Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Vikebygd i juli månad  

Sida er sist endra 20. juli 2017



 
30 - sone i Plassavegen
Steinar Skartland 10.7.2017

Så er endeleg skiltinga på plass og heile Plassavegen, forbi kyrkja, ned til kaien, forbi Plasset og til Naustvikvegen er ei sone med fartsgrense 30 km i timen. Same fartsgrense er også frå før av, langs vegen utover Naustvika.

 


30 km Fartsgrense i Plassavegen
av Steinar Skartland 7.6.2017

I Formannsskapsmøtet onsdag 7. juni kunne samfunnsutviklar Erik Baust orientere om at det nå ikkje er lenge til at skilting med redusert fartsgrense er på plass i Plassavegen.

- Etter at kommunestyret i sist møte vedtok endring i delegeringsreglementet er det bestilt skilt og gjort tiltak for å få på plass den nye fartsgrensa, fortalde han og hadde tru på at dette skulle vera i orden før sommarferien.

Det er allereie tidlegare innført 30 sone i Naustvika, frå der Naustvikvegen når ned til sjøen.


Grendautvalget informerer
Brev frå bebuarane av 28.5.2015Frantz Lea 1.6.2016

Grendautvalget har mottatt e-mail fra Even Bjørnevik, som på vegne av beboerne langs Plassavegen har trukket tilbake sitt forslag datert 25/4-16 vedrørende «omdisponering av Plassavegen», som et alternativ til fartsbegrensning.

Deres forslag om en gang og sykkelvei frafalles, mens en har fokus på trafikksikkerheten i dette område som er kjernen i saken.  Det primære i denne saken er å få en mer trafikksikker veg både for gående og kjørende, og det er vel de fleste i bygda enig i.

De nevnte beboerne har i tidligere brev til kommunen datert 28/5-15, forespurt om trafikksikringstiltak med redusert hastighet, og noen fartsdumper som de fortsatt opprettholder, uten at kommunen har gjort noe med det.

'Grendautvalget vil med denne henvendelse oppfordre bygdafolket til å gi innspill i saken vedrørende trafikksikringstiltak på nevnte strekning, fra krysset Naustvikvegen og til krysset ved nedkjørsel kaiområde/Bryggebakken, til den opprinnelige søknaden datert 28/5 2015 fra beboerne langs Plassavegen (link).

Søknaden inneholder primært:

  • Nedsatt kjørehastighet til 30 km/t
  • Fartsdumper 3 stk
  • Nedsatt akseltrykk pga. broen

Grendautvalget håper det er en felles enighet om at nevnte trafikksikringstiltak vil gjøre det tryggere å ferdes her.

Skulle noen ha kommentarer på dette, bør vi ha de innen 15/6, slik at vi kan gi innspill til kommunen, så de kan behandle denne saken videre.

Vennligst ta kontakt med grendautvalget, e-post: post@vikebygd.no 

Frantz Lea
Leder, Vikebygd grendautvalg

Les meir her


Grendautvalet i Vikebygd - Årsmøte 5. januar 2017
Frantz Lea gir seg som leiar i Grendautvalet
av Steinar Skartland 5.1.2017 / oppdatert 8.1.16

Link til oppdatert info frå Grendautvalet

Det nye Grendautvalet fekk med seg fylgjande handlingsplan for 2017-2019:

  • Vossasvingane - Gang- og sykkelsti til Vikebygd sentrum
  • Vidare arbeid med utbetring av Fv 734 Vikevegen (delutbetringar)
  • Gang- og sykkelsti frå Vossasvingbrua til Dommersnes m/lyktestolpar
  • Oppgradering og skoging rundt Plassaelva (etter avtale med grunneigar)
  • Gang- og sykkelsti m/lyktestolpar frå Bygdahuset til Kvamme
  • Dommarsnes Industriområde
  • Fleire innbyggjarar (barnefamiliar)
  • Reklamere for bygda, og vidare arbeid med nettstaden: www.vikebygd.no

Årsmøtet sendte også med dei fylgjande tilleggssaker:

  • Lys i eksisterande stolpar i Lio 2
  • Breiband i Nordabygda
    Arbeidet med dette kan kanskje også koma på dagsordenen når det er vald inn to medlemmer frå denne delen av bygda.

Les meir frå Grendautvalet sitt årsmøte her

Les oppdatert informasjon frå Grendautvalet her

test

Vikebygd speidarane
Kanotur til Telemarkskanalen 3.-7.juli 2017

Steinar 5.7.2017

(Illustrasjonsfoto frå tidlegare tur)

Speidarane i Vikebygd følgjer opp ein tradisjon. Denne veka er dei på kanotur på Telemarkskanalen. Dei eldste har vore med på dette mange gonger før og vaksenleiarar på turen er Håvard, Johannes, Sunniva og Iselin.

Ut frå bilete på facebook ser det ut til at dei har ein fin tur og det er varsla sol og flott vêr i Telemark denne veka. Klokka 16:10 la Johannes ut bilde av dei ni kanoane opptrekte på ei strand i Lunde i Telemark, med kommentaren: -Velfortjent pause etter to etappar på tilsaman 13km før siste strekket mot overnattingsplassen. Godt jobba med berre 4 vaksne!
Vi ønskjer dei god tur vidare på ein fin dag med sol og lette skyer over telemark.
 
Les info på speidarsida her
Sjå kartutsnitt Del 1, og Del 2.
Oppdatert vêrvarsel frå Telemark

 

GRASROTANDELEN
Ga 63.858 kroner til Vikebygd Idrettslag i 2016

Av Steinar Skartland 1.7.17
 
Dei siste åra har grasrotandelen som gjekk til Vikebygd Idrettslag årleg vore på omlag 40.000 kroner. I fylgje Norsk Tipping utgjorde denne i 2016 eit rekord nivå på heile 63.858 kroner, og 153 vikebuar hadde registrert seg for grasrotandel til idrettslaget.
 
Grasrotandelen blei lansert 1. mars 2009. Den er ei ordning som gjer det mulig for spelarar hos Norsk Tipping å gje 5 prosent av speleinnsatsen direkte til eit lag eller ei forening. Grasrotandelen gjeld for alle spelarane til Norsk Tipping, bortsett frå fysiske Flax-lodd og Belago. For spela Multix og Instaspel er Grasrotandelen 10 % av spelinnsatsen etter frådrag for gevinstar.
 
Det første halvåret i 2017 er beløpet 22.577 kroner frå 154 spelarar. Frå oppstarten av ordninga og fram til i dag har dermed Vikebygd Idrettslag fått heile 343.376 kroner frå vikebuar som spelar hos norsk tipping.
 
 
 
 
 
 

Vikebygd Grendautval oppfordrar
Bli med og bidra i prosjektet:
«Vikebygd i bilde!»

av Stein Andor Sundve 30.6.17

Grendeutvalet i Vikebygd har bestemt å samle inn bilete som kan nyttast til reklame for bygda i ulike samanhengar. Til dette arbeidet treng me alle gode krefter med på laget.

Me ønskjer å bygge opp eit bildearkiv med motiv frå Vikebygd og alle hyggelege aktivitetar som skjer i bygda. Dette kan vere alt frå 17. mai feiring med tog og leker på Bygdahuset, sommar og badeaktivitetar, motiv frå den flotte naturen vi omgir oss med eller bilde frå fisketuren med «den største fisken nokon - nokon sinne hadde sett»...


Bakgrunn
Grendeutvalet har heile tida fokus på aktivitetar som kan bidra til å auka tilflyttinga til Vikebygd. Her er det mange element som har innverknad på den kontinuerlege prosessen for å gjera bygda betre kjent i regionen på ein positiv måte. Grendeutvalet ønskjer derfor å samla inn alle sortar bilde frå Vikebygd som viser kor attraktiv, sosial og hyggeleg denne bygda er.

Bilda er i fyrste omgang tenkt brukt i ein enkel presentasjon om Vikebygd på nett. Presentasjonen skal gjerast tilgjengeleg på Vikebygd.no og andre stader kor det kan vera naturleg.

Presentasjonen skal i tillegg kunne nyttas av næringsliv og andre som ønskjer å presentera bygda «ute i verda».   Me håper på mange bidrag, og gleder oss til framhaldet.
Bilda kan sendast til: post@vikebygd.no
 


Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
Juli
Forskjellig frå juli 2017
30 sone i Plassavegen
Juni
Vikebygd i bilete
Jordskjelv 25.6.
Vikestølsmøtet
Nedoverbakke
Jonsok feiringa 23.6.
Dårleg stell av gravplass
Vossaplasset-vegen
Folketalet og skulen i bygda
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org