Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Sommarshow på Plassabakeriet  

Sida er sist endra 21. juli 2017

Direktesending fra Plassabakeriet
Torsdag 20.juli: 102 sommarshow
av Steinar Skartland 20.7.2017


Då Radio 102 starta sommarshowet, direkte sendt frå Plassabakeriet i Vikebygd, var det fullt hus og eit strålande sommarvêr. Mange familiar, born og ungdom stilte opp.  Dei unge gjestene hadde som mål å sikra seg flaskepost med mulig premie.  Radio 102 reporterane hadde med seg ein full sekk som gjekk på sjøen og borna stupte etter. Nokre klarte å få kloa i både 2 og 3 flasker.  Inni var det eit skriv med loddnummer på og liste over gevinstar dei kunne vinne, om dei var heldige.

Alle med eit slik flaskepostlodd kunne registrera nummeret sitt og bli med i trekninga om ein båt til verdi kr 30.000,-.

Etter dette stuntet var det nok mange av dei unge som rusla heimover. Andre gjekk til teltet for å få seg komle-middag, eller for å stille seg i kø ved bakeriet for å kjøpa nysteikte snurringar. Bjørn hadde fyrt denne natta og, slik at bolledeigane kunne bli klar. Mest var det for å ha desse klar til meisterskapen i bolleeting.  Men mange fekk også kjøpa med seg heim, sjølv om det berre var ein deig denne dagen. Bjørn kunne ynskja velkommen tilbake laurdag, då blir det stor steiking igjen.

Ute var temperaturen 25 grader i lufta. Kor varmt det var inne i bakeriet var ikkje oppgitt, men Bjørn var nok den som sveitta mest der han heldt på med baking og steiking av snurringar.

Margareth kom på direkten i starten av sendinga og fekk dela god reklame for både bygda og Plassabakeriet, der ho var innom både historia til bygningane, og korleis det er å driva sommarskafe i Vikebygd med rikesleg av  hyttefolk og båtturistar i tillegg til bygdefolket. Reporterane Thor Magnar Thorsen og Helge Houeland frå Radio 102 var  interessert i kven det var som var gjester - om det var mest hyttefolk, og kva som skulle til for å bli godt integrert i bygda.  Og rett nok. Feriegjester er nok i fleirtal denne dagen også, men  ein del fastbuande i bygda og nabobygdene la turen til komlemiddag og underhaldning på Plasssabakeriet. Lytt til intervjuet her

Tom Roger og Eirik live.
102 sommarshowet hadde også levande musikk under sendinga. Det stod Tom Roger Aadland for i lag med eldste sonen, Eirik Ørevik Aadland. Saman vart det både eigen komponert "Sommaren uten ende" og Bob Dylon låt på nynorsk (Nett som ei kvinne).
Lytt til musikken her

Ein annan som måtte på lufta var Gunn Vikingstad. Radio 102 hadde merka seg kvinna frå Karmøy som hadde overteke Joker butikken. Gunn meinte sjølv at ho var ein person som lett kunne endra seg og tilpasse seg noko nytt og hadde tru på framtida for landhandelen i bygda. Ikkje minst har ho framleis mange idear og tanker i hovudet som ho ser for seg å utvikle, men butikkdrifta vil ho halda fram med til pensjonsalderen kjem.
Lytt til intervjuet her




Nede i sjøkanten har det vakse opp eit sjøhus, kopi av det som stod her til utpå 50-talet då det gamle vart øydelagd av ein storm som tok den øvste etasjen. Det nye, som er i same stil som det opphavlege skal husa utleige-leiligheit, fortel Bjørn. Kanskje blir det aktuelt også til utleige for kurs og møter. Med soverom på toppen kan det bli flott å vakna opp til utsikt utover Vikevika og fjorden. Opphaldsrom i andre høgda og toalett mm i første høgda. Ute ser det ferdig ut, men inne står mykje arbeid att. Ein god fagmann er hyrt inn for å få kvalitet på byggverket.

Plassabakeriet

Sitat frå Plassabakeriet si Facebook-side onsdag 19.:
-Ein fantastisk sommardag er over - den var alle vel unt - oss og. I morgon (torsdag) er tradisjonen tru Radio 102 sitt sommarshow på Plassabakeriet. Me fyrer opp i bakaromnen og det blir konkurransar og flaskepost. Thor Magnar er klar frå kl. 12:00. Frå kl. 13:00 er komlene klar - med håp om ein ny flott sommardag. Velkommen

Matservering frå kl. 13:00 til 18:00!
Som vanleg serverer vi vår berømte komle torsdagen, og me har også glutenfrie komler.
 
Fredag og laurdag blir det smårettar samt baking av snurringar på laurdagen.
Søndagen serverer vi middag med dessertbuffet. 
29. juli får me igjen The Youth på terassen
5. august stiller Bytunet igjen med sitt Sildajazz reportuar.
Ser ut for å bli ein fin sommar. Håpar at vêrgudane blir med oss i år. Velkommen !

 

 

Endelig sommar i Vikebygd
Klikk for oppdatert varsel frå YR herGodt over 20 grader onsdag 19. juli,
men torsdag 20. er varsla enda betre og temperaturar opp til 25 grader.

Natt til fredag kan det bli regnbyer, men i helga er det venta nytt finvêr.

 
 
(varsel henta frå YR.NO Torsdag 01:00.  Oppdatert times-varsel her.)

 

 
 

Laurdag var bakedag på Plassabakeriet
av Steinar Sk. 10.7.2017


Det var kø ved bakeriet til langt utpå ettermiddagen lørdag 6. Med godt vêr var det stadig nye som kom til for å handla nysteikte snurringar.

Bjørn Vik hadde fyrt i steinomnen frå kvelden før, og hadde ein lang dag i bakeriet. Varm og sveitt var det han som sette deigen i omnen og tok ut dei ferdigsteikte snurringane, som så vart selde før dei rakk å bli kalde.

Kan ikkje klaga på omsetnaden her i eit bakeri av den gamle sorten, der alt er som det var då Plassabakeriet blei bygd av Georg Gautesen i 1842.

Vikevik hadde landhandel og bøkkerverkstad i tillegg til bakeriet, og kundane var i tillegg til å vera lokale folk, fiskarar. Når fiskarane skulle på brislingfiske kjøpte dei med seg ei heil tønne med brød. Dei som arbeidde i bakeriet var bakarmeisteren, ein lærling og ein ekstra hjelpar av og til. Den siste lærlingen på Plassabakeriet heitte Einar Eidsvåg. Han kom roande over fjorden frå Sveio og gjekk i lære dei siste to åra det var drift. Etterpå drog han til Sauda starta eige bakeri der, og fekk nokre søner. Ein av dei heiter Bjørn Eidsvåg og blei den kjende rockepresten.

Etter oppstarten var bakeriet i drift i nøyaktig 100 år, til 1942. Under krigen var det blitt svært vanskeleg å få fatt i mjøl, så til slutt var det kroken på Plassabakeriet si dør. Eitt unntak blei likevel gjort: Då det blei feira bryllaup i Vikevik i 1945. Då fyrte dei opp i den gamle omnen til ære for brudefolk og bryllaupsgjester.

Tidlegare var bakeriet berykta for julebrøda og vasskringlene sine. Å bake vasskringler er ein gamal kunst; kringla blir først kokt i vatn og steikt etterpå. Det driv dei ikkje med i dag, det er ein kunst som erfarne folk driv med til dømes på Gamle Bergen.

Bakeriet blei gjenopna i 1993 på den Europeiske Kulturminnedagen Margaret og Bjørn hadde inga erfaring med baking i steinomn, så det blei mykje prøving og feiling med tilhøyrande svidde brød. I dag er og kundane båtfolk, men kjem meir i skjærgårdsjeep enn fiskeskøyter.

Det å varma opp omnen er hard arbeid, og det tar lang tid før den er varm nok til at ein kan steika brød. Heile natta må det fyrast. Damphevinga er og ein eigen operasjon. Der må det fyrast opp i ein eigen liten omn. Vatnet i kjelen vert til damp og dampen blir ført i eit røyr inn i eit eige heveskap. Denne teknikken gjer at brødet blir heva svært godt, og det får ei nydeleg, sprø skorpe. (Historisk kjelde: Plassabakeriet.no)
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
Juli
102 Sommarshow frå Plasset
Forskjellig frå juli 2017
30 sone i Plassavegen
Juni
Vikebygd i bilete
Jordskjelv 25.6.
Vikestølsmøtet
Nedoverbakke
Jonsok feiringa 23.6.
Dårleg stell av gravplass
Vossaplasset-vegen
Folketalet og skulen i bygda
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org