Fjellstemne
VIKESTØLSMØTET Søndag 28. juni
(28.6.09)
Han må kallast veteran på Vikestølen, Magnus Sørhus. Med sine 96 år stod han rakrygga og tala varmt om Vikestølsmøta og minna om dei som han i tidlegare år hadde møtt her. Og ikkje minst om korleis dei hadde vitna om Jesus i song og tale.
Det var svært varmt i år. Likevel hadde 35 funne vegen opp skogsvegane, dei fleste til fots frå Eikås på Bjoa. Nokre eldre fekk bruka bil opp. Hovudtalar på møtet var John Birger
Wold, men elles deltok også Jørgen Landa og Steinar Skartland som sit i styret vor Vikestølsmøtene.
Det første møtet på stølen var i år 1900. Etter den tid har det vore årlege møte her, i månadsskiftet juni-juli. Ein tradisjon som eit styre med ein frå kvar av dei fem kyrkjesokna: Vikebygd,
Bjoa, Ølen Vats og Skjold, held oppe. I år valde møtelyden ny representant frå Skjold. Endre Stople tek over stafettpinnen etter Knut Østrem som har sete i styret i ei årrekke, ei tid også som leiar.
Jørgen landa frå Vats hadde dikta ein song til møtet i år. Songen var laga med iutgangspunkt i kyrkjeteksten for dagen. Denne vart sungen som allsong der Jørgen sjølv var forsangar og Steinar Skartland spela til.
Men her var også fleire andre veteranar som har delteke på stølen gjennom mange år. Nokre av dei gjekk til fots og sytte ikkje med å gå bakkane opp frå Vikebygd, andre måte få skyss. Etter
tradisjonen skulle møta vore oppe ved flaggstonga og minneplata. Men då ikkje alle har føter som kan bera dei oppover lyngen så valde ein i år å ha møtet nede ved hytta. Ein plass som også har vore nytta til gudstenester i påsken i fleire år. Mellom dei to møta var det pause med matøkt. då kom nisteboksar, saft og kaffi på bordet. Kjekt var det også at ein del familiar med born deltok. Derfor måtte
møtelyden også syngja nokre barnesongar. Eller skal vi seia songar som passar for alle aldrar?
|