Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Det skjedde i Vikebygd   

Facebook    -   Twitter

Speidarfest og Nutastavar  

Sida er sist endra 19. febr. 2017

Speidarfesten 19. februar
Fire nutastavar utdelt til fjellvandrarane 2016
av Steinar Skartland 19.2.2017

Mona Fostenes imponerte med 110 nuteringar i 2016.
- Eg tar ofte meir enn ein topp same dagen, var hennar kommentar etterpå
til at nutaturane går i eit halv år eller omlag 200 dagar.

Tonje Hausberg Bjerga sikra seg ungdomsstaven til odel og eige då ho for tredje gong kunne ta imot denne vandrestaven. Ho hadde 47 nuteringar.
- Målet var å slå mamma, kommenterte ho, og var berre ei nutering bak Kjersti.

Så er både Tonje og Kjersti begge aktive orienteringsløparar og ivrige med å arrangera idrettsaktivitetar i Vikebygd.  Dette var også mellom grunnane til at Tonje fekk innsats-pokalen hausten 2016.

Stav tildelt for 20 år på alle nutane
Denne gongen kunne Øyvind Valen for første gong dela ut nye stavar til dei to som har vore på alle nutane i Vikefjella, 20 år på rad. Stavane gjekk til
- Line Merete Ove og
- Lars Maurangsnes

Dei var ikkje til stades og får stavane levert etter festen. Men det var mange som i 2016 hadde hatt ein tur til ein eller fleire toppar.  Omlag 70 namn var notert i bøkene dette året. -Det var nokre namn med sleit med å tyda, så dersom det er nokon som saknar diplom så får dei ta kontakt, så skal vi ordna det etterpå, sa Øyvind til dette. Han hadde også premiar i form av fyrtøy til dei som for 10. året hadde vore på alle nutane.

Stor og aktiv speidargruppe
- Her er fleire speidarar enn bygdefolk, sa ein av speidarane om festen der omlag 90 vikebuar hadde funne seg ein plass. Og aldersspennet var stort på dei frammøtte som skulle få med seg underhaldning på speidarvis, andakt om å finna plass til Jesus mellom alt anna som fyller dagen og tankane våre, lysbilder frå aktiviteten til speidarane, kaffi med kaker og utlodding.


Det er ein imponerande ungdomsflokk som fyller scenen når dei samlar seg til speidarbøna.
I tillegg til desse er ei gruppe med vaksne speidarar. 

 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd

 

Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Februar
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

2016
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org