besøk frå Amerika
Bønder frå Iowa vitja bygda

Steven og Mary Hanson(20.7.11 SteinarS)  Storbønder frå Iowa i USA var i juli på besøk for å leita opp småbruka i Vikebygd og Skjold som dei stammar frå.

Steven har røter på Leirhammar og Svinelid. I Iowa driv han ein gard på 30.000 mål like ved Story City i Iowa. 
Les meir her om:
Amerikabesøket


Kyrkja i Vikebygd under restaureringVedlikehald av Vikebygd kyrkje
Arbeidet er i gong

(14.7.11 SteinarS) 
I juli har det kome opp stilas rundt heile kyrkja.  Det er starten på vedlikehaldet der muren skal sandblåsast og målast.
Murarbeidet vert utført av murmeisterfirma R. B. Johannesen.   Geir Vårvik skal samstundes reparera vindaugo.

Les meir HER


19 nye bustadtomter i Lio
(15.7.11 SteinarS) 
Vindafjord kommune klargjer nå heile 19 nye bustadtomter i utvidinga av Liofeltet i Vikebygd.

-Folk kan rekne med å kunne starte husbygginga til vinteren, seier ordførar Arne Bergsvåg til Haugesunds Avis (15.juli).  Det er fleire interesserte tomtekjøparar allereie.

Vikebygd opplever befolkningsauke, tilflytting og bustadbygging.
Stadig fleire vel å finna seg tomt eller å kjøpa eldre hus i bygda.  Vikebygd er ein stad der folk ynskjer å bu.  dette gjeld særskilt barnefamiliar, men også folk som har passert det stadiet.  Les meir HER 


Vikebygd Landhandel
Om nye overtek til hausten er ennå ikkje klart.

Vikebygd Landhandel(9.7.2011/19.7. SteinarS)  Nye, lokale eigarar ynskjer å ta over drifta av Joker butikken i Vikebygd frå hausten av, men det står ennå att ein del forhandlingar før dette er avklara. 
Les meir HER
.
 


Sal av gamleskulen?
Interessentar til å overta gamle Vik skule
Gamleskulen i Vikebygd har i lengre tid vore til sals. I flg. Grannar så er det nå interessentar til bygningen og salskontrakt kan vera underteikna innan eit par vekers tid.  (link til Grannar)
Les meir HER om saka.


Vindafjord Kommune skårar høgt i.
Analyse av kommunane
(9.7.2011 SteinarS)  Vista Analyse as, som er eigd av norske kommunar, la 1. juli fram ein rapport som på samla nasjonalt nivå plasserer Vindafjord på 49. plass av 430 kommunar.  Når det gjeld arbeidsmarknaden hamna kommunen på 7. plass.

"Vindafjord kommune har et variert næringsgrunnlag innan industri og tjenesteyting." I området Ølen - Ølensvåg - Vats ligg ei rekkje store verksemder som samla omset for omlag 6 milliardar kroner.  Vindafjord kommune er 4. største landbrukskommunen i landet målt i husdyrhald.  Ca 10% av alt slakt i Noreg vert gjort her.  Vindafjord får 66. plass i Noreg innan økonomi og 115. plass innan demografi (befolkningsvekst og aldersprofil), men når det kjem til kompetanse hamnar kommunen heilt ned på 378. plass.   Les heile rapporten HER.


Skeive gravstøtter.  Klikk for større bilde.Gravstøtter som kan medføre risiko
(11.7.11 SteinarS) 
Vinteren og frosten har gjort sitt.  På kyrkjegarden er det mange gravstøtter som står skeive.  Nokre så mykje at dei kan medføre risiko for å velte over born og andre som ferdast på kyrkjegarden.

Det er gravfestar (pårørande til den gravlagde) som har ansvaret for gravmonument og gravstøtter.  Det er viktig at dei som slik har ansvaret for ei grav tar med seg verktøy og rettar opp gravstøtter som er skeive, eller kontaktar nokon som kan gjera dette for seg, om ein sjølv ikkje har krefter eller høve til det.


Min hobby
(10.7.11 SteinarS)  Det tok til for mange år sidan - då eg vart knytt til uteverda gjennom internett. mIrc - var eit begrep for oss som bala på i internettet sin barndom.  Kopla oss opp på internasjonale serverar.  Snakka med folk i Indonesia, Afrika og USA.  Fekk spørsmål om hjelp til å finne slekt. Så gjekk nettene til med å leita og nøste opp trådane.  Så enda det med tur til Noreg og "cousins" møtest. Les meir HER.

Men ikkje alle endar i mål.  Nokre tråar er ennå opne. Nokre av dei ligg her.


Å få det til Minne vi ber med oss, på godt og vondt.
(10.7.11 SteinarS) 
Eg tilstår det gjerne...  Eg er ikkje så flink ein snekker.  Skulle gjerne vore det, med eit gamalt hus.  På sløyden i ungdomsskulen, ga sløydlæraren meg denne attesten til det eg hadde laga: "Det er fint langt i frå, men det er langt ifrå fint".  Han syntes nok det var morosamt sagt. 

Tankar om skulen ...


Årleg fjellstemne frå år 1900. 
Vikestølsmøtet 2011
(26.6.2011 SteinarS)
Søndag26. juni var det 40 som fann vegen til Vikestølen og det 111. stemnemøtet der sjømannsprest Rune Birkeland var hovudtalar.

Les heile artikkelen er her 


St.Hans feiring med bål på Bryggjebakken
Stort St.Hans bål og 150 deltakarar på kjølig midtsommarsfest i Vikebygd(23.6.2011)  Kvinnene i Vikebuen inviterte til Sankt-Hans feiring på bryggjebakken torsdag 23. juni. Omlag 150 små og store møtte i båthamna og fekk seg ein sein utemiddag.  Grillar var klare og eit telt der Vikebuen selde nysteikte lappar, kaker, brus og kaffi. Dei store grillane vart nytta godt til pølser, hamburgarar, karbonadar og liknande.
Les meir her. 


SiloslåttSiloslåtten for fullt i Vikebygd
(12.6.2011 SteinarS)   Ved dei fleste gardane i Vikebygd er siloslåtten nå i gong for fullt.  Her er det Jone Skartland som er i gong med den nye traktoren på laurdagen. 

 


Utlodding for å berge liv.
Vikebuen kjøper hjartestartar

Anne Marie Bjørnevik og Vikebuen samlar inn pengar til hjartestartar.(11.6.2011 SteinarS)   Anne Marie Bjørnevik sat ved eit bord utanfor landhandelen med loddbok. Det var mange som stansa opp her før dei gjekk inn for å handla. 
- Det er Vikebuen som samlar inn pengar til å kjøpa hjartestartar, fortel ho.  - Den skal plasserast på Bygdahuset.  Her er ofte store arrangement og mange deltakarar.  Ein veit aldri kva tid det kan verta bruk for hjartestartaren.  Den kostar omlag 20.000 kroner. 

På bordet framføre henne ligg eit stort heklateppe.  Anne Marie fortel at det er mange forskjellige som har delt på å hekla kvar sine bitar som så er sett saman.  Eit flott teppe som får ein vinnar til hausten.  Les meir her. 


Rådet for eldre og handicappa
Fest for dei eldre i kommunen
(11.6.11 SteinarS)  Leiaren av rådet for eldre og funksjons-hemma i Vindafjord, eldregeneralen Dominikus Bjordal, kunne ynskje omlag 70 av dei eldre i kommunen til fest onsdag 8. juni. Arrangementet som var lagt til Kyrkjetunet i Ølen, samle pensjonistar frå heile denne vide kommunen vår til middag, allsong og underhaldning.  Eit godt tiltak der fleire frå Vikebygd kunne benka seg ved festborda.  Allsongen lydde høgt i rommet og mange fekk også glede av ein gevinst frå åresal og loddtrekning.

Dugnadsbygda.
Tredje dag med dugnad i båthamna

(11.6.11 SteinarS)  Vikebygd Motorbåtforeining har hatt heile tre laurdagar med dugnad i år, Geir Inge Årsteinsen på dugnad i båthamna.den siste var 11. juni.  Ein av dei som var på dugnaden var Geir Inge Årsteinsen.  Han var i full gong med å måle veggene på huset der dieselpumpe og tank er plassert. 

Gjennomsnittleg timetal med dugnad pr vikebu har ingen rekna på, men det er ikkje få timar kvar og ein yte i løpet av eit år på ulike måtar.  Enten som medlem i eit lag, eller ved å stille opp der det trengs ei hjelpande hand. Eg trur vi godt kan slå fast at Vikebuen ligg godt over landssnittet her.
Les meir her 


Ein god hjelpar er død
Piggsvinet et sniglane i hagen - Pass på denne hjelparen
(11.6.11 SteinarS)  Nord for Veastad kom eg over denne karen.  Ein bil har nok treft han med hjulet. 

Eg vert lei meg når eg ser desse dyra som alt for ofte blir køyrde over med bil.  Samstundes fortvilar hageeigarane over sniglar i hagen.  Vær så snill å brems ned når du ser piggsvin på vegen.  Dei er vår beste hjelpar i kampen mot sniglar i hagane.  Sniglar er livretten til piggsvinet.  Brems og styr unna!!


Sjømannen dreg inn årane.
Vikebygd Landhandel er til sals - nye vurderer overtaking
(7.6.11 SteinarS) 
Rolf Alne utanfor Vikebygd Daglegvare AS (Klikk for stort bilde)-
Eg har bestemt meg. Krava som skal oppfylgjast i form av rapporteringar og papirarbeid er for krevjande.  Sjølv når eg har ein fridag så er det butikken som svirrar i hovudet mitt, seier Rolf Alne.  Han informerte dei tilsette i starten av juni om at han nå vil gå til styrt avvikling av forretninga, og har alt hatt kontakt med personar som ynskjer å ta over drifta frå 1. oktober, både Vikebuar og frå andre stader.  Rolf har god tru på at drifta skal kunna halda fram. Når han nå gir seg så er det med gode resultat og flosshatten på.  - Eg tenkte først på å få inn ein partnar, men nå blir det til at eg trekkjer meg heilt ut, fortel Rolf som tok over butikken i 1999. 
Les heile artikkelen HER   


Velkommen nye Vikebuar
Frå folkemylder i Kina

Petter Günther, Li Tue og Zeng Guirong(4.6.2011 SteinarS)  Det er komen ein ny elev på skulen i Vikebygd.  Heile den lange vegen frå Guiping (桂平) i Guangxi (廣 西) regionen sør i Kina, har Li Tue reist saman med mor si, Zeng Guirong. 

Kva synes du om landet du er komen til då? må eg spørja.
- Det er lite folk å sjå her, berre ein og annan bil som passerer på vegen.  Heime var det alltid mykje folk over alt.  Og så er det kaldare her.  Der eg er frå i Kina er det alltid varmt, svarar Zeng Guirong på engelsk, eit språk ho snakkar godt.  Les meir her 


Hytteinnbrot i Vikebygd
(7.6.2011)   Det var eit grovt innbrot i ei hytte i Vikebygd sundag føremiddag, melder lokalavisa Grannar.

Innbrotet har funne stad mellom klokka 18.00 laurdag ettermiddag og klokka 12.00 søndag og blei meldt til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt søndag føremiddag. Ei førebels oversikt over det som er stole er: tv, stereoanlegg, klokker, knivar og drikkevarer.
Ein personleg siger
Joker Rolf og heile teamet fullførte Hårfagrerittet

Rolf Alne - Vikebuen som fullførte Hårfagrerittet.(4.6.2011 SteinarS)  To dagar etter blodslitet i gjørme som rakk oppå leggen og unnabakke på glatt skeineberg, smiler kjøpmannen som aldri før.  Mannen som vart kjend i vide kretsar for å koma seg gjennom ein beinhard slankeprosess i kampen for eit betre liv, er tilbake i butikken midt i Vikebygd. 

Er du stiv og støl i dag, Rolf?
- Omtrent ikkje i det heile tatt.  Fredagen var eg litt stiv i overarm, låret og nakken, men i dag er eg berre litt stiv bak i leggen, smiler Rolf.  Fleire gonger heldt han på å bryta løpet, men Else Valen ga seg ikkje. - Kom igjen Rolf.  Dette klare du! ropte ho.  Og Rolf fortsette.  Heile 53 km som ikkje berre gjekk på veg, men også over haug og hammar.  Les meir her om Vikebygd i Hårfagrerittet 2011 


Klipp frå  O-gruppa web:
Orienteringsløp i Gangstø 31. mai
Kjetil Skartland imponerte og suste inn til siger i kortløypa etter å ha fått "smaken" på orientering i vaksen alder. Tobias Steinsvik fekk denne gongen revansj på Vegard Skartland som vann første løpet i Grannekarusellen i kortløypa under 17 år. Arne Tveit er som vanleg på toppen i den nest lengste løypa mens Per Øyvind Valen, som no representerer Haugesund IL, vann langløypa.  Line Bjerga hadde ei god tid i Lett kortløypa, og søstera Tonje Bjerga var heilt suveren i nybyrjarløypa.  
Les resultatliste og om løpet her 


Spelet om presten Zetlitz i Vikedal
(Diktarpresten Jens Zetlitz (klikk for større bilete).  (Espen Hana, Norleif Fjeldheim, Ingvald Natskår og Andreas Rosså)2.6.2011 SteinarS)  Turen gjekk til Vikedal og premiere på teaterframsyninga "Spelet om diktarpresten Jens Zetlitz."  Det var utandørs i tidsrette omgivnadar ved Vindafjordmuseet i Vikedal.  I hovudrolla finn vi Espen Hana som presten Zetlitz.  Øvrige som hadde dei mange andre rollane, var lokale personar.  Kvaliteten på spelet som er skrive av den velkjende historikaren og forfattaren Johannes Heggland, var imponerande bra.  Spelet var utandørs inneheld mange av Zetlitz viser og songar.  Alt til flott musikk av Kjell Ravatn, Anne Kristine Andersen og Anders Lunde.  Les meir her.


Konfirmasjon i Vikebygd kyrkje 22. mai
Klikk for stort bilde av dei 7 konfirmantane i Vikebygd.(22.5.2011 SteinarS)  Det vart ein fest dag i kyrkja.  212 festkledde i alle aldrar og mellom dei, 7 ungdomar som tok imot gratulasjonar frå familie og vener.  Det var deira dag.  Ein dag som både fekk regndropar, varme og solgløtt.  Les meir her.

Marie Mortveit, Aslaug Vårvik, Ingveig Skartland Svendsbøe, Ida Dommersnes Einarsen, Bendik Maurangsnes, Stian Legøy Årvik, Markus Erdal Hoel og sokneprest Johannes Nedrelid


I heile Vindafjord er det 113 personar som stiller til val ved 8 sokneråd.
Valliste Vikebygd sokn 2011:
1.Brit Nelly Ness Tveit, 2.  Øyvind Valen, 3.  Anna Karolina Fisk eide, 4.  Dag Hans Nagel-Alne, 5.  Rolf Alne, 6.  Geir Mandius Vårvik, 7.  Hilde Stene Bauge, 8.  Brita Laugaland, 9.  Anni Hetland, 10. Else Karrin D. Vestbø, 11. Jarle Årvik, 12. Sigrid Lovise Skartland, 13. Marit Larsen, 14. Linda Langeland, 15. Elisabeth Trovåg


Ingveig mottar innsatspokalen for 2010 av idrettslaget.  Klikk her for stort bilde. (Foto: Laila Øvstedal Espeland)Ein midtbanespelar frå Vikebygd
Ingveig Skartland Svendsbøe
heidra med innsatspokalen 2010

(17.5.2011 SteinarS) 
På vegne av idrettslaget kunne Tore Espeland (leiar i fotballgruppa) og Åge Holsbrekken (leiar i Vikebygd Idrettslag) overrekke Ingveig "Innsatspokalen" som idrettslaget gir til lokale idrettsutøvarar som har utmerka seg spesielt og synt gode resultat innan idretten. 
Les meir her.

17. mai feiring i Vikebygd
Flott oppslutning med korps, tog, gudsteneste og leiker

Klikk her for stort bilde(17.5.11 SteinarS)  Nasjonaldagen starta i Vikebygd med at 5 spreke vikebuar, under leiing av Roald Årvik, tok turen opp til Trodlanibba og heiste flagget.  Nær 170 deltok på gudstenesta i kyrkja klokka 10, etter at dei hadde vore med speidarar og korps for å heisa flagg i parken.   Rett etter gudstenesta var det kransenedlegging og minnetale over dei sjøfolk som fall under krigen, v/Steinar Skartland.  Eit flott og stort tog gjekk frå kyrkja med flaggborg, korps, barnehage og skuleborn,  via omsorgsbustadane og vidare til Bygdahuset.  Her var leiker og moro, pølser og is. Arrangementet slutta av med premieutdeling klokka 14:30, der Ingveig Skartland Svendsbøe vart heidra for stor innsats og prestasjon innan idretten. 
Les meir frå arrangementa her
.


Kjør gjennom Vikebygd på Google
Google har filma og lagt ut Vikebygd på nett.
(14.5.11 SteinarS) Går du nå inn på nettadressa:  kart.google.no og søkjer opp Vikebygd, så kan du plassere ein markør (oransje figur) på bygdevegen.  Då skiftar skjermen til film frå Vikebygd.  Når eg slik på nett køyrer frå Skartland og passerer Kvamme, så dukkar Jens Morten Koltveit opp på traktoren sin òg.  Kanskje finn du anna interessant på din virtuelle tur gjennom Vikebygd?

Vis kart med foto/film frå Vikebygd

Stort besøk frå Kypros til Seinsommartango i Vikebygd 
(15.5.11 TangoTare)  Tangofestivalen "Seinsommartango" går av stabelen igjen i august. - Det kjem i år også eit filmteam frå Kypros som vil filma under tangohelga og frå Vikebygd og omegn i perioden. Dei sender på kypriotisk fjernsyn etterpå.

Dei flinke instruktørane Mustafa og Pembe frå i fjor kjem igjen, så dei som ikkje rakk å få med seg grunnkurs i argentinsk tango i fjor, har sjansen igjen i år!  Les meir på TangoTare-klubben på si webside.
Dei blir verande ei veke for å oppleva Bergen, Haugesund, Karmøy og Vikebygd. Tangodansarane blir også igjen for å oppleva Seinsommartango-nachspiel&bursdagsmilonga på Geitungen fyr søndag 28. august.

Joakim Bruland Til topps i Vikedal
(2.mai 11 pressemelding/SS)
NMK Vikedal -førarane, Gøran Spartveit og Joakim Bruland, vann alt på Vikedal Motorbane på søndag 1. mai
, både innleiingsheat og finalane i dei to bilcrossklassene. Utgangspunktet i Vestlandsmesterskapet var det beste for dei begge før løpet heime på Vikedal Motorbane. Joakim Bruland vann den første runden i Bergen i april, medan Gøran Spartveit vart nummer to. Etter runden i Vikedal er dei begge på topp i Vestlandsmesterskapet.    I seniorklassen var Joakim Bruland like suveren som Gøran Spartveit, og vant alle sine innleiingsheat.   Les heile artikkelen her. 


Sportsfan og sosial
(1.5.11 SteinarS) Dette er ikkje ei eksosrype, men tvert imot ei sportsin-teressert røy.  Etter å hatt nærkontakt med elevane på skulen dei siste to åra, så fann røya stor interesse i å vera med på både Vikeputten og Vikesprinten.

Klar til start i Vikesprinten

Les meir her.


Vasslivatnet
Pengeskåpet har reist
Pengeskåp ved Vasslivatnet. Klikk for større bilde(16.5.11 SS)   Ein tur gjennom bygda søndag registrerte at safen ved Vasslivatnet nå er borte. 

I  vinter vart eit pengeskåp som nokon hadde sprengt, dumpa i Vasslivatnet.  Politiet har ikkje funne fram til eigaren.
-Det er grunneigaren sitt ansvar å fjerna skapet, fortel Arild Austrheim ved lensmannskontoret i Vindafjord.   Safen har lege lengje i vatnet så det er ikkje spor å finna på skåpet. Derfor har politiet ingen interesse av dette lengre.


Liv på kyrkjegarden
Piggsvinberging på soknerådsdugnaden
 
(5.5.11)  
Soknerådet inviterte til vårdugnad på kyrkjegarden 4. mai.  Kanskje dei hadde tenkt seg til å hjelpa med vårryddinga, desse to piggsvina som Berge Thomas Velde redda opp av sluken.  Else T. Valen var på plass og fekk sikra seg bilete på telefonen. 


Dommersnes
Motorcrossbane med forviklingar
Motorcrossbane på Dommersnes (Klikk for større bilde)(3.5.11)   Øvst opp på industriområdet på Dommersnes ligg ein motorkrossbane som vart bygd opp av entusiastar for nokre år Jens Morten Koltveitsidan.  Her har ungdom drive køyring med ATV (firhjulingar). 

Jens Morten Koltveit ynskjer å blåsa liv i denne aktiviteten igjen og klubben vil investera over 200.000 kr i opprusting og sikring. Men frå kommunen var det tommelen ned for å gi dei langsiktig avtale, området er bandlagt til bygging av vindmøller.

Les heile saka her.


Dugnad skaper ein flott lekeplass mellom Lio1 og Lio2
Ny velforeining lagar Leikeplass på dugnad i Lio
Klikk for større bilde(15.5.2011 SS)  Både Lio 1 og Lio 2 hadde tomt som skulle vera til leikeplass. Nå er begge desse gjort om til bustadtomter og nytt areal til felles leikeplass er sett av mellom felta. Velforeininga fekk midlar til materialar og sette i gong med å laga utstyr til leikeplassen sjølv.
-Me fekk 10.000 av Vikebuen, 16000 av VAF og 3000 av SR-Bank, fortel Geir Rasmussen. -Utover det flotte entreprenørarbeidet Agnar Alne har gjort , så gjer vi alt anna på dugnad.  Vi har nok fagfolk til at dette blir gjort fagleg rett. Nå blir her ein leikeplass for heile bygda der turstien går rett forbi.    Les meir HER 
Den 17. VIKESPRINTEN 1. mai 2011.   99 løparar deltok.
(1.5.2011 SteinarS)  Jaktstart med handikapp
Klikk for stort bilde av Anne Kristin Garsrud (Vaulen OK) og Arne Kristian Espedal (Stavanger OK)Av dei 99 løparane deltok 70 i felles jaktstart klokka 13:00.  Vandretrofea, rosemåla treskål med inskripsjon av tidlegare vinnarar, gjekk i år til Anne Kristin Garsrud (Vaulen OK;33:11) og Arne Kristian Espedal (Stavanger OK;34:34), som vinnarane av jaktstarten. I  fellesstarten var Harald Steinsland einaste Vikebu som sprang for Vikebygd O-gruppe.  Vinnar i Open klasse (kort løype) vart Kjetil Skartland (33:51). 
Les heile reportasjen HER
Resultatlister: 
- Fullstendige resultatlisterStrekktider,   Resultatliste frå:
felles jaktstart 
Vikeputten 30. april 2011 vart knall suksess
700 born frå 76 lag spela fotball frå morgon til kveld.

(30.4.2011 SteinarS)  -Då vi starta opp Klikk for større bilde av fotballkampenVikeputten for 10 år sidan var det kanskje med 20 lag.  Dette har auka gradvis og i år er det ny rekord med 76 lag, fortel primus motor for Vikeputten, Rune Hetland, som poengterer at Vikeputten og Vikebygd-festivalen er viktigaste finansiering av fotballsporten i bygda.
   -Saman med utruleg god støtte frå ca 50 store og små sponsorar og ikkje minst ein fantastisk gjeng som sel mykje og rimeleg frå kafeen, så blir det ein fin netto på arrangementet.  Les meir her
  

Ein dag full av glede og idrett

Les meir om arrangementet her

Fotoalbum for Vikeputten - ser du HER

Stavanger Bispedøme
3 kandidatar frå Nord-Rogaland nominert til Bispedømerådet
(29.04.11) - 18 kandidatar, foreslått av sokneråd og ein nominasjonskomité, er nominert til val av bispedømmeråd og Kyrkjemøte. Desse skal fylla sju av plassane i Stavanger bispedømmeråd frå 2012. Dei lek kyrkjeleg tilsette og prestane har nominert fem kvar, til to plassar.


Liv Hjørdis Glette (Haugesund),
Arne Jon Myskja (Nedstrand) og
Steinar Skartland (Vikebygd).
Sommaren 2011 kan bli unormal varm
(24.4.11) - Høgare temperaturar enn normalt heile perioden mai-oktober,
ifylgje amerikansk vêrinstitutt.  Meteorologisk institutt tonar det heile ned.

Les heile artikkelen her
Skogbrann i Vikebygd 20. april

(20.4.11  SteinarS)  Takk til snarrådige bønder.
Les på NrK.

 

Les meir om brannen HER


På vandring til Vikestølen
med furugreiner langs vegen.

Friluftsgudsteneste på Vikestølen Palmesøndag.  Liturg var Arild Markussen.(17.4.2011 SteinarS)  Palmesøndag var det ein heil del som ga seg i veg til fots oppover til Vikestølen.  Dei vart ikkje møtt med palmegreiner, men langs vegen var det hogd ned mange små furutre som låg der i vegkanten.  Det kunne kan hende gi assosiasjonar?  Utanfor Vikestølshytta var det omlag 35 som samla seg til friluftsgudsteneste på terrassen. 

Når denne kyrkjelyden med folk frå fleire bygder hadde fått gudsteneste og åndeleg føde, så var det sjølvsagt også tid til kaffi og mat for magen, før vandring tilbake til eigne bygder og påskefeiring, tok til.  Les meir her.


Misbruk av kyrkja sin konteinerMisbruk av konteinar på kyrkjegarden

(17.4.2011 SteinarS)  Til hjelp for dei som steller gravene har kyrkja leigd ein konteinar som er sett på parkeringsplassen.  Her kan alle som ryddar på gravene kasta visne blomar, ugras eller gravpynt som skal fjernast. Men denne blir dessverre også nytta av private som kastar eige avfall her.  Soknerådet ber derfor om at alle respekterer at denne konteinaren berre er for kyrkjegardsavfall.


Vikebygd Skule- og Ungdomskorps.
Imponerte med minikonsert av svært god kvalitet

Klikk her for å sjå stort bilde(16.4.2011 SteinarS)  Dei 50-60 som hadde møtt opp for å høyra konserten laurdag 16. april, vart imponerte over kor samspelte og dyktige dette vesle korpset har vorte.  Utanfor Joker butikken hadde dei lotteri med sal av kaker og kaffi til inntekt for korpset medan 12 av korpsmedlemane hadde konsert.  Vervekampanje har gjeve 10 nye aspirantar så nå er dei 25 totalt.  Andreas Ulveraker står for opplæring av nye i korpset
Les meir om konsert og korps HER.


Store og små på bedehusbasar
Song og musikk av Matha Marie og Hans Asbjørn Aasbø (15.4.11  SteinarS) Fredagen før påske er det tradisjon med bedehusbasar i Vikebygd.  I år var det 50 store og små som spente venta på å høyra sitt nummer verta ropa opp då dei mange gevinstane skulle fordelast.  På veggene var fullt av tekstilar.  Strikkasokkar, dukar og anna fint.  Eit bord var fullt av flotte ting.  Borna flokka seg rundt og ynskte seg både det eine og det andre av det dei såg. Les meir her.


Vikeputten 201030. april 2011
10-års jubileum for Vikeputten 

(14.4.11  SteinarS)
 Vikebygd IL har i år 10 års jubileum for den populære fotballturneringa Vikeputten, for dei yngste laga. Turneringa er den største turneringa på indre Haugalandet før seriestart.  Les om turneringa her.
Turorienteringskonvolutten er klar.  
(11.4.11) 
Det er 40 postar på karta:
Dommasnes (15 stk) og
Fosselsliå-Skreå (25 stk).  
Månadens post med premie?
I tillegg kjem foto-orienteringsopplegget.

Pris: 170 kr. Ekstra klippekort 30 kr. .  
Last ned Plakaten her.
Arr.: Vikebygd I.L. v/O-gruppa


Konfirmantane med bøsseaksjon til inntekt for Kirkens Nødhjelp
Rekord resultat kr 12.535,- i Vikebygd.  

(12.4.11 SteinarS) 
I Vikebygd var dei inndelt med roder som dekka heile bygda.  Soknerådet stod for oppteljinga då aksjonen var avslutta klokka 19:00 og kunne rekna saman eit rekord resultat på denne innsamlinga, på heile
kr 12.535.  Takk til konfirmantane og takk til alle som ga i bøssene.  Les kva pengane vert går til, HER.

Var du ein av dei som ikkje var heime? Du kan ennå delta.  Ring 820 44 088 (200 kr)
Send sms: KN100 til 2090 (100 kr) eller bruk kontonummer 15942287493.


Klikk her for å laste ned kyrkjebladet HyrdingenKyrkjebladet HYRDINGEN på web
Påskenummeret i postkassen 14.april

I redaksjonen for bladet sit Jens Tveit, Arne Borgemyr, Trygve Sandvik og redaktøren Steinar Skartland.  Bladet har eiga web-side (hyrdingen.no) 6 gonger i året vert bladet sendt ut til 3300 mottakarar.  Dvs. til alle postkassar i Vindafjord kommune og i tillegg til 120 utflytta Vindafjordingar som gjerne vil følgja med i det som skjer i heimbygda.  Til nå har berre 390 betalt frivillige dagpengar på kr

Hittil i år har 390 av dei 3300 mottakarane betalt inn bladpengar.  Dette er ikkje nok til å dekka kostnadane i år og redaksjonen vonar at fleire vil nytta giroen som kom i blad nr 1. Synes ein at beløpet er for stort, så er også mindre bidrag ei hjelp til å få ut bladet som har stoff frå både Vikebygd og dei andre sju kyrkje sokna i kommunen.   Les meir her.   (konto for bladpengar: 3243.05.05202)


9. april 1940 - dagen då krigen kom til Noreg.

Foto: ScanpixNatt til 9. april 1940 gjekk tyskarane til åtak på Noreg. Vi hadde då gjennomlevd ein fredsperiode på 125 år, og mange vona at landet skulle stå utanom krigen også denne gongen. Andre verdskrig vart ein kamp mellom to system: diktatur og demokrati.  Det tok fem år og ufattelege lidingar.  Krigen enda ikkje før den nazistiske diktaturmakta var fullstendig knust og kapitulerte i Europa den 7. mai 1945. 
Les om krigsutbrot og  okkupasjonstida


Takk til Sigmund Hansen 
I kommunestyret tysdag ettermiddag nytta ordførar Arne Bergsvåg høvet til å overrekka blomar til Sigmund Hansen, journalist i Haugesunds Avis.  Dette er ikkje vanleg praksis, men det var truleg siste kommunestyremøtet Sigmund refererer frå i Vindafjord.  Nå går han av som pensjonist.  Gjennom mange år har han vore ein av dei mest aktive med å skrive om det som skjer her på bygdene, både i politikken og elles.


Innviing av nytt orgel i Skjold kyrkje


Søndag 27. mars vart det nye orgelet i Skjold kyrkje teke i bruk for fyrste gong. Organistane Juri og Nelly Kotkovich veksla mellom å spela på orgelet og å dirigera koret: "Prosjektkoret"  Prost Arne O. Øystese tala i gudstenesta som vart leia av sokneprest Arne O Øystese.

Her var korsong: Barnekoret og søndagsskulen. Kl 14:00 Konsert med konsertorganist og professor i orgel,
Bjørn Boysen.   Bilete på hyrdingen.no.
Meir kjem seinare.  Les også på Grannar.no


Vikebygd kyrkjeKonfirmantane si samtalegudsteneste 
Sokneprest Johannes Nedrelid ynskte alle velkommen til ei kveldsgudsteneste med konfirmantane i sentrum, 3. april.  Etter gudsteneste inviterte soknerådet konfirmantar og familie til fest på bedehuset.  Dette er ei tradisjonell merkering i Vikebygd som avslutning på konfirmasjonsførebuinga. 

Sjølve konfirmasjonsdagen kjem seint i Vikebygd i år, og blir sundag 22. mai. 


Musikk
Tom Roger Aadland med ny plate

(27.3.2011 SteinarS)  Tom Roger Aadland fekk fin kritikk av Aftenposten for si nye plate: «Det du aldri sa».  

- Fleire av songane er skrivne i Vikebygd og plata er innspelt i ABC Studio i Etne, fortel Tom Aadland til vikebygd.org 

"Imponerande – helt i Dylans ånd", og "Tom Roger Aadland er en uovertruffen gjendikter" er mellom karakteristikkane som Dagbladet sin musikkanmeldar, Svein Andersen, skriv på nettavisa Oslopuls.        Les heile artikkelen HER 


Årsmøte i Vikebygd Vassverk BA
Styret satsar for framtida - Heile bygda eit forsyningsområde

Gudvin Skogen(24.3.2011 SteinarS)  Årsmøte ga si samrøystes tilslutning til framlegget frå leiaren i valkomiteen, Geir Rasmussen, om val på leiar og styre. Gudvin overrekkjer takk og eit gåvekort til Jens Morten Koltveit. Under overvaking av tilsynsmann i Vassverket: Agnar Alne.

 

Les artikkelen om årsmøtet her.


Fotballjentene, 4-2 mot Haugar i Skjold
J16 jentene vant! 
(23.3.2011 AnneSk)  Skjoldar Jenter 16 slo ut hardsatsende Haugar med heile 4-2. Skjoldar er dermed vidare i NM fotball.  Frå Vikebygd spela a Marte Ødegård, Marie Mortveit og Ingveig S. Svendsbøe på laget. 

Haugar skreiv på heimesida si etter kampen:
- de gikk på en salig blanding av flybensin og silosaft. 
Les artikkelen HER
.
  
Vik skule og Barnehage hadde suksess med
Kulturettermiddag på Bygdahuset i Vikebygd

(22.3.2011 SteinarS)  FAU, Barnehage og Skulen samarbeida om Kulturettermiddagen som vart ein suksess også i år.  Middag, presentasjon av borna sine arbeider om Vindafjord kommune, og underhaldning. Konferansierar var 7. klassingane Astri Mortveit og Alexander Bjørnevik.   Dei leia oss gjennom kulturkvelden på ein profesjonell og dyktig måte, i spedd gode kommentarar mellom innslaga av dans, song og dialekt spel, og sjølvsagt intervju med ordførar og rådmann. Trioen Jone, Ole-Petter og Vegard laga ein musikalsk avslutning som imponerte. Les reportasjen HER


Skjold og Vikebygd Lions Club arrangerte
Eldretreff på Bjordalstunet 18. mars

Eldretreff og middag ved Vik Skule og barnehage (22.3.2011 D.N. BjordalDet var mellom 35 – 40 pensjonistar Lions sitt eldretreff og middag i Bjordal 18. mars. Her var god mat, svingom til musikk av Knut og Kristian, og med Kristine Grønnestad som kåsør over temaet: "Livsglede for eldre."
Les meir om Eldretreffet her.     


Månen rekordstor 19. mai.Månen rekordstor i år. 
(19.3.11 SS) 
Laurdag 19. mars 2011 var månen ekstra stor.  Den er nå nærare jorda enn vanlig, i tillegg til at det er fullmåne. Dette skjer i fylgje ekspertane berre kvart 19. år.  Dette skuldast at månebanen varierer i jamne syklusar i en oval bane.   Meir om månen.
Biletet her vart teke frå Skartland omlag klokka 23.00.

Søndagsskuleleiarane samlast til årsmøte i Skjold kyrkje.

Bjørg Marit Notland frå Horneland søndagsskule. Auka barnetalet frå ei lita gruppe til over hundre. Søndagsskulen sin heidersdiplom(19.3.11 SS)  Frå nokre få born til over hundre! Det var utgangspunktet for Bjørg Marit Notland sitt foredrag då 45 av leiarane i Karmsund-Sunnhordland Søndagsskulekrins kom saman til årsmøte i Skjold kyrkje laurdag 19. mars.  Mellom dei var også fleire frå Vikebygd Laurdagsklubb.  Søndags-skulekonsulent Elisabeth Fauskanger, tildelte denne gong krinsen sin heiderspris til Steinar Skartland, for teneste i søndagsskulen i over 30 år.  Les meir her.


Elg i Årvik.  Foto Hanne Jorunn HHanne Jorunn
Elgen på besøk i Årvik
(13.3.11)  Nå har me sitt spor og skit, og her er kongen på besøk i Årvik, melder Hanne Jorunn Helgeland søndag kveld.

Biletet er teke sør med Håvåsmyra i Årvik. 
Les meir her
.


Med klokka stilt 2 timar fram.
Kvinnedagen feira stort 

Murmansk.  Bilde fra  TripAdvisor.(8.3.11 SteinarS)  Her i Murmansk, der eg fortida oppheld meg, vert kvinnedagen feira i 3 dagar til ende.  Arbeidsfolka var på jobb på laurdag for å kunna ta fri på måndag.  Slik kunne dei feire frå søndag til tysdag.  Alt på laurdagen strøymde det på med blomar frå leverandørar, adressert til damene på kontoret.   
 
Les meir frå Murmansk her.
 


Jenter 16 Skjoldar/Vats/Vikebygd
Fotballkamp i Skjold enda 6-0

(4.3.11) Jenter 16 Skjoldar/Vats/Vikebygd spela NM kvalik kamp (Telenor Cupen) mot Mastra IL torsdag 3. mars kl. 18.30, på kunstgrasbanen i Skjold! 

- Etter en litt famlande førsteomgang, der Skjoldar hadde mesteparten av spelet, tok Skjoldar skikkelig grep etter pausen og vant tilslutt 6-0!! fortel Anne Skartland og rosar laget for god laginnsats. - Frå Vik var Marte Ødegård og Ingveig S. Svendsbøe med og jobba veldig godt på midtbanen. Dei spela heile kampen.  Målscorarar var Stina Nordtveit 2, Eline Ohm 1, Oda Wannberg 1, Ingrid Sjurseike 1 og Astrid Stendal 1.   
Les meir HER


Årsmøte i Idrettslaget 28. febr.
Eit aktivt lag ga styret ny tillit
(28.2.11 SS)  Åge Holsbrekken, leiar i Vikebygd Idrettslag

  • Åge Holsbrekken, leiarar
  • Kirsten Erdal, nestleiar
  • Berit Ryvik Skartland, kasserar
  • Siv Bente Amundsen Larsen, styremedlem
  • Helge Helgesen, møtande varamedlem

LES MEIR HER        Vikebygd Idrettslag      Orienteringsgruppa


Kyrkjelege val same dag som kommune og fylkestingsvala
Nå startar sokneråda sin nominasjon

Vikebygd sokneråd 2009 - 2011(28.2.11 SS)  Nå treng kyrkja mange villige.
I Vikebygd er soknerådet nå i gong med å spørja folk til å stå på valliste.  Å bli spurt om dette er ei ære.  Å få ei slik tillit bør resultera i eit JA.  Lista bør ha mange fleire namn enn dei som skal veljast, slik at det er dei som røyster som avgjer kven som skal få plass i rådet. 
Les meir HER om den pågåande kyrkjelege nominasjonen.


Partilistene er klare for Kommunestyrevalet 2011
Seks frå Vikebygd er nominerte

(28.2.11 SS)  Alle politiske parti i kommunen har nå halde nominasjon og gjort klare sine lister til valet. Berre to av partia har kandidatar frå Vikebygd denne gongen: Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.  Desse kandidatane er:

  • Anne Lise Auestad, KrF
  • Dominikus Nagell Bjordal, SP
  • Kjetil Skartland, SP
  • Steinar Skartland, KrF
  • Knut Øvstedal, SP

  • Valgportalen:  valg.no

Nominasjon til kommunestyrevaletet
(24.2.2010)  Vindafjord KrF hadde nominasjonsmøte 22. februar og vedtok partiet Anne Lise Auestad - nominert til kommunestyrevalet på KrF si listesi 
liste
<img border=til valet på nytt kommunestyre.  Nominasjonsmøtet bad der Steinar Skartland om å stå på toppen av lista som KrF sin ordførarkandidat i Vindafjord.  Han har i inneverande periode fast plass i kommunestyret og er m.a. vald til leiar av hovedutval for oppvekst og omsorg (OPOM) og leiar av sakkyndig nemnd for eigedomsskatt. På dei neste plassane finn ein Tove Elise Frøland frå Vats, Gustav Løge Fosse frå Ølensvåg og Fredrik Hellevik Lothe frå Ølen.  Ein annan Vikebu på lista er Anne Lise Auestad.  Meir om saka på laget si webside:  www.krf.no/vindafjordrd


Helsing frå Australia
Spør etter Dommersnes-slekt i Vikebygd 

It would be great to hear from any cousins in Norway or on facebook. I'm on facebook with 22 people with Dommersnes as their family name, but I am not sure if they are in my family tree.   Christopher John Dommersnes,  Mildura, Victoria, Australia.
e-post: c.dommersnes@live.com.au   (Christopher John er son av Robert Allen Dommersnes.  Bestefaren er Herman Dommersnes.)  Les om slektssøk her.
Vikebygd kyrkjeGudsteneste i Vikebygd
(20.2.2011) Dei var ikkje mange, men dei som lydde klangen frå kyrkjeklokkene og tok turen til den kvite kyrkja i Vikebygd fekk ei god og flott stund saman. Prosti- og fengselsprest  Arild Markussen kom rett frå konfirmantleir på Brandøy.  Det var godt å sitja og lyda til dei gode orda hans.  Stunda i kyrkja ga oss noko som var godt å bera med seg heim denne søndagen. Vonar du og hadde ein fin dag og er klar for ei ny arbeidsveke.

Lions Club Skjold og Vikebygd 
-Laget hadde sin årlige “Rakørretfest” fredag 18. februar i Bjordal, forteller Leif Jørgensen, som er president i lokallaget.

-Det var 48 stk som deltok i denne nå tradisjonelle sammenkomsten som vi holder omtrent på samme tid hvert år.  Blandt våre gjester var ordfører Arne Bergsvåg med flere.

Les meir HER


SPEIDARBASAREN  11. februar
Klikk for stort bildeIngveig Svendsbøe mottek nutastaven.  Klikk for stort bilde.(11.2.11 SteinarS)

Under basaren vart det delt ut merker og diplomar for alle som gjekk til nutakassane.  Nutastaven for ungdom gjekk til Ingveig Svendsbøe med 17 nutar (tett følgd av Petter Årvik med 15 nutar). Vinnaren av nutastaven for vaksne var ikkje sjølv til stades på festen.  Det vart Åge Holsbrekken med 72 nuteringar.  Her var det ny stav i år etter at Roald Årvik vann den for 3. gong i fjor. 
Les meir her om Speidarbasaren her


ELG i Skreå?
(5.2.11)  -Det er i det siste observert tydelige elgspor både i Skreå og ved Vikestølen frå fleire uavhengige og pålitelige kjelder, fortel Einar Martinsen som trur dette mest sannsynlig dreiser seg om eit streifdyr.

Det hadde vore artig med eventuelle tilbakemeldingar til vikebygd.org om nokon oppdagar dyr eller spor etter dette.  Send tips eller bilete av observasjonar til:
tips@vikebygd.org


Nye bustadfelt i Vikebygd
Kommuneplan vedteken

Klikk her for stort bilde(8.2.11 SteinarS)  Kommunestyret vedtok 8. februar arealdelen av Kommuneplanen for Vindafjord.  Her er det lagt inn fleire nye bustadområde i Vikebygd (mørkt gult). M.a. Lio 3, mellom Lio 2 og skulen.  Mange har sett fram til å få på plass nye tomteområde, som det nå er opna for.  At tomteområda er plasserte i sentrum strykjer Vikebygd og gir meir folkeliv, bygging og aktivitet lokalt.  Mindre områder for hus-klyngjer er lagt inn fleire stader i bygda. Nye familiar vil tryggje både skule, barnehage og butikk. 

Les meir om planen HER


Miljøvenleg satsing i Vikebygd
Kraftproduksjonen i gong hos Vik Kraft AS.

(25.2.2011  SteinarS) produksjon.  Nå ventar eigarane på mykje regn som kan omgjerast i kw og kroner.

-Føreløpig er det berre testkjøring av anlegget, fortel Jakob Rødde. 
-Av dei 5 dysene så er det berre ei som er i drift, og då med 13% opning.  Dette gir 15-20 kw, men når anlegget vert sett i full drift skal dei levera 1500-1600 kw i timen.  På årsbasis har Vik Kraft AS kontrakt med Statkraft om å levera 5 GWH (5 millionar kwh) inn på det offentlege straumnettet årleg.

Les meir HER


Turbinen på plass hos Vik Kraft

Klikk for større bilde av turbinen hos Vik Kraft AS(25.1.11)

-Dei to tyngste løfta var ca. 12 tonn kvar, taket berre 2 tonn.

-Kanskje blir det prøvestart rundt 1. februar som planlagt, seier Per Vik som har sendt bilete til vikebygd.org frå montasje arbeidet. 
Les meir her:    Kraftproduksjon


Gudstenesta søndag 16.januar klokka 16:00

(16.1.2010 SteinarS)

Seinsommartango har gjort Vikebygd kjent internasjonalt.

Mustafa Elmas og Pembe Gaziler på Seinsommartango i Vikebygd(12.1.2010 SteinarS)  I helga (8.1.) meldte Birgitte og Jon Magne om at fjernsynet på Kypros vist bilete frå Vikebygd. I samband med Seinsommartango i august laga instruktørane Mustafa Elmas og Pembe Gaziler ein reportasje om tango og natur i Vikebygd.  Den vart vist på kanalen BRT-2 fredag og laurdag med reprise på søndagen.

-19.-21. august 2011 skal det igjen arrangerast Seinsommartango i Vikebygd igjen, fortel Birgitte Torbjørnsen. -Då kjem dei flinke instruktørane Annabel, Oliver, Mustafa og Pembe  frå Seinsommartango 2010, tilbake til Vikebygd.  Les meir her.


Lions Club Skjold og Vikebygd med nye web sider.

Lions Club Skjold og Vikebygd(11.1.2010 SteinarS)  Den lokale Lions  klubben sine websider er nå heilt fornya og klar frå 4. januar, fortel Leif Jørgensen som er president i klubben som nå har 14 medlemmer.  Dei har fast møte ein gong kvar månad. Link.  Lions seier om seg sjølv på websidene: "Lions er klubbar med heilt vanlige menneske, menn og kvinner, som ønskjer å bruka noko av fritida si til å hjelpa andre. Lions er heilt fri for sære seremoniar og hemmelighetskremmeri. Dei er også politisk og religiøst nøytrale." 
Spel og tipping gir pengar til lokallaga
Grasrotandelen ga Vikebygd I.L. 30901 kroner i 2010

(8.1.2011 Steinar)  Alle dei som leverer inn tippekupongar eller andre kupongspel til Norsk Tipping kan registrere seg for at inntil 5% av det dei betaler skal gå til eit lag eller organisasjon som er registrert i frivillighetsregisteret i Brønnøysund.  I 2010 var det 113 som hadde sett opp at Vikebygd Idrettslag skulle få desse pengane.  På denne måten sikra dei kr 30.901,- som kjem V.I.L. tilgode.  Bjoa Idrettslag fekk 21.601 kroner og I.L. Skjoldar fekk 62.480.

I alt var det 25 lag i Vindafjord som fekk litt av Grasrotandelen, totalt kr 317.599,-, frå i alt 1196 spelarar.  På landsbasis var det totale beløpet 264 mill. kroner.  Men om alle spelarar gjekk inn på internett og registrerte seg for Grasrotandelen ville det totale beløpet vore 200 millionar kroner høgare.  Då ville truleg Vikebygd I.L. fått 50-60000 om ein reknar dette prosentvis.

Les om Grasrotandelen eller sjå ein film. Søk opp lag som kan få grasrotandelen



sogeskriftet for bygdene e
Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats, Skjold og Vikebygd

(4.1.2010 Steinar) Frå Vikebygd kan ein m.a. lesa om: 
Svendsbøeika og Krigsminne (av Jens Tveit), og
Martha Utne Haldorsen skildrar bygda der ho vart fødd, bygda med mange gode barndomsminne. 
"En av de vakreste bygdene i Vindafjord."  I denne 19. utgåva av Vindetreet skriv ho m.a. om Kristofa på telegrafstasjonen.   Les heile saka her.
Innhald i utgåve 19 - 2010.  Sjå også Vindetreet.com.


Nyttårsbarnet i Rogaland vart ein ny Vikebu.
Reiar Winterhus Julsrud, Nyttårsbarnet 2011 (klikk her for stort bilde)(3.1.2010 Steinar)

Årets første barn i Rogaland er frå Vikebygd.
-Barnet som vart fødd 1. januar 2011, kl. 00:49, veg 4078 gram og er 51 cm lang, fortel Elisabeth W. og Rolf Julsrud.
-Vi var ikkje klar over at det var så mykje oppstyr rundt det å komma til verda som nyttårsbarn, og er vel berre glade for at 3. mann i søskenflokken (Askev 5år og Ella 2år) slepp å vere minstemann når han byrjar på skulen, seier dei glade foreldra som har gitt guten namnet Reiar Winterhus Julsrud.

Han kom heim til Vikebygd alt søndagskvelden.  Ordførar, Arne Bergsvåg, stilte opp med ein sjekk på kr 5000,- og eit pledd i gåve frå kommunen.   Les meir om nyttårsbarnet.

Vikebygd.org gratulerer dei stolte foreldra med den vesle guten.


Brann i hytte i Vikebygd 2. januar
Brann i hytte på Dommersnes (Klikk for stort bilde)  Foto: Kåre Skartland(2.1.2010 Steinars / bilde: Kåre S.)
Det oppstod brann i ei hytte på Dommersnes om morgonen, søndag 2. januar.  Hytteeigaren låg og sov inne i hytta og vakna av brannen litt før klokka 8:00.  Han klarte å komma seg ut gjennom eit vindauga og brannvesenet vart varsla.  Eigaren vart køyrd til sjukehus med røykskadar og skade i eine handa.  Brannvesenet som rykka ut med bil og seks mann, klarte å få kontroll over brannen, men hytta har store røyk, brann og vannskader innvendig.  Brannen skal ha teke til ved peisen.  I tillegg til sjukebil rykka også to politibilar ut til brannstaden.  Utover føremiddagen samla det seg mykje skuelystne bygde- og hyttefolk på hyttefeltet.  Les meir om saka her.


1. januar, 2011
Stormfull nyttårsfeiring i Vikebygd
(1.1.2011 Steinar)
Mange i Vikebygd starte oppskyting av fyrverkeri tidleg.  Frå klokka 20 og utover var det jevnleg blink og smell frå rakettar.  Det var meldt auking til liten kuling mot midnatt, mens det var periodar med nokså stille vêr tidlegare.  Likevel, då klokka slo 12 slag midnatt var det eit flott skue over sentrum av bygda. 

Med mildvêr, regn og vind så forsvann fort det flotte skiføret vi har hatt i Vikebygd i romjula.  Les meir HER


Arkiv bilde frå 2008Songsvanene er igjen observerte i Vikebygd
(31.12.2010)
Vi trudde kulden før jul hadde skremd dei bort, men på nyårsaftan melder Ola og Aud Hasseløy at dei har observert 6 stk songsvaner i Naustvika. Seinare i helga har desse svanene blitt observert i plogformasjon på veg mot Tindeland. Har du andre interessante observasjonar, så send ei melding til vikebygd.org:  Tilbakemeldingar HER
Les meir om svanene HER


Mildt gråvêr og lågt skydekke ved inngang til 2011
Fjella i Vikebygd, innhylla i skodde nyårsafta.(31.12.2010 SteinarS)  Som sagt.... Dersom isen på Skartlandsvatnet (eller Vasslivatnet..) ber hest og mann føre jul, så blir det mildvêr etter nyttår.  Ja, isen bar godt i adventstida, men nå er det + 3-5 grader og regn i lufta.  Fekk mest lyst til å senda ut ein etterlysing.  Har nokon sett Alnaåsen i dag, eller vikefjella? Men til 1. nyårsdag er det meldt sol.


........vikebygd.org........
Sida er sist endra 21. jan. 2012

Eldre meldingar:

ÅRET 2010
ÅRET 2009
ÅRET 2008
ÅRET 2007
ÅRET 2006
Vikebygd i Media
LES OM VINDAFJORD
NYTT FRÅ VIKEBYGD
NYTT FRÅ VINDAFJORD
NYTT FRÅ GRANNAR
NYTT FRÅ Haugesunds Avis 
INFO FRÅ Ålfjordens Venner
Kyrkjeinfo
ORD FOR DAGEN N  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet 2008 
Boka om Vikestølen på nett. 
Speidarnytt
Speidar-webben
Grønn Action Lista 2010
Speidarbasaren 201010 
Speidarprogram 2010 
Nutastavane
Uteliv ved Bakkafossen
Ljosmessa
Nutastavane
Hulder og troll på Skartland 
Nabobygdene
Bjoa grendeside
Vats grendeside
Skjold grendeside
Vikedal grendeside
Sandeid grendeside
Vindafjord kommune
Lokale bloggar
Elin's blogg
Hildes blogg
Bublegum
Hyrdingen


Fotoalbum

Retting av feil
Om nokon finn at tekst eller bilete på desse sidene er støytande eller ikkje skulle vore offentleggjorde, så kontakt meg på tlf 908 73 170 eller ved å klikka HER , så vil eg endra.  Steinar Skartland

Web-Statistikk
vikebygd.org.
(8.1.2011  Steinar S) I 2010 hadde vikebygd.org 1791747 hits (søketreff) og heile 63635 lesarar (visits).  Av desse var det 38120 lesarar av første sida (der fleire klikk pr dag likevel tel som 1 totalt). Dette utgjer i gj.snitt 199 visits pr dag.


Kommentar frå Frøken Vims
VISIT VIKEBYGD
Skriv helsing i GJESTEBOKA
vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM for Vikebygd
RYCON: KART over VIKEBYGD

Link til Nyhendemeldingane:
2011

Nyttårsfeiring 1.1.2012
Romjulsmesse
Full kyrkje på juleafta
Ljosmessa i kyrkja
Opning av leikeplassen i Lio
Prisar og stipend i kommunen
Desember og julebord
Framleis butikk i bygda
Tenning av lys på julegrana
Julemessa 2011
Graveopning på Liofeltet
Globalaksjonen 9.11.2011
Konsert i Skjold kyrkje
Klokkargarden og butikken
Krinsmeistrar i fotball
Sprell levande kyrkje
Hardhausen
Inspirasjon til trusopplæring
50-års jubileum
Basar og bedehus
Kyrkjevala
Kommunestyrevalet
Vikestølsmarsjen
Litt frå Vikebygd
Dåp med Himmelen som tak
Sølv i Norway Cup
Bryllaup i det fri
Bob Dylan, Aadland og Bytunet
Auka tilflytting - ledige tomter
Vikebygdfestivalen
Terroraksjon mot Noreg
Amerikabesøket
Tur til Fossane
Kyrkje vedlikehaldet
Tankar om ... å få det til
Sal av gamleskulen?
Norskamerikanarar på besøk
Vikestølsmøtet
Midtsommarsfeiring
Hjartestartar
Dugnad i båthamna
Butikken til sals
Nye Vikebuar
Jokeren i Hårfagrerittet
Orienteringsløp i Gangstø
Konfirmasjonen
17. mai feiringa
Motorcrossbanen
Siger til Joakim Bruland
Leikeplass på dugnad
Den 17. Vikesprinten 1. mai
Vikesprinten 1. mai
Vikeputten - 700 spelarar
Skogbrann i Vikebygd
Mini-konsert med korpset
Friluftsgudsteneste
Bedehusbasaren
Påskelotteri og minikonsert
Innviing av orgel i Skjold kyrkje
Idrettslaget - val av styre
Ny CD med Tom Roger
Vikebygd Vassverk - årsmøte
Skjoldar-jentene vann
Kulturettermiddagen
Stadnamn for Vikebygd
100 born i Skule og Barnehage
Hummingbird / Musikkvideo

 

   Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009 
2010 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009
2010 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
 


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
 
 

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 - Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org