Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Vikeputten fotballcup

Sida er sist endra 30. april 2016

 
Travel helg i Vikebygd.
78 fotballag spela på Vikeputten laurdag

av Steinar Skartland 30.4.2016

Fotballgruppa i Vikebygd idrettslag rekna med at det kunne komma 2-2500 personar på idrettsbanen i bygda denne laurdagen.

Det var fotball som stod i sentrum med 78 lag frå heile distriktet.  Born frå 6 år og oppover til 12 år spela saman, både ute på grasbanen og inne i den nye hallen med kunstgras. Frå gjestene kom det mange lovord om den flotte hallen Vikebygd har fått på plass.

Omlag 650 born var i aktivitet med fotballspel, og i alt 119 kampar vart gjennomførte gjennom laurdagen.  Her høyrdest mange gledesrop. Frå sidelinja kom oppmuntrande rop og applaus frå foreldre og andre tilskodarar.

Ei stor gruppe med unge, men erfarne spelarar hadde oppgåva å vera dommarar på kampane som skifta kvar halve timen frå klokka 9:00 til klokka 17:00 på ettermiddagen.

mCash - kjøpe pølse med sennep og betale med mobilen
Det var heilt nytt. Å kunna handla i kiosken med ein app på mobiltelefonen. Ikkje dagleg kost i Vikebygd. Likevel var det 3.660 kroner (4,5%) av i alt 81.000 kroner av kiosk-handelen på Vikeputten som skjedde med eit trykk på mobiltelefonen. Ei smart løysing.

Mange har tenkt på: Korleis skal det gå med alle desse lokale aktivitetane om vi ikkje kan nytta kontantar? Kiosk, loddsal, innsamlingsaksjonar, kollekt ... Men løysinga med app på mobilen fungerte godt.  Sparebank 1, som står bak avtalen med mCash, hadde rigga stand på Vikeputten. Her kunne ein få hjelp til å installere appen og prøve den med å kjøpa ein jojo til 1 krone. 

Koordinator for Vikeputten og det store dugnadsarbeidet, Rune Hetland, hadde sjølv hendene fulle med å ropa opp namna på spelarane etter kvart som laga var ferdige med kampane sine.  Alle fekk medalje og diplom med bilde av laget. Her var ein ikkje så oppteken av å registrera resultata, men å delta.

Det meste såg ut til å gå knirkefritt og endå eit vellukka Vikeputten-arrangement vart gjennomført.
 

Gledesutbrudd då ballen hamna innafor målstengene  

 

Fotballgruppa inn i ei ny tid

Betal med mobiltelefonen i kiosken
Steinar Skartland 27.4.2016

Minibank er ikkje noko ein har fått til Vikebygd ennå, og å betale med kort er ikkje lett på bygdearrangement ute på landsbygda. Men Idrettslaget har teke i bruk mCASH for lag og forening, som gjer det mulig å betala for kioskvarene med mobiltelefonen, fortel Berit Skartland som er kasserar i idrettslaget.

Med mCASH frå Sparebank 1 kan publikum kjøpa kioskvarer.

Dette gjer kunden:

  1. Lastar ned mCASH-appen
  2. Legg til kort eller bankkonto
  3. Kjøper varer frå mobilmenyen
  4. Hentar og nyter varene.

Ny leiar for fotballgruppa
I år har Rune Hetland oppgåva som koordinator for Vikeputten og det store dugnadsarbeidet som skal til for å få alt til å gå knirkefritt.

Ny leiar for fotballgruppa er Gudvin Hetland

 

Fotballgruppa i Idrettslaget arrangerer ennå ein gong

Laurdag 30. april, på Vikebygd Idrettsplass
Idrettslaget / Steinar Skartland 17.4.2016

-
Vikeputten har også i år fått svært god påmelding.  Det blir i alt ca. 65 lag med og det skal spelast over 90 kampar laurdag 30 april 2016, skriv styret i Fotballgruppa. 

75 lag, 6-700 spelarar, 2000 innom idrettsplassen, for 15. gong.
Når arrangementet går av stabelen for 15. gong så er det også for første gong med kampar innandørs i den nye kunstgrashallen
Etter kvart som alle påmeldingane er på plass kan talet auka til 75 lag.
Vikebygd J12 - 1 og 2- Dei som har vore med før gir uttrykk for at dei er nøgde, og det skal dei bli også i år.  Med spelarar, lagsleiarar, foreldre og publikum vil det vera over 2000 personar innom arrangementet. 

Dette krev god førebuing og gjennomføring og idrettslaget har erfarne folk med på alle delar av arrangementet der innsatsen byggjer på dugnadskrefter i bygda.

Les også om arrangementet som var i fjor.
(Bildet viser eit av laga frå Vikebygd som deltok i 2015)

Det blir spela 5-er fotball for alle frå og med 7 år.  6-åringane spelar 3-er fotball inne i Kjekt i Vik-hallen. Kampane er på 2x12 min / 2x15 min., etter talet på kampar og lag. Alle lag får minst tre kampar og Rogaland Fotballkrets sitt cupreglement blir følgd.
Invitasjonen
 

 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org