St. Hans feiring
Bryggjebakken i sol og bålvarme
(23.6.09)
Tirsdagkvelden inviterte "Vikebuen" til St.Hans feiring. Familiane
strøymde til då grillane vart tende opp i seks tida om kvelden. Kanskje så mange
som 200 var
innom Bryggjebakken og fekk kjenna varmen både av kveldssola og den tørre
pallestabelen som vart tend på klokka åtte.

På
den vestvendte Bryggjebakken benka folk seg i kveldssola. Pølser, karbonader og kjøtt fann sin plass på dei store grillane. Nokre av borna
prøvde ut vollyball banen mens andre prøvde fiskelukka.
På trappa til båtlaget sitt hus var det rigga til
med sal av kaffi, brus og kaker.
Tradisjonen tru så var det gigantstykke av kaker til berre 10 kroner. Per Schnabel hadde si fulle hyre med å kjøra i skytteltrafikk med kaffikanner mellom
kjøkkenet heime og kaien. Kaffitørste vikebuar tømde kannene så fort at
det vart ventelister.
Nede
i sjøkanten leika borna. Om det ennå er kjølig i sjøen så stansar ikkje
det ungane som stortrivdes med å vassa langs stranda og fanga krabbar.
Når så bålet i båthamna minka ned i ni-tida og
sola dukka ned bak Alnaåsen, stilna vestavinden av. Då vart fleire bål tende langs
strendene i Vikebygd. Folk kosa seg i lag med naboar og vener i varmen frå
elden. St. Hans feiring er ein tradisjon som vert halden i hevd i
Vikebygd. Einaste saknet var kanskje tonar frå eit trekkspel?
|