|
Vikebuen arrangerte
Julemesse med fullt hus
(28.11.09 Steinar:) Då julemessa opna klokka 12:00 var det fullt av forventningsfulle Vikebuar som ville sjå etter julegåver og julepynt. På scenen var musikkorpset klar. Rundt veggene stod bord der 21 utstillarar var klare med brukskunst og heimelaga ting.
Her var loddsal og kafè. Noko for kvar og ein med andre ord. I litlesalen var det sal av graut, kaffi og kaker. Her hadde Liv Alne funne seg eit bord der ho selde lefser. Dei var laga i Skånevik, men fekk snart bein å gå på. Det var kø av folk føre bordet. Dei hadde høyrt om lefsene, og mange kom eins ærend for å sikra seg ein stabel.
Dei hadde forskjellig bakgrunn, dei som stilte opp med sal. Alfred Mitchell frå Bjoa Bær reklamerar med Noregs største
Økologiske bærhage. Dei driv produksjon av bær og saft på Utbjoa. Det mangla ikkje på kundar og Alfred fortalde at han hadde hatt svært godt sal denne dagen.
Det mangla heller ikkje på god underhaldning. Håvard Larsen og Vegard Skartland har stilt
opp mange gonger og er ein flott duett til gitarspel av Lene Liodden. Terje Kleiven hadde med seg ungdomskorpset frå Skjold, men understreka at det var Skjold, Vats og Vikebygd ungdomskorps nå, samansett av flinke ungdomar og musikkantar frå desse tre bygdene. Konferansier for arrangementet var Hanne Jorunn Helgeland som
er styremedlem i kvinnelaget Vikebuen. Ho understrekar at laget ikkje lagar julemesse for å tena pengar til laget, men for å få aktivitet i bygda. Det var gratis for utstillarane å delta, men dei måtte stilla med gevinstar til lotteriet. Og det mangla det ikkje på. Så vart det litt av kvart av handarbeid og heimelaga ting også til dei som kjøpte lodd. Vikebuen fekk sine inntekter frå denne basaren
og frå kafeteriaen. Og desse velsmakande kakene kosta berre 10 kroner stykket. Torfinn Dommersnes stilte opp med ting laga av fjellbjørk. Stavar og
knivskaft, men også kulepennar i bjørk.
- Trestykke som er att etter knivskafta, blir hola ut og inni vert det sett pennehylser i metall, fortalde han.
- Men det er berre ein hobby, heldt han fram.
- Held på med dette i staden for å sitja og sjå på fjernsyn om kvelden.
Og det var han vel ikkje åleine om.
Frå Suldal kom dette koselege nisseparet som Mehus hadde laga. Ho hadde rikeleg utval i nissar og englar, og alle like koselege med blide fjes.
Så var enda ei vellukka julemesse over. Profesjonelt utført og leia. det skaper liv, aktivitet og trivsel i bygda. Rundt i heimar sett kvinner og menn og strikkar, syr, eller lagar kaker og førebur seg gjennom året på julemesse. Andre legg stor innsats i dette og er
profesjonelle i arbeidet med keramikk, nissar, englar, måleri og anna. Men dei færraste har dette som yrke. Her er det hobby og interesse som er i framsetet, og ikkje minst ei personleg glede i det arbeidet dei held på med.
|
Erling Nesse med nøkkelpoesi
under et engletre. |
Gunn Vikingstad
med kakene i boks |
Knivskarp
Knut Eriksen |
Les her om julemesse tidlegare år:
2007; 2008
|