|
Trovåg
Malasetvatnet får ny demning
(11.8.2009)
På nordsida av hovudvegen ved krysset til Trovåg, står ei gammal
demning. Murt opp av gråstein for å sikra vatnet til den tidlegare mølla
i Trovåg. Nå er det fiskeoppdrettet, Trovåg Laks, som nyt godt av
vatnet her. Men muren er gammal og ein har lenge frykta at vatnet skulle
bryta den sund når det var mykje nedbør og høg vasstand som går over
stemmen. Ei gravemaskin har grove seg 6-7 meter ned, langt under
den tidlegare muren. Her skal det koma ei ny demning i betong.
Mens arbeidet pågår er det laga ein provisorisk stemm nærare vegen, slik
at ein kan arbeide på tørt land.
Trovåg Mølle
Det var i 1880 at Johan Knutsen fekk
bygd den første mølla i Trovåg. Overvasshjulet i Trovågelva dreiv
då fem kverner. Johan Møllo, som han vart kalla, budde i ungdommen
i Haraldseidvågen der faren var handelsmann og Johan krambugut.
Attende etter 9 år i Amerika, tok
han
til med mølle her i Trovåg. Johan fekk ordna det slik at dampbåten
la ruta si innom Trovågen i 1882 då han og tok til med postopneri og han
søkte om å få byggja veg opp til hovudvegen mellom Skjold og Vikebygd.
Denne var bygd som bygdeveg. Den gamle mølla brann ned i 1943. To år
etter stod ny mølle klar. Den var i drift heilt fram til 1980.
Nå vert det arbeida med å gjera Trovåg Mølle
om til turistanlegg med herberge, kurslokale, hytter og bevertning.
Møllesteinane får kvila og det er lenge sidan dampbåten var innom her.
Men i Trovågen vil der vera mykje aktivitet og i framtida, både med fisk
og turisme. Og ikkje minst eit spennande historisk sus.
(Kjelder: Vikebygd sogeblad og Vindafjord kommune.)
(Steinar S)
|