Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Jordskjelv 25. juni 2017 

Oppretta 25. juni 2017


Jordskjelv med episenter i Skjold
med styrke 2,7 på Richters skala

av Steinar Skartland 25.6.2017

Jordskjelvstasjonen i Bergen kunne søndag melde om eit jordskjelv klokka 13:55 med episenter under Skjold.  Dei skriv i meldinga si:

"I dag kl 13:55 vart det følt eit jordskjelv i området ved Skjold, mellom Haugesund og Ølen. Jordskjelvet er lokalisert til 59.512N og 5.623Ø med magnitude 2.7. Dersom du har følt jordskjelvet er det fint om du fyller ut spørjeskjemaet under for Skjold, Rogaland på linken under:  LINK"

Om nokon merka jordskjelvet søndag kan bidra med meir informasjon, send gjerne e-post til: tilbakmelding@vikebygd.org 

I flg. Sveiobladet har professor Lars Ottermoller ved Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk stadfesta at det har vore eit jordskjelv som skal ha berørt store delar på Haugalandet og Sunnhordland. Jordskjelvet er målt til 2,7 på Richters skala. Målstasjonen ligg 5 km, frå Skjold. 59,512 og 5,623.

– Smellet skal ha vore så kraftig at vi har fått fleire meldingar om dette, seier Lars Ottermoller i flg. Sveiobladet.

Les også på h-avis.no,     Grannar.no,   Tysvær Bygdablad

Eit svakt jordskjelv.
2,7 på Richters skala er eit heller svakt jordskjelv. Det hender med nokre års mellomrom at denne type jordskjelv vert meldt på våre kantar. M.a. skjedde dette både 23. juli 2015 (2,8 og episenter ved Etne); 20. november 2014 med styrke 2,3-2,5 (NNSN: Jordskjelv i Ølenområdet 20.11.14: Kl 11:55 vart det registrert eit jordskjelv på dei seismiske stasjonane i det norske seismiske nettverket, lokalisert til 59.58N 5.59Ø med magnitude 2.3.); og i mars 2012 med styrke 3,5.

Richters Skala
Richterskalaen er ein skala for å måle styrken på eit jordskjelv, og blei utvikla av Charles Francis Richter og Beno Gutenberg ved Teknologiinstituttet i California i USA i 1935. Skalaen er logaritmisk, slik at eit jordskjelv med ein verdi lik 2 på Richterskalaen er 10 gonger kraftigare enn eit jordskjelv med en verdi lik 1.

Tidlegare store skjelv
Eit av dei største skjelva som råka Vikebygd skjedde 29. januar 1989. Dette hadde episenter under Skånevik med styrke 4,2, og førte til sprekker i fleire grunnmurar. Skjelvet i 2012 hadde episenter ved Bjordal. Det starta 6 km under jordoverflata og vart målt til styrke 3,5. Les meir på NrK om dette.

I flg. BA var eit av dei største jordskjelva på Vestlandet 12. august 2000. Heile Bergen rista då eit jordskjelv som målte 4,6 på Richters skala slo ut i heile Sør-Norge i år 2000.
– Det er trulig det sterkaste følte jordskjelvet i Noreg på ti år, uttalte seismolog Berit Marie Storheim ved Universitetet i Bergen.

Området sør for Hardangerfjorden og utover mot Karmøy er eit relativt aktivt område for jordskjelv.

Episentrum
Et episentrum er det punkt på jordoverflata rett over eller under utgangspunktet for eit jordskjelv eller ei anna hending som påverkar Jorda si overflate.

 

 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
September
Vikestølsmarsjen 3.9.
August
Sildajazz i Skjold kyrkje
Juli
102 Sommarshow frå Plasset
Forskjellig frå juli 2017
30 sone i Plassavegen
Juni
Vikebygd i bilete
Jordskjelv 25.6.
Vikestølsmøtet
Nedoverbakke
Jonsok feiringa 23.6.
Dårleg stell av gravplass
Vossaplasset-vegen
Folketalet og skulen i bygda
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org