Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Det skjer i Vikebygd  

Facebook    -   Twitter

Påsken 2017   

Sida er sist endra 17. april 2017


Påske og fjellturar
Av Steinar Skartland 17.4.2017

Les meir herUt frå meldingane på Facebook så har mange i år nytta fridagane påsken til ein eller fleire turar til fjells, både i Vikebygd og i fjella andre stader i kommunen. Nutakassane har vore eit delmål og for mange også inspirasjonen til ein tur ut. Sjølv om snødekte høgfjell lokkar mange til ein tur retning Seljestad eller Vågsli, så har mange vald tursko og vandra langs dei godt oppmerka stiane i fjella. 

Lokale fjellturar i Vikebygd
Kommunen sine turmål på Dyraskorsfjell, Vikestølshytta eller Veldehytta i Vats, kan godt kombinerast med turar i Vikefjella der speidarane har nutakassar med bøker på Trollanibba, Trollafjell, Såta, Bårefjell, Sætrefjell og Ulserhaug.
Meir om desse lokale turane her.
 


Påskenummeret av Hyrdingen,
Kyrkjebladet for Vindafjord  
God påske !
av Steinar Skartland 2.4.2016

Kyrkjebladet for Bjoa, Imsland, Sandeid, Skjold, Vats, Vikebygd, Vikedal og Ølen, kom i postkassane torsdag før påske. Men redaksjonen legg dette ut også på internett og web-sida hyrdingen.no. Her ligg fleire årgangar av kyrkjebladet tilgjengeleg for nedlasting og lesing til ei kvar tid.
 


Påske med vårvêr og
godt merka turløyper i Vikefjella

Steinar 13.4.2017

Opp til Trodlanibba eller opp Glommeskar og vidare til Dyraskorsfjell (kor kommunen har ein av sine turpostar i år) så kjem du forbi dette skiltet som Roald Årvik har sett opp.  Det fortel også litt av historia bak denne staden og skaret nord for Glommeskar.


Klikk her
for å sjå utsikta frå Trodlanibba Skjærtorsdagen.
 


Les meir om påska her
Påsken er saman med jula den mest sentrale av dei kristne høgtidene, og vert feira til minne om Jesu Kristi liding, død og oppstode. Forut for påsken vert fastetida markert.

Tida mellom palmesøndag og skjærtorsdag vert kalla den stille veka. Etter påskesøndag kjem påsketida, som varer fram til pinse. Ordet påske er ei forvansking av namnet på den jødiske høgtida pesach. Jødane har feira påske lengre enn dei kristne. Dei feira utvandringa frå fangenskapet i Egypt.  Les om påske og kva påskedagane betyr
 


Les meir her Ein flott vårdag med blå himmel
Også for tur til Vikestølen

av Steinar Skartland 26.3.2016

Ei helg der våren kunne kjennast i lufta og mange tok turen ut i naturen på ein solrik søndag. Ikkje alle var på veg mot høgfjellet og skiføre.  Stiane oppover mot Vikestølen og andre fjelltoppar i Vindafjord vart flittig nytta etter at ei brosjyre hamna i postkassane med at nå var kommunen sine nutabøker på plass i kassane. Kommunen skriv på si webside:

Ut på tur i Vindafjord 2017 med 9 turmål
"Ut på tur i Vindafjord 2017" er nå klare med brosjyre. 9 turmål er klare til å gå fom 24.mars og varer ut oktober. Det kan vere mykje snø på enkelte turmål nå i starten, så folk må tenke seg om kvar dei skal gå. Dersom bok med kodeord ikkje er på plass nå i starten, vil det stå på oppslagstavla.
Dette gjeld pr i dag Lysenuten, frå Vikedal.

Turane er varierte og for ein kvar smak. Der er også informasjon om 6 tilrettelagde turar. Brosjyra inneheld også opplysning om organiserte turar i 2017.

Det blir trekking av gåvekort for dei som samlar kodeord og leverer inn. Les meir her


Ein del gjekk turen til Vikestølen og Veldehytta søndagen.  Utanfor Vikestølshytta kunne ein kosa seg i ein solrik sørvegg.
 
 

 

Konfirmantane stod for fasteaksjonen
 
Fasteaksjonen 2017 i Vikebygd vart gjennomført tysdag 04.04. Det vart samla inn kr 11 700.

- Tusen takk til konfirmantane som deltok med å gå med bøsser til kvar husstand i bygda. Takk til foreldre som hjelpte med å frakte ungdomane rundt i bygda (bygdene)
- Tusen takk til bygdefolket som tok imot og ga pengar!

Du kan lese om resultata for aksjonen på
http://fasteaksjonen.no/resultater

For Skjold og Vikebygd sokneråd
Brit Nelly Tveit

 

  Statistikk:
Pr. bøsse:
2016: kr 1070,- 12 bøsser
2017: kr 1300,-   9 bøsser

Innsamla total:
2015: kr 12.096,-
2016: kr 12.846,-
2017: kr 11.700,-

Årets beløp sikrar reint vatn til 59 menneske.

Landsoversikt 5.4.17:
kr 18.887.132,-

Pengane som konfirmantane i samlar inn i fasteaksjonen går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.  Dei skriv:

- Vatn gjev liv, til planter, dyr og menneskje. Men vatn kan også ta liv, om det er ureint og forureina. Det er derfor Kirkens Nødhjelp jobbar kvart år, kvar veke og kvar dag for å gjere reint vatn tilgjengelig for fleire.

Du kan støtte Fasteaksjonen ved å
sende SMS GAVE (200,-)
eller vippse valfritt beløp til 2426.
Eller gi via Kirkens Nødhjelp si nettside, her.
 

 


Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
April
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

2016
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org