Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Det skjer i Vikebygd  

Facebook    -   Twitter

Skjold og Vikebygd sokneråd   

Sida er sist endra 30. mars 2017


Klikk her for å lese Skjold og Vikebygd sokneråd
- andre året i fellesskap

av Steinar Skartland
30.3.2017

Det første året Vikebygd og Skjold hadde felles sokneråd, var leiaren Kari Synnøve Velde Haugen frå Skjold. Leiaren vert vald for eitt år om gangen, og for 2017 er det Brit Nelly Ness Tveit frå Vikebygd som har teke over leiarrolla.

På årsmøtet, som vart halde i Vikebygd kyrkje 5. mars la dei fram felles årsmelding for dei to sokna. Den kan du lesa HER, og finna ut meir om denne gode aktiviteten som har vore i sokna.
Soknerådet for Skjold og Vikebygd oppsummerer vegen vidare slik:

"
Soknerådet opplever at samanslåinga mellom dei to sokneråda har vore vellukka. Det er likevel ei utfordringa at det er to ulike kyrkjelydar me representerar og skal utvikle.

Soknerådet vil i det kommande året ha fokus på trusopplæring. Me har eit håp om å skape engasjement og inspirasjon rundt dette. Det er utarbeida ein fyldig og god plan for arbeidet med aldersgruppa 0-18 år som me no treng å få litt "under huden" og føla eigarskap til. Mange av opplegga som er skisserte i planen bygger på frivillighet og at folk i kyrkjelyden stiller opp der dei kan. Likninga om treet og greinene blir veldig aktuell her! Me treng både bollebakarar, musikantar og vaktmeistrar, -og målet er at borna og ungdommane skal få erfare og lære om tru, håp og kjærleik. Det blir herved gitt ei sterk oppfordring til kvar og ein... Dette med trusopplæring MÅ vera eit fellesprosjekt for alle medlemmer i kyrkja, berre slik kan me ha von om å nå dei oppvaksande generasjonane!

 
Last ned årsmeldinga her

 

 
 

Les meir om påska her
Påsken er saman med jula den mest sentrale av dei kristne høgtidene, og vert feira til minne om Jesu Kristi liding, død og oppstode. Forut for påsken vert fastetida markert.

Tida mellom palmesøndag og skjærtorsdag vert kalla den stille veka. Etter påskesøndag kjem påsketida, som varer fram til pinse. Ordet påske er ei forvansking av namnet på den jødiske høgtida pesach. Jødane har feira påske lengre enn dei kristne. Dei feira utvandringa frå fangenskapet i Egypt.  Les om påske og kva påskedagane betyr
 

 
 

Konfirmantane stod for fasteaksjonen
 
Fasteaksjonen 2017 i Vikebygd vart gjennomført tysdag 04.04. Det vart samla inn kr 11 700.

- Tusen takk til konfirmantane som deltok med å gå med bøsser til kvar husstand i bygda. Takk til foreldre som hjelpte med å frakte ungdomane rundt i bygda (bygdene)
- Tusen takk til bygdefolket som tok imot og ga pengar!

Du kan lese om resultata for aksjonen på
http://fasteaksjonen.no/resultater

For Skjold og Vikebygd sokneråd
Brit Nelly Tveit

 

  Statistikk:
Pr. bøsse:
2016: kr 1070,- 12 bøsser
2017: kr 1300,-   9 bøsser

Innsamla total:
2015: kr 12.096,-
2016: kr 12.846,-
2017: kr 11.700,-

Årets beløp sikrar reint vatn til 59 menneske.

Landsoversikt 5.4.17:
kr 18.887.132,-

Pengane som konfirmantane i samlar inn i fasteaksjonen går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.  Dei skriv:

- Vatn gjev liv, til planter, dyr og menneskje. Men vatn kan også ta liv, om det er ureint og forureina. Det er derfor Kirkens Nødhjelp jobbar kvart år, kvar veke og kvar dag for å gjere reint vatn tilgjengelig for fleire.

Du kan støtte Fasteaksjonen ved å
sende SMS GAVE (200,-)
eller vippse valfritt beløp til 2426.
Eller gi via Kirkens Nødhjelp si nettside, her.
 

 


Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
April
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
Årsmelding sokneråd
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Søkjer tekstforfattarar
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

2016
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org