|
Grendautvalet - ope bygdamøte onsdag 11.nov
Bygdamøte samla full sal.
(11.11.09 Steinar S)
Litlesalen vart full då over 80 spente vikebuar kom til Bygdahuset for å høyra
kva leiar av Egersund Byutvikling, Johan Aakre, plastfabrikkant Kjell Erik
Gangstø og ordførar Arne Bergsvåg hadde å seia om framtida til Vikebygd. At
bygda har ressurspersonar sjølve som ein kan spela på, er grendautvalet med
leiar Rune Hetland i spissen, sjølv eit eksempel på.
Johan Åkre fortalde om alt det
spanande dei hadde fått til i julebyen Egersund. - Ein må våga å trø feil,
sa han, og la til: - Dersom suksessen er stor nok så drit i fiaskoane.
- Det er lett å stoppa initiativ, verre å skapa noko nytt. -
Bruk det lokale framfor å leiga inn dyre underhaldarar frå Oslo.
Og nettopp dette fekk møtelyden eit
godt eksempel på då bonden og visesongaren Jone Bjerga fekk sleppa til med
gitaren og sjølvlaga viser. - Ein bonde arbeider ofte åleine, og då får eg mange
tankar som det blir songar av, sa han og imponerte med song og dikting.
Men Vikebygd har mykje å vera stolt
av. Her er mykje dugnad og kreativitet, og bygda har ei positiv utvikling
i folketalet, som nå er på 537. Men det som opplevest som ei hindring både
for busetjing og næringsliv, er vegen frå Vikebygd til Skjold. Ei teljing
av
trafikken synte at 625 køyrety passerte Øvrabø på 24 timar. Både rune
Hetland og Kjell Gangstø synte til at det var mange vegprosjekt med vesentleg
mindre trafikk som hadde fått millionbeløp til vegutbetring. Her er
aukande mengde med tungtransport, både med plast, tømmer og ikkje minst stein og
grus frå knuseverket på Skartland. Det vert jobba godt inn mot fylket for
å få høgare prioritet her, noko ordføraren kunne stadfesta. Han sit og i
fylkestinget der budsjetta for 2010 nå er under arbeid.
Ordføraren ga ei god oppsummering av
kva som vert arbeida med, men hadde få lovnadar.
- Vi ventar nå på at
tomtedelingsplanen skal verta ferdig. Dette vil utløysa 15-20 nye
bustadtomter i Vikebygd, sa Bergsvåg. Han ville bruka midlar av
næringsfondet til å rydde og profilere industriområdet.
- Nå er det
viktig å få reguleringsplan klar for vegen forbi Trovåg. Denne tek lett 1-2 år,
men må vera klar før tunnelbygginga i Skjold. Då kan overskottsmassar
nyttast til fylling for vegen forbi Trovåg mot Skjold.
Optimisme er trass alt noko som
pregar Vikebuen. - La oss laga stolar som kan setjast ut på utkikkplassar og
der det er noko å visa fram, sa Solveig Hortmann, som fekk fylgje av Gunn
Vikingstad som meinte skuleborna
måtte inviterast
til å vera med og laga desse.
Johan Åkre hadde med ei spesial laga T-skjorte som han ville gje til ein i Bygda
som fortente denne ekstra godt. Valet fall på "Gunn med den raude stripa",
som han sa det. Soknerådsleiar Brit Nelly Tveit måtte og på banen for å
minna om dei store utfordringane som det er med vedlikehaldet av kyrkja som skal
jubilera i 2012.
Rune Hetland avslutta med å be
grendeutval og lokalpolitikarar om å reisa
seg. - Ta kontakt med desse om saker du er oppteken av, oppfordra han bygdefolket til.
Grendautvalet har han gjort ein god jobb med å få til dette møtet. At dei
fortener ros for innsatsen, syner det gode frammøtet.
Invitasjonen
|