|
Ope møte i Grendautvalet
Ynskjer sentrumsnære tomter og turisme
(31.8.2009) 18 Vikebuar møtte for å gi innspel til Grendautvalet sitt høyringssvar på kommuneplanen. Mellom ideane som vart lufta var auka satsing på turisme. Hotell, pensjonat eller hytteutleige med overnattingsplass til 20 peronar må til for å leggja kurs til Vikebygd. Oppstillingsplass for bubilar er eit aukande behov. Det må kombinerast med sanitæranlegg og liggja så sentrumsnært at turistane vil nytta
butikken, serveringsstaden Plassabakeriet og andre lokale tenester. Bustadfelt må også liggja sentrumsnært for å styrkja bygda. Kort veg til barnehage, skule og butikk er viktig for mange unge som vil etablera seg.
- Det er betre å pendla til jobb i Hauugesund med frådrag for reiseutgiftene, enn å pendla til hytte i Vikebygd utan frådrag, kommenterte Rune Hetland, som leia møtet på ein ryddig og god måte. Arne Tveit peika på at vi heile tida snakkar om einebustader. Kvifor ikkje
tenkja leilegheiter? Det kan vera eit mellomsteg for folk som tenkjer på å flytta til bygda, inntil dei byggjer hus sjølve.
Men vegen mellom Skjold og Vikebygd er eit hinder både for etablering av næringsliv med arbeidsplassar i bygda, og for å få folk til å slå seg ned. Det største
problemet for busetjinga er likevel mangel på tomter. Det ser ut til å gå lysare tider i møte med framlegg til Lio III og husklynger, t.d. på Tindeland. Kva skal skje med den gamle kaien? Han er forfallen og må rustast opp. Her kunne ein også få fleire båtplassar ved å leggja ut flytebrygger. Folk treng båtplassar i bygda. Men høvet til å
kunna leggja til med større båtar er det og trong for. I dag er det risiko for at kaien kan verta skada når store lastebilar kjører ut på han for å sjøsetja båtar. Grendautvalet vil ta initiativ til eit møte med dei som alt driv med turisme i bygda og lufta tanken på å få til meir turistretta næring, overnatting mm. Det er godt å merka at det er optimisme og
tru på framtida. Ein treng berre å finna dei som vil investera i ideane. Finnes dei?? Og det må vera vilje og initiativ hjå eigarane av areala til å få til noko nytt saman med investorer (Steinar)
Arealplanen kan du lesa eller lasta ned HER.
Direkte nedlasting, 21 MB: HER
Kommuneplanen sin "Arealdel" tyder kva ein skal bandleggja dei ulike område i bygda til. Kor skal det vera bustadfelt, hytter, naust, landbruk eller industri.
|