FOTBALLTURNERING
LAURDAG 25 april-09 Les HER
Fotoalbum 2009:
HER
Vikesprinten Sist arrangert 1. mai 2009
ORIENTERINGSLØP FREDAG 1. mai-09 Les HER
Fotoalbum frå
Vikesprinten 2009:
HER
17. mai festen
Flaggheising på Trodlanibba og i parken,
gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen.
Nasjonaldagen 2009 Bilder frå 17.mai 2008.
Vikestølsmøtet Sist arrangert 28.6.2009
Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.
Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, Ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2009 Les heftet om Vikestølen her.
Vikebygd Festivalen sist arrangert: 18. juli 2009
Fest og fiskekonkurranse . Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein
familiemarsj eller utflukt til Vikestølen. Her kjem dei i alle aldrar og
deltakarane får diplom. På stølen er det matsal, konkurransar og utlodning til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen september 2009
Kvamsåsen Rundt sist arrangert:
7. nov. 2009
Fast tradisjon: 1. søndag i nov. Vestlandet sitt hardaste løp i terreng og på veg. 11 km løype, men også løyper for born og familiar: Halvkvamsen og mini-Kvamsen.
Advent i Vikebygd Rolf tende
ljosa på julegrana til full musikk
(4.12.09
Steinar) Mørkret hadde alt lagt seg over bygda då folk tok til å samlast
utanfor Vikebygd Landhandel. Rolf hadde varm gløgg klar og spanderte på alle som
kom. Juletreet var på plass og korpset stilte opp. Det var tid for å tenna
juletreet - men først var det korpset som skulle gle oss med juletonar.
Det vart ein god del korpsmusikk både før
og etter at Rolf hadde ein liten tale og sette i kontakten som ga straum til
ljosa på treet. Vi vonar at det får stå i fred i år og gle alle som kjem
forbi i advent og jul.
Rolf
hadde også ei overrasking til Einar Marius. Som vanleg var han med i korpset med
trombonen sin.
Men
i dag hadde han fylt år og vorte gamald nok til å få sertifikat. Så ein
pakke frå bygda sin kjøpmann måtte overrekkast mellom to av musikkstykka.
- Det er lenge sidan eg har sett så
mange utanfor butikken, kommenterte Rolf, og tenkte på alle dei frammøtte.
Etterpå gjekk dei aller fleste bort til
Gamlatunet for å kjøpa seg risgraut, kaffi og kaker.
- Eg har ikkje tald kor mange som var innom i kveld, sa Jakob Rødde, men
me har levert ut minst 70 porsjonar med graut. -Så eg trur nok
minst 100 har vore innom.
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd. Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon om kva som skjer i Vikebygd. Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller forening så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland. B>.