Konsert med Tom Roger Aadland
27.10.09 - Ølen Bibliotek
Billettar: Kr. 100,-.
Førehandssal: Biblioteket og Servicetorget
Pressemelding
Tom Roger Aadland med ny CD vikebygd091017.htm
Med blod på spora
(14.10.09 ) "-Den hittil ukjente vestlendingen Tom Roger Aadland kaster seg ut i det, blant annet med støtte av folk fra bandet The Low Frequency In Stereo. Og Aadland lander støtt," skriv aftenposten på websida Oslopuls.
Aadland haustar ros frå mange hald for sitt modige prosjekt: Å tolka, oversetja og gjendikta Bob Dylan sitt store "skilsmissealbum" Blood on the tracks, frå 1975. Plata er klar, og ein kan vel rekna med at tonane hans kjem til å strøyma ut frå CD spelarar også i Vikebygd i tida frametter.
Men Tom Roger er ikkje "den ukjende vestlendingen" lengre. Gjennom mange konsertar og tidlegare innspelingar, har han vorte kjend i vide krinsar. På turnear i Irland, England og Sør-Afrika har han opparbeida seg rykte som ein glimrande låtskrivar, uttryksfull songar og ein dyktig gitarist. Debutalbumet: Obviously Embraced i fjor vart også godt motteke. Vi får
nok høyra meir til han i åra frametter.
Blod på spora - konsert 27. oktober 2009
Vindafjord bibliotek ønskjer alle Bob-Dyland-fans og alle andre
musikkelskande velkommen til ein spennande konsert med vikebuen: Tom Roger Aadland.
Songar, gitarist og låtskrivar Tom Roger Aadland har ei djup interesse for Bob Dyland sine sonar. Han har arbeidd med dei nynorske gjendiktingane av songane frå Dylan sitt legendariske album Blood On The Tracks gjennom fleire år, og no er han klar til å presentera dei her i
Vindafjord kommune.
Blod på spora kom ut på CD i desse dagar og Tom Roger framfører songane frå plata akustisk på konserten på Vindafjord bibliotek, tysdag 27. oktober kl 19.00.
Nynorsk er eit poetisk og songbart språk med ein sterk lyrisk tradisjon. I arbeidet med å gjendikta songane, har Tom Roger Aadland lagt
vekt på å halde seg nær originalen når det gjeld val av ord, fraser og tydingar, samstundes har han vore opptatt av at dei norske versjonane skal kunne stå på eigne bein både på plate og konsert.
Tom Roger Aadland gav i 2007 ut det kritikarroste albumet Obviously Embraced. Han har turnert i Sør-Afrika, Irland, Storbritannia og Noreg med sin musikk. Hausten 2008
gjennomførte han den unike turneen 'Pictures In Rock' i samarbeid med den legendariske irske rockefotografen Fin Costello. Han har også arbeidd som gitarist, arrangør og låtskrivar for m.a. Grethe Svensen og Jan Ingvar Toft. Blod på spora er han andre soloalbum.
Vi ønskjer alle velkommen til:
Konsert med Tom Roger Aadland 27.10.09
på Ølen Bibliotek.
Les pressemeldinga her.