Naturskader i uværet
Vegen til Vikestølen teken av flaum
(4.8.2009)
Store nedbørsmengder på kort tid den siste veka i juli fekk fleire elvar til å gå langt over breddene. der grøftene ikkje tok unna vassmengdene vart det skader på grusvegar fleire stader.
Vikeelva ned frå Longavatnet braut seg inn på vegen ved brua der stigen går til Måronsbotnane. Elva fann seg nytt løp nedover traktorvegen. Grus, pukk og stein på størrelse med hodekål vart teken av flaumen og vaska ut i
terrenget.
Brua lengre ned fekk vesentlege skader og må leggjast opp på ny.
-Nå ventar med på lensmannen som skal taksera skadane, fortel Jakob Rødde, som vonar at naturskade-fondet kan dekka kostnadane med å utbetra vegn og bruene etter flaumen. -Feiensbrekka som er den bratte bakken opp frå enden av Longavatnet, skal og ha fått store skader. Likevel reknar Jakob med at ei stor gravemaskin skal få ordna vegen nokså raskt, men det må nok kjøyrast på
ein god del masse for å erstatta det flaumen har teke med seg.
Lokal nedbør.
Men nedbørsmengdene har ikkje vore like i heile distriktet. Det regna godt då underteikna reiste utover til haugesund fredag 24. juli. Men frå Grinde og utover var det tørre vegar og i haugesund skein sola flott heile dagen. Då vi kom innover att om kvelden møtte vi regnet ved Skjold. I Vikefjella såg vi fossar og elvar som vi ikkje hadde sett før, og
Vikeelva gjekk mest over vegen.
Måndag 3.august var veret så flott her i bygda at eg tok meg ein tur til Trodlafjellet om kvelden. Ein fin tur i solskinn var det. Men neste dag fekk eg høyra at i Tysvær hadde det vore kraftige regnbyger om kvelden. Vêret kan vi diskutere både lenge og vel - men at det har vore store lokale skildnadar, det er tydeleg.
(Steinar S)