Vikebuen og FAU arrangerte
Loppemarked med auksjon på gamleskulen
(20.6.09)
Gamle skulesaker, pultar og
kart over Paulus sine misjonsreiser fekk nye eigarar når FAU baud dei fram for sal. Saman med laget Vikebuen hadde dei samla massevis av gamle og brukte ting i det nedlagde skulebygget. Som vanleg strøymer fastbuande og hyttefolket saman når noko slikt skjer i Vikebygd.
Mange hadde gjort som det stod i invitasjonen og komme til skulen med det dei ville bli kvitt. Her var møblar, koppar, fat, klede og ting. Dei ivrigaste kom på plass alt før opningstida for å sikra seg dei mest verdifulle loppene. Helge Veastad strålte
som ei sol då han fekk sikra seg ei stor samling gamle LP-plater. Så neste gong vi tek turen oppom Alna får vi lytta etter gamle tonar. Ein gamald telefon frå tida før kommunikasjonen vart automatisert fekk og ny eigar. Sjølv om her var mykje på borda, så vart omtrent 2/3 av alt seld ut. Ein og annan sikra seg skulebøker frå den tida dei gjekk på skulen. Dei heldigaste kunne dokumentera at
"-denne
boka har eg brukt."
Framme i skulebøkene hadde elevane i tur og orden skreve namnet sitt då dei overtok boka.
Klokka to var det tillyst auksjon. Rektor ved skulen i Vikebygd, Anne Marte Tveit, var auksjonarius, noko ho hadde gode evner for. Folk hadde samla seg
ved bord og benker utanfor gamleskulen. Kister, hyller, vaskemaskin og komfyr vart bydd fram. Når folk først kom i siget med buda, så gjekk det slag i slag. Ein og annan fekk kanskje noko han ikkje hadde tenkt å kjøpa, men slik er det på auksjon. Liv Alne sikra seg ei flott gamald tøyrulle, så nå skal det bli skikk på lindukane på Alna. Men det var og dei som meinte at den konstruksjonen var
veleigna til å laga båtopptrekk av. Men for dei som har sans for slike klenodier så er affeksjonsverdien høgare enn bruksverdien.
Inntektene vart delt mellom Vikebuen og FAU, og kjem nok bygda tilgode på ulikt vis. Men uansett så var dette eit folkearrangement boren fram
av ihuga dugnadsfolk. Her var det berre skryt og godord å høyra. I Vikebygd har det gjennom åra vakse opp ein dugnadsiver som stadig gjev nye og gode tiltak til beste for alle. Og på toppen av det heile - bygda fekk eit nytt høve til å koma saman og gle seg i lag med naboar og vener. det sosiale betyr mykje. Så i denne laurdagen fekk forhaustarane stå i ro, det var betre
å ta ein kopp kaffi og
eit kakestykke i lag ute på skuleplassen etter å ha saumfart loppediskane etter eit klenodium som ga minner fra tidlegare epokar i livet.
(Steinar S)
Les meir om skulen i Vikebygd HER
|